Kvitveis (anemone nemorosa)

Anemone nemorosa
Kvar vår like etter at snøen har smelta breier det seg eit kvitt teppe i skog og mark mange stader her på Indre Hafslo. Ja enkelte stader er det så kvitt at ein nesten skulle tru at snøen var komen tilbake, men dette er ikkje snøen, det er kvitveisen som minner oss om at våren no nærmar seg. Kvitveisen er ei fleirårig urt i soleiefamilien og ein av våre mest karakteristiske vårplanter. Kvitveisen er vanlegvis den andre blomen som dukkar opp om våren etter hestehoven
Plassering i kart
Utsjånad
Kvitveisen blir 7-20cm høg. Den har tre flikete stilkblad, og den kvite blomen sit einsam på toppen av stilken. Blomen på kvitveisen føl sola. I skumring, mørket og regn blir blomen hengjande mot jorda. Kvitveisen blomstrar i april-mai. Når blomstringa nærmar seg slutten får blomane eit skimmer av lilla. Blomen lagar ikkje nektar. Frøa må ettermodnast for å spire. Frøa eller frukta er moden alt i byrjinga av juli. Etter fruktsettinga visnar heile planta vekk.
Vekstområde
Kvitveisen veks i lauv og barskog og på bøar der det er mykje lys. Me finn den i heile landet bortsett frå i Finnmark. På kysten finn ein den også i open lyngheivegetasjon. På fjellet veks den til omkring 1000 m.o.h. Kvitveisen er ein fleirårig plante som har lange krypande jordstenglar. Dette gjer at kvitveisen spreier seg raskt. Mauren er svært glad i oljen som ein finn i skalet på frøa. Denne ber mauren med seg heim til tua si. På vegen misser han også litt, og dette fører til at kvitveisen spreier seg til nye områder.
Kjært barn har mange namn
Det latinske namnet på kvitveis er anemone nemorosa, men denne blomen har også andre meir eller mindre kjente namn. Kvitveis, kvitsymre, geitsymre, geitsumar, sauesumar. Alle desse namna gir oss ein peikepinn på at no er sommaren nær. Når kvitveisen blomstrar kan geiter og sauer sleppast ut på bøane. Ynskjer du å lesa meir om kvitveisen så har direktoratet for naturforvaltning ei flott side for barn og unge som heiter ung ute.
- Anemone nemorosa
- Ein blir glad av å plukke kvitveis
- Flikete stilkblad
- Lilla kvitveis-eit flott syn
- Ta med deg våren inn
- Flikete stilkblad
- Slik har Jeanett teikna sin kvitveis
Kvitveis (anemone nemorosa) av Sissel Morken er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.