Livet i fjøra

Krabbefangst
Kvart år reiser to av klassane ved Sande skule i Gaular, til Norevikane. Her skal dei utforske livet i fjøra. Alle elevane gleda seg til tur og er veldig spente på kva dei kan finne.
Plassering i kart
Spennande å reise på tur
Det er 1. og 3.trinnet som reiser på denne utflukta. Dette er ein tur elevane ser fram til og gleda seg til i lang tid. Dette er noko som er nytt og spennande for mange av dei. Saltvatn har dei ikkje på Sande, og dei må difor reise vekk til andre stader. Elevane storkosar seg fordi dei kan sjå, studere og lære meir om kva liv det er i fjøra. Vi snakkar med elevane på førehand slik at dei er førebudde på kva som skal skje og kva vi kan vente oss å finne.
Stor interesse
Her finn dei reker, krabbe i ulike størrelsar, blåskjell og andre små dyr som lever i vatnet. Krabbene er det som er mest spennande å fange og studere nærmare. Vi ser at dette fangar interessen til alle elevar, både gutar og jenter. Alle leitar med stor iver mellom tang,tare,steinar og sand.
Noko i garnet?
Dagen før vi reiser, set vi ut garn i håp om å få ein fangst her. Spenninga er stor når vi dreg opp garnet for å sjå om det er noko der. Sist gong fekk vi ein torsk som vi skar opp buken på. Her fekk vi sjå kva fisken hadde ete. Vi såg også på kva som var i avføringa på fisken. Elevane er veldig nyskjerrige på kva ein fisk faktisk har ete. Mange av dei har berre sett bilete av det i bøker eller høyrt om det.
Tryggleik er viktig
Dette er ikkje ein badedag for elevane, men det kan vere kjekt å vasse litt viss vêr og temperatur tilseier det. Det er eit krav at alle elvane har redningsvest på seg denne dagen for å ivereta sikkerheiten. Andre ting som kan vere greitt å vite om, er at vi må reise ein dag det er fjøre og ikkje flo.
Kunnskapsløftet
Når vi reiser på ein slik tur i skulesamanheng, er det ein fordel at vi kan dra nytte av fleire fag. I Kunnskapsløftet står det mykje under faget naturfag. Blant anna under punkt som forskerspiren og mangfald i naturen. Vi kan også dra nytte av faget mat og helse. Norsk er eit fag vi kan dra inn når vi kjem tilbake på skulen. Då kan elevane skrive og teikne om turen. Det å bruke nærmiljøet til å utforske ulike ting er veldig bra. Difor synest eg denne staden er god å bruke for å utforske livet i fjøra.
- Krabbefangst
- måltid til fisken
- Elevane har samla mykje
- ut i båt for å hente inn garn
- stor spenning om vi har fått fangst
- spennande å sjå korleis det ser ut inni fisken
- området er fint og oversiktleg
- området er fint og oversiktleg
Livet i fjøra av Marita Hagheim er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.