Fresvik skule sitt kulturminne 2009: Siste notanaustet i Sogn.

Notanaustet i Fresvik er det einaste i Sogn i dag.
Me hadde mange fine forslag til favorittkulturminne i 2009, men Notanaustet kom best ut i avstemminga. Eit gammalt strykejern, løypestreng, treskor, slipestein, bautasteinen på kyrkjebakken og stabbur nådde ikkje opp.
Plassering i kart
Kort om Fresvik skule og val av kulturminne< ?xml:namespace prefix = o ns = "urn:schemas-microsoft-com:office:office" />
Skulen vår ligg i Vik kommune og har vel 20 elevar fordelt på tre trinn, småskulen, mellomtrinnet og ungdomsskulen. Elevane kom med kvart sitt forslag til favorittkulturminne.
Me valde Notanaustet som kulturminne fordi
det er gammalt og dett snart ned. Me kan vera stolte av dette byggverket sidan det sannsynlegvis er det einaste Notanaustet som er att i Sogn. Notanaustet ligg i sentrum av Fresvik, og alle har gått forbi det og veit kvar det er.
Notanaustet si historie
Notanaustet vart bygd rundt 1910. Fyrst sto det på Buaeigedommen, men vart flytta til naboeigedommen. Det står framleis på denne tufti. Det står på pålar og kjer. Bylgjeblekktaket, golvet og den gisne veggkledningen er ikkje skifta etter alle desse åri.
I Fresvik var det fleire notlag eller såkalla landnotbruk. Bøtun Notlag hadde dett notanaustet og Øyralaget hadde sitt eige notanaust på Øyri. Her var det Hovarane som var med. Til vanleg var det 7-8 mann i kvart notlag. Dei fiska etter brisling, bladsild og mussa. Bøtun Notlag hadde ei stor kastenot og ei mindre som vart nytta ved opptak når dei leverte. Det var ?oppkjøparar? som henta silda.
Det er lite att inne i notanaustet i dag, men ein 75 år gammal føringsbåt som var nytta i Sjurgarden, er i naustet. I dag er notanaustet i dårleg stand, og mykje må utbetrast viss det ikkje skal bli øydelagt. Stolpane under naustet må skiftast ut, ein må byta kledning på veggane, nye spikarslag, måla taket osv. Dette arbeidet må gjerast no viss me skal klara å bevara det siste notanaustet i Sogn.
Notlagi rodde rundt i indre del av Sogn og leitte etter sild. Ofte måtte dei overnatta i løer. Ein kar frå eit notlag fortalde at ein kveld då dei hadde lagt seg i høyet, sovna den eine først. Då sette dei andre eit tog om føtene hans og kasta toget over ein bjelke. Dei ville heisa han opp etter føtene når dei skulle vekkja han. Men då dei trekte i toget om morgonen, for støvlane av føtene hans og skorne for til vers, medan eigaren låg fredeleg att i høyet.
Dei hadde mat med seg heimefrå, og ein av dei hadde då bløytt flatbrød med smør og pålegg med seg. Eingong han var på land, nøytte kameratane seg og la eit stykke forcellulose og la i mellom brødet. Dette vart seigt å bita av, og dei andre hadde si store moro då han som hadde klingen sleit og reiv med tennene, før han oppdaga kva som var gale.
-
Notanaustet i Fresvik er det einaste i Sogn i dag. Foto: Jan Kvammen Feidjecbn
-
Notanaustet var bygd på byrjinga på 1900- talet. Foto: Brede Strømmecbn
-
Ingenting er forandra innvendig sidan naustet vart bygd. Foto: Jakub Adam Szwedcbn
-
Det hastar med å utbetra Notanaustet, mellom anna må mange av stolpane skiftast ut. Foto: Oddbjørn Hauglumcbn
Fresvik skule sitt kulturminne 2009: Siste notanaustet i Sogn. av Bjarnhild Samland er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.