Sidemeny+

Hove steinkyrkje

Posted on 15. mai 2009 by in Bygning, anlegg og arkitektur, Ymse

Hove steinkyrkje er den eldste steinbygninga i Sogn og Fjordane, og truleg ein av dei eldste i landet. Kyrkja er bygd i kleberstein rundt 1170, byggherre ukjend, og vart restaurert i 1883 av arkitekten Peter Blix.

Plassering i kart

Hove steinkyrkje

Hove steinkyrkje vart reist omkring 1170, og fekk namne sitt etter garden Hove. Då det på denne tida allereie var to kyrkjer i Vik, Hopperstad stavkyrkje og Tenold kyrkje, er det grunn til å tru at Hove steinkyrkje var ei privatkyrkje bygd av ein framståande jordherre. 

 I 1877 då dei ulike sokna i Vik vart slått saman under ei kyrkje, vart Hove steinkyrkje ståande att og forfalle.

Peter Andreas Blix

Arkitekten Peter Andreas Blix (1831- 1901) vart Hove steinkyrkje sin redningsmann. Blix var utdanna arkitekt og ingeniør i Hannover og Karlsruhe i Tyskland. Han var og ein aktiv bidragsytar i Fortidsminneforeninga, og det var gjennom foreninga han kom inn i restaureringa av Hove steinkyrkje. Utanom Hove steinkyrkje restaurete han og Hopperstad stavkyrkje som og er i Vik. Blix, som på denne tida styrte restaureringa av Haakonshallen i Bergen, fekk høyre om kyrkja og prøvde å få Fortidsminneforeininga til å kjøpe ho. Men dei hadde ikkje råd, så Blix kjøpte sjølv kyrkja i 1880. Restaureringa tok til i 1883, og Blix gjekk grundig til verks, og ville ha med så mykje som muleg av kyrkja si historiske bakgrunn.

Restaureringa

Det var viktig for han at kyrkja vart så lik som muleg slik ho ein gong hadde vore. Han fekk til og med henta stein til arbeidet frå same plass som dei orginale steinane, Arnafjorden. Innvendig fjerna Blix alt som ikkje hadde noko med middelalderen å gjere, og skapte om kyrkja til gamal prakt med middelaldermønster måla på veggjene og glasmåleri i vindauga. Sjølv om restaureringa skulle gjennskapa middelalderstilen, kan ein likevel sjå at det er 1800-talet sin byggjestil som kjem tydeleg til syne. Utanom det maleriske i kyrkja utstyrde Blix kyrkja med nye benkar med utskjeringar av blomar, dyr og dragar.

Blix eigde kyrkja heilt fram til den dagen han døydde. Den vart då overført til bror hans som seinare gav ho til staten. Fordidsminneforeninga står i dag for tilsynet. Då han døydde vart Blix gravlagd under golvet i Hove steinkyrkje.

Kyrkja i dag

Dei fleste kyrkjer som er så gamle som Hove steinkyrkje har vore gjennom fleire forandringar. Om ein går tilbake til ein synfaring i 1686, vart det sagt at kyrkja var like stor då som den er no, men med svalgangar på begge sider. I løpet av 1670 og 80- talet fekk kyrkja nye benker og ny skriftestol.  Kyrkja vart kvitkalka både ut-og innvendig, før den tida er det tenkeleg at den var rosemalt. I 1722 var det berre ein svalgang att, og den var på sørsida, denne hadde då eit lite skrifterom i seg.

Hove steinkyrkje har stadig vore under forandring både innvendig og utvendig. I dag er kyrkja bygd i kvadermur med kvadratisk vesttårn, rektangulert skip og eit lågare rektangulært kor med apsis. Ho har vestportal i tårnfoten, sørportal vest i skipet og i koret.

Kyrkja er i dag ikkje i dagleg bruk. No er det Vik kyrkje som vart bygd i 1877 som er hovudkyrkja i Vik. Men likevel spelar Hove steinkyrkje ein rolle i dagens samfunn som turist attraksjon og kulturminne. Men ein gang i blandt vert det helde bryllaup, dåp og gravferd. I jul- og påsketider vert det halde messe, gudsteneste og konsertar i kyrkja .

 

CC BY-NC 4.0 Hove steinkyrkje av Ine Marie Aase er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Ine Marie Aase, 2009
Kjelder: Fortidsminneforeninga Avd. Sogn og fjordane Vik kommune Fylkeslekikon, NRK Sogn og fjordane