Sefrusteinen
I skogen på Løkja i Eid kommune ligg det ein stor stein. Til denne steinen er det knytt ei segn. Denne fortel om kvinna Sefru som fekk eit tungt liv, men vart trøysta av fristaden sin Sefrusteinen.
Plassering i kart
Segna
Segna fortel om ei kvinne som vart fødd på garden Tippen på byrjinga av 1700-talet. Då ho vart døypt fekk ho namnet Sefru. Etter kvart som ho vart eldre fekk ho teneste på skrivargarden Leikvin på Løkja. Sefru blei gravid før ho vart gift og ho vart difor jaga frå skrivargarden.
I skogen ikkje langt frå skrivargarden var ein stor stein. Ved denne opplevde Sefru nokre av sine lukkelegaste stunder. Då ho skulle gifte seg vart ho pynta til brud nett ved denne steinen. Saman med mannen, Ola Danielsen Bjørkedal Løkja, bygsla ho eit småbruk.
Diverre døydde mannen etter få år og Sefru vart nøydd å flytte attende til Tippen. Ho lengta attende til Løkja og oppsøkte stadig steinen i skogen. Den dag i dag heiter denne spesielle steinen Sefrusteinen. Sefru greidde ikkje å leve på Tippen i lengda og kom på legd. Ho døde 66 år gamal og vart gravlagd på kyrkjegarden på Nordfjordeid.
Segna er nedskriven av Olav Haugen.
Sefrusteinen i lokalmiljøet
Segna er lite kjend for folk utanfor Nordfjordeid, men Olav Haugen har gjort denne segna godt kjend i lokalmiljøet.
I dag er Sefrusteinen eit turmål for mange skuleklasser og folk som bur i nærmiljøet. Steinen er merkt med ei tavle som fortel segna for alle som går forbi. Stien som går gjennom skogen er godt merka slik at det er lett å finne fram til denne spesielle steinen.
Sefrusteinen av Ragnhild Husevåg er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.