Frå skulebenken til Jostedalsbreen nasjonalpark

Nigardsbreen strekkjer seg nedover dalen
Skulekvardagen til elevane består mykje av å sitje i eit klasserom framfor lærebøker og data. Det er viktig å bryte noko ov denne undervisningsforma, og bruke nærmiljøet i opplæringa. Nigardsbreen er ein brearm av Jostedalsbreen, som ligg i vakre Luster kommune. Det er ikkje berre bre ein kan vitja om ein tek turen til Jostedalen. Her ligg også eit stort nasjonalt informasjonssenter for Jostedalsbreen nasjonalpark, Breheimssenteret. Me skal no sjå nærmare på moglegheitane for å leggje opp ein skuledag ved denne nasjonalparken.
Plassering i kart
I 8.klasse skal elevane blant anna lære om bre i naturfag, noko som kjem fram av læreverket «Tellus». I Luster kommune byr dette på gode moglegheiter til å ta undervisninga ut av klasserommet, og opp på ein bre. Elevane får guida tur på breen og omvising på Breheimssenteret, der dei også løyser oppgåver innanfor naturfag, samfunnsfag, matematikk, språk, norsk og kunst og handverk. Kan det forsvarast at elevane er borte frå skulen ein heil dag? Ja, det meiner eg. Dei får innom dei fleste faga, og ikkje minst får dei rikeleg med fysisk aktivitet ved å gå på breen.
Klasserom vs. breen
I staden for å lese om bre i lærebøker og på nettet, kan ein vel vitja ein bre? For oss Lustringar er det snakk om kort veg til nærmaste bre, det er då naturleg, meiner eg, at ein legg opp til ein slik dag for elevane. På Hafslo barne -og ungdomsskule har dei pleidd å ta turen til Jostedalen for å jobbe tverrfagleg med akkurat dette emnet. I haust var eg så heldig å få vere med på denne breturen i lag med 9. og 10.klasse. Elevane var spente på kva dagen kom til å bringe. Då me kom fram til Jostedalen vart elevane delt inn i to grupper. Den eine blei att på Breheimsenteret, medan den andre reiste på guida tur på bre.
Breheimsenteret
På Breheimsenteret såg elevane film frå forskjellege stadar i Luster kommune. Filmen la også sjølvsagt vekt på historia og utviklinga til breen. Deretter gjekk elevane og såg seg rundt i museet, medan dei løyste oppgåver i grupper. Læreplanen legg som ein veit opp til samarbeid mellom elevar. Som nemnt var oppgåvene tverrfaglege, og me er framleis på «skulen». Me hadde felles gjennomgang av oppgåvene på slutten.
Guida brevandring
På rekkje og rad vandra elevane saman oppover breen, medan guiden fortalte ivirig om den og dens historie. Som i eit klasserom; fekk også elevane her høve til å spørje om det dei lurde på. Nærmare lærestoffet kan ein vel ikkje kome? Då guiden fortalde om bre, høyrde lærelystne elevar etter med store øyre. Det er ikkje verst å få moglegheita til å lære naturfag og samfunnsfag medan ein har «gym». Effektivt, vil eg påstå!
Variasjon
Uteskule fungerer godt, i alle fall gjorde denne dagen det. Det er ingen tvil om at variasjon i undervisninga skaper læring og motivasjon hjå elevane. Dagen i Jostedalen var variert og spanande, noko elevane også gav uttrykk for i ettertid.
For å sjå video frå guida brevandring klikk her!U>
-
Nigardsbreen strekkjer seg nedover dalen Foto: Anja Renate Buskakercbn
- Ved Breheimsenteret
- Me ventar på at båten skal kome å hente oss ved Nigardsvatnet.
- Klare for «take off».
- Dei fyrste stega på breen.
- Ein stykk nøgd lærar klar for nye eventyr!
- Guiden steppa inn som lærar denne dagen.
- Godt utstyr, god sikring og dyktig guide gjorde brevandringa trygg, spanande og ikkje minst lærerik.
Fakta om Jostedalsbreen
– er den største isbreen i Europa
– dekker eit areal på 487 km2
– ligg i Luster, Sogndal, Jølster og Stryn
– Jostedalsbreen nasjonalpark blei opretta i 1991 og har eit areal på 1310 km2
– er ein temperert bre, og er derfor i rørsle
– har ein samanhengande lengde på vel 60 km, og dekker nesten halvparten av nasjonalparken
Frå skulebenken til Jostedalsbreen nasjonalpark av Anja Renate Buskaker er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.