Sidemeny+

På skattejakt i eigen kommune

Posted on 26. mai 2009 by in Pedagogikk

Foto: Jannicke Gjervikcbn

Bilete viser statuen av Ingolf Arnarson i Rivedal, og ein bautastein i Kleppeneset til minne om Leif Rodmarson. Dei står nokre hundre meter i frå kvarandre. Begge ser utover Dalsfjorden.

Rivedal er området der Ingolf Arnarson og Leiv Rodmarson vaks opp. Dei er kjende personar frå vikingtida, og ein viktig del av kulturhistoria til «Holmedalsbygda«. Ingolf står staut og vakker på sokkel i Rivedal, og Leiv har sin bautastein i fjæra i Kleppeneset. Denne artikkelen skal gje deg historia frå både Ingolf og Leiv, samt ei skildring av eit skodespel 1000 år tilbake i tid. Det er berre å følgje med vidare.

Plassering i kart

Soga om Ingolf Arnarson
I tida omkring år 850 budde det i Dalsfjorden ein mann som med tida vart svært kjend. Det var Ingolf Arnarson, som vart lyst fredlaus, etter at han og Leiv Rodmarson drap to av sønene til Atle jarl frå Osen i Gaular. Dei førebudde seg på Islandsferd, til landet som Ravna-Floke hadde funne tidlegare og gjeve namn til. Ingolf og Leiv reiste om lag år 870 for å undersøkje landet. Ingolf skulle bli den første landnåmsmannen, første faste busetjaren, på Island. Les meir.

Soga om Leif Rodmarson
Kvar einaste mann og kvinne i heile Dalsfjorden kjenner soga om Ingolf Arnarson, mannen som staut og vakker står på sokkelen sin i Rivedal og ser lengtande mot Island. Men fosterbroren, som kanskje er den eigentlege grunnen til at Ingolf fann lukka si og landet sitt i vest og far all tid fekk namnet sitt knytta til Island og busetjinga der, har ingen brydd seg så mykje med. Holmedalsbygdingane, Birgit Nøst Ingvaldsen og Henny Vågane, har laga ei historie om denne mannen og lagnaden hans. Historia om Leif er langt meir dramatisk enn Ingolf si lukkelege reise frå mordardom og hemntruslar. Du kan lese heile denne historia ved å trykkje her.

«1000 år er gått, men menneska er dei same»
I tilknyting til historia i førre avsnitt har dei same personane laga eit skodespel som skal formidle korleis det var å leve ved Dalsfjorden for over 1000 år sidan. Skodespelet er blitt brukt i aktivitetsopplegg for barn og ungdom. Ingvaldsen og Vågane har laga ein logg til skodespelet, slik dei brukte den til ein familiedag i Holmedal. Du kan sjå heile loggen ved å trykkje her.

Kunnskapsløftet
Historie frå vikingtida, historie frå lokalmiljøet og skodespel vert omtala i kunnskapsløftet. I faget norsk seier blant anna kunnskapsløftet for norsk 5. – 7. årstrinn at «elevane skal kunne opptre i rollespel«. I faget samfunnsfag seier dei blant anna under historie for 1. – 4. årstrinn at «elevane skal kunne kjenne att historiske spor i sitt eige lokalmiljø og undersøkje lokale samlingar og minnesmerke«.

CC BY-NC 4.0 På skattejakt i eigen kommune av Jannicke Gjervik er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Jannicke Gjervik, 2009
Klassetrinn: Lærar
Kjelder: http://www.stud.hiof.no/studentarbeid/06halm/ikt-praksisprosjekt/11/ny_side_3-filer/image002.jpg http://fuv.hivolda.no/prosjekt/steinma/ http://www.regjeringen.no/nb/dep/kd/tema/grunnopplaring/kunnskapsloeftet.html?id=1411 Særoppgåve av Joveig Karin Rivedal Gjerland.B, Losnegård.G & Sigurdsson.J. (2005). Ingólfr. Norsk-islandsk hopehav 870-1536. Førde: Selja Forlag. http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_sogn_og_fjordane/fylkesleksikon/1121013.html Birgith Nøst Ingvaldsen Henny Vågane