Kystmuseet
Kystmuseet i Sogn og Fjordane ligg i Florø, og er eit museum for kyststroka i fylket. Museet ligg 2 km frå sentrum av byen. Museet ligg ved sjøkanten i eit idyllisk område. Inne i museet kan du vandre tilbake i historia til forfedrane dine, eller du kan sjå kva utstyr dei måtte klare seg med. Du kan også sjå kva dagens teknologi har å by på. Går du ute i det fine friluftsområdet rundt museet, vil du kunne stikke innom gamle buer og hus som er flytta frå ulike plassar ved kysten, og restaurert av dyktige handverkarar ved museet.
Plassering i kart
Det hadde vore jobba lenge for å få eit museum til kysten, og då Flora kommune regulerte eit 74 dekar stort strandområde, blei tanken ein realitet. Fylkeskommunen, kystkommunane og ei rad fiskarorganisasjonar og andre lag stod bak. Her ville ein syne historia til kystbefolkninga gjennom dei siste 200 åra. Dei særprega bygningane frå 1985 er teikna av arkitektane Kåre Frølich og Svein Hatløy. Hovudhusa er bygde som eit vern mot det vindharde synnavêret, som er domminerande på desse kantar. Husa skulle også kunne romme båtar med høge mastrer. Viktig var det også at sola ikkje fikk sleppe inn mykje lys. Museet er eit ansvarsmuseum for kystkommunane, og tar på seg oppgåver som er spesifikt sjøvende. Andre oppgåver blir lagde til Nordfjord Folkemuseum.
Arbeidet ved museet
Det fyrste arbeidet museet satsa på var å ta vare på gamle naust og buer, langs kysten. Dei største prosjekta her ligg i Vågsvåg og i Kalvåg. Museet har samla inn båtar og fiskeutstyr frå heile kysten.Nokre av båtane er lagra i nothenga ved Kyllaren i Gunnhildvågen, i Florø. Fiske og jordbruk var dei viktigaste næringsvegane på kysten. Til det trong dei gode båtar og godt fangstutstyr. Båtane blei brukte til fiske, men også som transportmiddel for gods, folk og dyr. Ein av dei særprega robåtane er den lettrodde vengebåten. Ein firkeiping med oppbygd hekk. Den som står utstillt på museet er skyssbåten til lensmannsgarden Haugland i Dalsfjorden. Museet er også engasjert i den 120 år gamle seglbåten Svanhild. Der opplæring er sentralt i arbeidet på båten. Seglbåten blir brukt til korte og lange turar. Også skulane bruker den til skuleturar. Båten er fast stasjonert ved Amtskaia i Florø.
I dag er museet ei avdeling av stiftinga «Musea i Sogn og Fjordane», ei ordning gjeldande frå 2009. Dette gjer at vi kan sjå ei heilheit i kulturen som har vore, og som er i Sogn og Fjordane. Muset er ope for alle heile året. Ved spesielle utstillingar går det ut ekstra invitasjon til skular.
Utstillingar
Kystmuseet har ei rekke faste utstillingar. For tida har museet ca 50 båtar i utstillinga. Her er båtar frå Sunnfjord og Nordfjord. Den eldste er Holmedalsjekta frå 1750 til motorbåt frå 1950 -talet. Der er også utstillingar frå ein bøkkarverkstad. Eit viktig arbeid for å få nok tønner til å salte fisk i. I dag er det vinmonopolet som treng tretønner til lagring av sprit, og er den bedrifta som treng flest bøkkarar. Museet har mange andre utstillingar frå kvardagen til kystfolket. I tillegg har dei ulike skiftande utstillingar. Dei har ulike tema, og denne våren har det vore ei utstilling om Romanifolket. Mange av utstillingane er knytt opp mot undervisningsopplegg som Kystmuseet har laga, og kan brukast etter besøk der. Andre utstillingar som museet har er utstillingar over fuglar og andre dyr ein ser ved kysten. Dei held også på å lage ei utstilling over kvardagen til kystfolket dei siste 100 åra. Mykje av det som er utstilt på museet kan ein sjå som bilete på internett
Uteområdet
ved museet er eit stort familievenleg område til bading, turgåing og rekreasjon. Enkelte stadar er det oppsett benkar til å kvile på. Mange har med niste, eller kjøper mat i cafèen, som ein nyter ute i den rolege omgjevnaden ved museet. I sommarhalvåret vil der også vere ein geiteflokk som held nede vegetasjonen, og hindrar attgroing. Desse kulturlandskapspleiarane er folkekjære dyr, og populære blandt små og store.
Kystmuseet av Venche Sandvik er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.