Sidemeny+

Reis eller dø

Posted on 9. mai 2009 by in Historie

Som eit resultat av napoleonskrigane, hamna Danmark/Noreg i krig med England. Blokaden som fylgde, skapte matmangel i Noreg. Borkebrød var ikkje uvanleg. Arbeidsløyse vart eit problem utover i hundreåret. For mange vart dette eit val mellom flytting og hunger.

Plassering i kart

Den historiske bakgrunnen

 

Den første halvdelen av 1800-talet hadde vore uroleg. Revolusjonar og opprør prega det europeiske kontinentet. For Danmark/Noreg vart dette spesielt aktuelt under krigen mot England. Etter at situasjonen roa seg ned, og Noreg hadde vort underlagt svensk kontroll, vart situasjonen betre. Betringa i mattilgang og helsestell, resulterte i høgare forventa levealder. I klartekst betyr dette at dødstala går ned. Fødselstala gjekk ikkje ned, og då vart vekst i folketalet resultatet. For vestlendingen var vekst i folketalet ikkje berre positivt. Tidlegare hadde det vore vanleg å dele opp garsbruk dersom ein hadde fleire søner. Konsekvensen av dette var at garsbruka vart små. Dei nådde eit punkt der det ikkje var mogleg å dele opp meir. Dette pressa unge menn utan odelsrett ut. Byane kunne til ein viss grad ta unna folkeoverskotet frå bygdene, men også der nådde det eit metningspunkt.

 

Tid for å gjera eit val

 

Utan moglegheit til å skaffe seg utkome på heimstaden, og i heilmlandet, vart USA ein naudutgang. I alle fall i starten. (Dette vert kalla «Puchfaktor») Dersom ein går inn i Quebeclistene, vil ein sjå at det var eit fleirtal av unge menn som reiste over. Det var fleire grunnar til dette. Det hende at familiar som ikkje kunne betale for billetten, sende ein vaksen son over for å tene pengar slik at resten av familien kunne koma etter. Ein anna grunn for at folk reiste frå Noreg, var relegiøs og politisk undertrykking. Kvekarar og haugianarar er døme på dette. Eit fylgje med kvekarar som reiste saman med Klein Pedersen Hesthammer (Cleng Peerson) med «Restauration» frå Stavanger i 1825. Den lange båtreisa, (2-3 mnd) kunne vera ein hard prøvelse. Dei som dreiv med transport ynskte å ta med så mange som mogleg. Ein skipskaptein ser tilbake på ein tur:

 

«Indredningen ombord var meget primitiv og mangelfuld. Paa mellemdæksbjelkerne («Tyskendæk») blev lagt et plankedæk med luger ned til rummet, hvor al bagagen var nedstuet ovenpaa lasten. Af simple bord blev opsat to rader af køier over hverandre i hele skibets længde fra for til agter. Imellem disse aabne køier var der ofte midtskibs opsat særskilte køier, reserverede for emigranter, som stilled større fordringer. Alt det øvrige var fælles – ingen særskilte rum for mænd og kvinder. Lyset kom gjennem de aabne luger og delvis gjennem glas, nedlagt i dækket.»  «For overfarten betalte hver emigrant 25 speciedaler, men maatte holde sig selv med sengklæder og kost underveis. Hovedsagelig bestod kosten af røget og saltet kjød, fladbrød og sur melk i fustager.» (Cock-Jensen, H.) «Emigrantfart for 50-60 aar siden.»

 

Tilbakemelding til dei som vart att

 

Etter kvart sende dei første utvandrarane brev heim for å fortelje kor bra alt var. Formålet med desse breva var å halde kontakt med slekt og vener, og å lokke andre til å fylgje etter. Desse breva inneheldt ofte beskrivelsar om kor bra det gjekk med dei som hadde reist. Om store fine gardar, eller om kor godt det var å vera likeverdig med dei andre i samfunnet. Først når desse breva kom, kan ein snakka om ein vesentleg «pull-faktor». Desse breva skapte ein større straum av utvandringar. Folk som kom frå dei same stadene, Slo seg gjerne ned på dei same stadene. Seinare heldt dei gjerne kontakt gjennom ulike lag og organisasjonar. Døme på dette er «Vosselaget»

I denne artikkelen har eg stort sett berre sett på kva som pressa folk ut, (Push-faktorar). Grunnen til det er at dette er starten på utvandringa, og det ligg soleis ikkje føre noko stor mengd med amerikabrev som lokkar folk til å fylgje etter. Det er difor den første perioden, fram til omlag 1840 som er viktigaste for meg.

CC BY-NC 4.0 Reis eller dø av Atle Vaksdal er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Atle Vaksdal,2009
Kjelder: Norsk historie 1800-1870 (Tore Pryser) Samlaget 1990 Makt og menneske Historie 8 (Bjørn Ingvaldsen og Ingunn Kristensen) Damm forlag 2008 Utvandringa frå Voss til Amerika. Eit studium av dei første som reiste åra 1836-45 (Bjørg Mundal)