Sidemeny+

Internasjonalisering på Byggfag ved Stryn vidaregåande skule

Posted on 3. mai 2009 by in Pedagogikk

Elevar frå Byggfag og Restaurant og matfag ved Stryn vidaregåande skule på tur i Spania

Internasjonalisering er eit satsingsområde ved Stryn vidaregåande skule. Skulen har Comenius-prosjekt tilknytta studiespesialisering, og Leonardo da Vinci prosjekt tilknytta yrkesfag. Byggfag har hatt eit 2-årig Leonardo-prosjekt der elevar frå skulen har vore utplasserte i ei bedrift i Spania, og er no igang med eit nytt prosjekt i Bulgaria. 

 

Leonardo da Vinci prosjektet for Byggfag i Spania
 Våren skuleåret 2006-2007 var tre elevar frå VG2 Byggteknikk utplaserte i firmaet «Helge y Anders Construcciones»  i Alfaz del Pi, Spania. I skuleåret 2007-2008 var der sju elevar frå skulen i det same firmaet. Dei arbeide då på fire store boligar som firmaet bygde for salg. Det var boligar i mur og betong av høg standard.  Elevane fekk vere med på variert arbeid saman med bedrifta sine egne folk. Gjennom tre veker fekk elevane innsyn i spanske byggeskikkar, både på godt og vondt. 
Ei gruppe frå Restaurant og matfag ved skulen, som hadde prosjekt med bedrifter i Murcia, var og utplassert i same perioden. Vi hadde difor ein felles dag i Benidorm.

Nytt prosjekt i Bulgaria 
Skulen har no inngått ein avtale om eit nytt 2-årig Leonardo prosjekt med firmaet «Svartehavet Sun Sea» i Bulgaria.  Tre elevar frå VG2 Byggeteknikk var i Bulgaria i tre veker. Der reparerte og vedlikeholdt dei  ferieboligane til Ravda Sun Sea Resort. Det meste av arbeidet var med  mur og flis.

Kultur og byggeskikkar
Noko som er like viktig utanom å jobbe på slike bygg er å lære om kultur og byggeskikkar i dei landa elevane er utplasserte i. Derfor vil det også bli brukt tid på å studere dette. Ei avarbeidsoppgåvene kan vere å sjå på gamle bygg, og samanlikne dei med nyare. Det kan og vere å samanlikne landets byggekultur med den norske.

Vertsskule
Stryn vidaregåande skule har også vore vertsskule for elevar frå andre land. Elevar frå Spania, Tyskland, England og Tsjekkia har vore innom ulike bedrifter i Stryn. Skulen har då fungert som koordinator mellom bedriftene og den skulen dei kjem frå.

 

 

CC BY-NC 4.0 Internasjonalisering på Byggfag ved Stryn vidaregåande skule av Per Egil Steinsåker er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Per-Egil,2009