Gamalosten frå Vik i Sogn
Gamalost er eit sterkt prov på den vestlandske optimismen og framtidstrua, i følgje nettsida til gamalostfestivalen. Gamle tradisjonar kombinert med ny kunnskap er viktige deler i produksjonen av denne særmerkte osten, som altså har sin eigen festival kvart einaste år i kommunen Vik i Sogn og fjordane.
Plassering i kart
TINE Gamalost er ein fast muggost med røter heilt tilbake til vikingtida. Namnet har osten fått fordi den frå gamalt av vart lagra ganske lenge på stølane. I dag er Vik meieri det einaste meieriet som produserer osten, mellom anna på grunn av ein vanskeleg produksjonsprosess.
Sunn ost
Gamalosten er eit sunt produkt. Osten inneheld verken salt eller sukker, og meir enn 50% proteinar og berre 1% feitt. I tillegg inneheld osten stoffet kitosan, eit stoff som bind feitt og reduserer kolesterolinnhaldet.
Tilbehør
Smaken er særegen og robust, skarp og aromatisk. Osten er saftig, grov og skjærbar med kniv. Gamalost passer bra som pålegg og på flatbrød med rømme, smør og tyttebær, og kan gjerne serverast med frisk frukt. Anna tips til tilbehør er svart pepper og grov sennep, samt ein liten akevitt.
Norsk Gamalostlag
Så særmerkt er Gamalost, at kjende og mindre kjende nytarar har danna Norsk Gamalostlag for å sikre osten ein plass i norsk matkultur, no og i framtida. Mellom tusenvis av medlemar finn ein også t.d. HM Kong Harald og Vebjørn Rodal.
Gamalostfstivalen
Kvart einaste år vert også gamalosten sin eigen festival, Gamalostfestivalen, arrangert i Vik i Sogn. Programmet varierar frå år til år, med mange konsertar, parade, veteranbiltreff og sjølvsagt gratis smaksprøvar på de kjende osten i samband med gratisfrukosten laurdags morgon.
- Gamalosten smakar godt saman med druer eller appelsinmarmelade.
- Gamalosten frå Vik i Sogn i flott gåvepakke.
- Dette meieriet i Vik i Sogn er det einaste i landet som produserer Tine Gamalost.
- Så særmerkt er Gamalosten, at kjende og mindre kjende nytarar har danna Norsk Gamalostlag.
-
Kongen smilte godt då han hadde avlevert toppkarakteren til ære for gamalosten under vikjabesøk i 2002. Foto: R. Søgnesand, NRKcbn
-
Årleg samlast mange veteranbilentusiastar i Vik i Sogn til Gamalostfestival med medfølgjande veteranbilparade. Foto: www.osamcar.nocbn
Gamalosten frå Vik i Sogn av bente ask er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.