Sidemeny+

Matematikk i nærmiljøet

Posted on 11. mai 2009 by in Bygning, anlegg og arkitektur, Ymse

Svelgen Idrettshus var gjenstand for lange og mange diskusjonar på mangt eit kommunestyremøte opp gjennom tidene. I 1992 vart det endeleg gjeve grønt lys for at STIF og bygda skulle få dette etterlengta bygget. I desember 1993 var det så stor innflyttingsfest der alle i bygda var innviterte. Går ein rundt huset, vil ein oppedage at her finn ein mange geometriske figurar både på og rundt bygget. Dette er noko vi har nytta oss av, og elevane synest det er kjekt og utfordrande og ha desse øktene Les meir om STIF her:

Plassering i kart

Organisering av ei uteøtk Korleis legge tilrette slik at ein får elevane til ta utfordringane og føle at dei meistrar oppgåvene og at dei føler at dette er nyttig? Ved Svelgen Oppvekst har vi brukt Idrettshuset i bygda som utgangspunkt i ein del av geometriundervisninga. Som ein ser av bileta, er ytterveggane samansett av ulike geometriske figurar. Elevane startar med å gå ut og diskutere, og notere kva slags figurar dei kan finne på og rundt bygget.I diskusjonane får elevane trening i den munnlege delen av faget, og dei får trening i å argumentere for forslaga sine. Dei lagar skisser av figurane og set på dei rette namna. På golvet inne er det endå fleire figurar som ein finn i baneoppmålingane. Der òg blir det teikna og sett namn på figurane.

Arbeidsfordelinga – kva og korleis?
Største utfordringa blir korleis dei kan finne arealet av desse figurane på eit bygg som er 15 m høgt. Kreaviteten blir skikkeleg utfordra. Dei er no delte i grupper, og det som er kjekt å sjå er kor flott dei fordeler arbeidet seg i mellom. Ikkje alle elevane er like flinke i matematikk, men her er arbeid til alle. Nokre er gode å teikne, andre til å bruke meter/målband/lasermålar og andre er flinke til å notere ned måla som dei kjem fram til. Med andre ord;elevane er flinke til å fordele arbeidet seg i mellom alt etter kva kvalifikasjonar dei har. Forslaga til korleis dei skal finne dei måla dei treng for å finne areala av dei ulike seksjonane, kjem som perler på ei snor. Etter diskusjonar om kva som er gjennomførbart, så prøvar dei ut det forslaget dei set att med.

Enkle hjelpemiddel
Dette er praktisk matematikk og elevane får utnytte kreativteten sin. Mi erfaring er at elevane set si ære i å klare desse oppgåvene. Ein gjennomfører timane med minimalt av utstyr. Det som trengst er papir, skrivesaker, kalkulator, metermål, målband / lasermålar.

Geometriske figurar
Som ein ser av bileta, er her sirkel, halvsirkel, kvartsirkel, rektangel, sylinder, trapes,trekant og kvadrat Les meir om desse her og her Veggane er samansett av seksjonar som er lette og finne arelaet av, og så er det berre å telje og multiplisere Treverket er òg målbart og ved teljing finn ein arealet. Vidare oppgåver kan vere å finne massen av betongsøyla, kor mykje måling går med til å måle veggane. Fleire bilete finn ein under linken: Fleire bilete

CC BY-NC 4.0 Matematikk i nærmiljøet av Ingeir Løvold er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Ingeir Løvold,2009
Klassetrinn: 8.kl - 10.kl
Kommune: Svelgen