Sidemeny+

Fet kyrkje

Posted on 13. mai 2009 by in Bygning, anlegg og arkitektur, Ymse

I Sogn og Fjordane er Luster den kommunen med flest kyrkjer. Kommunen har i alt 11 kyrkjer, og ei av dei er Fet kyrkje på Indre Hafslo.

Plassering i kart

Ei av tre
Fet kyrkje er i lag med Joranger kyrkje soknekyrkje i Fet og Joranger sokn i Jostedal prestegjeld i Indre Sogn prosti. Fet kyrkje er den tredje kjende kyrkja i bygda. Den fyrste var ei stavkyrkje som truleg var sett opp som huskapell på 1200-talet. Ho stod til kring 1650 då ho vart erstatta av ei tømra kyrkje som i sin tur vart riven då dagens kyrkje vart bygd, ei langkyrkje bygd i tre i 1894. Byggmeister for kyrkja var John Alver medan arkitekten er ukjend. Kyrkje vart vigsla 12. november 1894 av biskop Fredrik Waldemar Hvoslef.

 

Kyrkjebygget
Då kyrkja stod ferdig, hadde ho trapperom på eine sida av tårnet og kammers på andre sida, elles var ho slik ho er i dag. Kyrkje er bygd som ei vanleg langkyrkje med skip, eit noko mindre kor og galleri i vestenden. På 1960-talet vart det gjort ein del arbeid for at kyrkja skulle bli varmare, blant anna vart golvet skifta og det kom nytt tak utvendig. I 1987 vart kyrkja utvida på nordaustenden med eit tilbygg som inneheld toalett og sakristi. Sjølve kyrkjeskipet er vel 12,5 m langt og nærare 8 m breitt. Koret er vel 5 x 5 m, og våpenhuset rundt 3,5 x 3 m. Den har i dag 220 sitjeplassar.

 

Mot lysare tider
Den gong då kyrkje var ny, var takvelvingane i kyrkja lysegrøne, veggane var i ein litt mørkare grønfarge med ein fiolettbrun farge på den nederste delen, og benkane hedde ein gul farge. Kyrkja hadde fine detaljar og var lys og triveleg, og idag er Fet kyrkje lysare enn nokon gong. På 1960-talet vart veggane avluta og taket innvendig vart måla kvitt. Hovudfargane som går i grønt og grått, er tilnærma lik dei opphavlege fargane i kyrkja. Altertavla i renessansestil er truleg laga i 1631 og måla i 1652. Ho har tydeleg «Anno 1652» som innskrift nede til venstre.

 

Huldra i Skarbakken
Ei segn fortel at Hafslobygdingane var misunnelege på den fine, sjeldne klangen i kyrkjeklokka. Dei meinte at det var betre at klokka fekk lyda frå soknekyrkja så kunne dei i Fet få klokka frå Hafslo i byte. Framlegget vart avvist, og bytet måtte difor skje utan folket si velsigning, og det skal ha skjedd om natta. Segna fortel at klokka vart henta ned frå tårnet og plassert på ein stor slede. Heile ti hestar vart spente føre sleden, men følgjet kom ikkje langt før det var full stopp. Hestane kom ikkje av flekken og dermed måtte dei snu. Det merkelege var at då dei snudde, klarde ein hest åleine å dra det tunge lasset tilbake. Huldra i Skarbakken fekk æra for at flyttinga ikkje lukkast.

CC BY-NC 4.0 Fet kyrkje av Heidi Ugulen er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Heidi Ugulen, 2009
Kjelder: www.fylkesarkiv.no http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_sogn_og_fjordane/fylkesleksikon/2906380.html Alle foto frå inne i kyrkje har eg lånt frå Fylkesarkivet.
Kommune: Indre Hafslo