På sykkelhjul i spora etter rallarane

Første del av turen gjekk i ei fin dalside kledd i haustfargar.
Det var ein spent gjeng frå Tangen skule som tysdag 16.09 hadde teke turen opp på Sletterust i Årdalsfjella for å starte på lokalhistorieprosjektet vårt. Med oss i tilhengar hadde me syklar som skulle frakte oss dei 11kilometrane ut langs anleggsvegen frå 1920, ein veg som vart nytta i samband med tunellarbeida inne i fjellet.
Plassering i kart
< ?xml:namespace prefix = o ns = "urn:schemas-microsoft-com:office:office" />
Me vart møtt av Svein Edvin Tufte frå Hydro Energi som skulle vera guiden vår utover fjellet, og etter ei kort orientering ved inntaksdammen på Torolmen, var det tid for å trø i veg langs same ruta som vatnet har følgt mot kraftstasjonen i Øvre Årdal i ca.60 år.
Tunnelbygging
Langs vegen utover mot 1000-meteren, der vatnet stuper ned i røyra mot kraftstasjonen, er det 24 tverrslag som går inn til hovudtunnelen. Inn i ein av desse sidetunnelane tok Svein Edvin oss med, og medan me stod der fekk me høyra om korleis arbeidarar bora hol til dynamitten med handemakt. Etter sprenginga måtte dei så dra ut steinen og tippe han i store steinfyllingar utanfor tverrslaga. Det er utruleg at fleire mil med tunnel har vorte bygd på denne måten. Nokre av elevane kunne fortelje at dei hadde ein bestefar eller ein oldefar som hadde vore med på anlegget. Alt av utstyr, sprengstoff og mat måtte fraktast med hest eller på ryggen til menneske, og arbeidarane budde i brakker oppe i fjellet heile veka.
Ventilhuset
Etter denne stoppen bar det vidare ut til 1000-meteren der me på ny gjekk inn i fjellet for å sjå på det som vert kalla ventilhuset. Her inne starta vatnet på ein 1800m lang tur ned gjennom fjellet. Vatnet var no kome inn i tre kjemperøyr som me kunne sjå forsvinne nedover i tunellen. Attmed røyra gjekk det ei trallebane og ei trapp. Trappa må vera ei av verdas lengste, i alle fall visste ikkje Svein Edvin om noko som er lenger enn1800m, og som har ei stigning på 1000m. Etter ei matpause var det så tid for retur til Sletterust, lasting av syklar og tur vidare ned att på Årdalstangen etter ein dag full av opplevingar og trim.
Gamle Tyin kraftstasjon
Fredag var det så tid til å sjå nærare på kva som venta vatnet etter att det hadde teke turen gjennom røyrene ned frå 1000meteren. Me køyrde opp til Hydro Aluminium sitt område i Øvre Årdal der me stoppa i porten og vart ikledde gule frakkar og fekk hjelm på hovudet. Det er svært strengt med omsyn til sikkerheit inne på området, og me blei køyrt gjennom heile industriområdet før me kom til inngangen til Gamle Tyin, kraftstasjonen me skulle besøke. Omvisaren vår var Odd Jarle Jørgensen, og han kunne fortelje at då tyskarane okkuperte Norge i 1940, var mykje av anlegga i fjellet ferdige, men sjølve kraftstasjonen var ikkje påbegynt . Tyskarane visste om anlegga i Årdal, og etter å ha sett på situasjonen, bestemte dei at kraftstasjonen skulle byggjast, og krafta skulle brukast til aluminiumsproduksjon i Årdal.
Krigsfangar
Til dette trengde dei mykje arbeidskraft, og russiske og franske krigsfangar og tvangs- utskrivne arbeidarar vart sende til Årdal. På det meste var det nærare 5000 menneske som arbeidde i bygda og mellom dei var det også nordmenn som fekk seg arbeid. Då krigen var slutt,stod heilekraftanlegget ferdig, og me fekk gå langt inn i fjellet der me kom til kjempehallen som i 1945 romma ein av verdas største kraftstasjonar. Nokre av maskinane var frå krigen medan andre var noko yngre. Odd Jarle fortalde og forklara oss om turbiner og generatorar, og han fortalde også om kjemperøyra med 12m lengde og ein diameter på over 1m som vart frakta frå Tyskland, dregne inn i stasjonen og klinka i saman opp den 1800m lange røyrgata. Noko av dette arbeidet hadde me allereie sett i nokre gamle tyske filmopptak som me hadde studert under forarbeidet til besøket.
Lærerikt
I det heile har det vore mykje nytt å læra på desse to besøka, og klassen ser fram til å arbeide vidare med stoffet og etter kvart også å sjå på sjølve industribygginga og tida etter krigen i bygda vår.
-
Første del av turen gjekk i ei fin dalside kledd i haustfargar. Foto: Øyvind Heggheimcbn
-
Inngangen til eitt av tverrslaga Foto: Kari Lysnecbn
-
Inngangen til eitt av tverrslaga Foto: Øyvind Heggheimcbn
-
Her startar røyrgata ned mot kraftstasjonen. Foto: Øyvind Heggheimcbn
-
Inne i Gamle Tyin kraftstasjon Foto: Kari Lysnecbn
På sykkelhjul i spora etter rallarane av Jan Grønsberg er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.