Sidemeny+

Då industrien kom til Årdal

Posted on 11. mai 2009 by in Arbeidsliv, Pedagogikk

Foto: Kari Lysnecbn

Kraftstasjonen frå 1918 som no er industrimuseum.

Onsdag 16. oktober sette me i gang siste del av lokalhistorieprosjektet vårt. Dagen var sett av til besøk rundt om i bygda for å sjå på spor etter industrihistoria vår.

Plassering i kart

Industrimuseet
Med oss var og Mari, Brede og Håvard som er studentar frå Sogndal, og som no har praksisopphald i klassen vår. Første del av dagen brukte me på industrimuseet i Øvre Årdal som ligg i den aller første kraftstasjonen i Årdal. Bygningen stod ferdig i 1919 og starta straumproduksjonen i 1920. Det er ein fantastisk bygning murt av naturstein og med ein utsjånad som kan minne om eit lite middelalderslott. Her har Årdal Sogelag gjort ein flott jobb med å dokumentere anleggs- og idustribygginga i Årdal. Det er ei omfattande fotoutstilling her, og bileta er følgde opp med utfyllande tekstar som set dei inn i ein samanheng. I tillegg er det samla mykje reidskapar og instrument som har vore brukt i ulike samanhengar. Til og med den originale turbinen og generatoren er skaffa tilbake til bygda og installert på sin opprinnelege plass.

Årdal sogelag
Årdal sogelag hadde møtt mannsterke opp for å guide oss rundt, og me fekk helse på Bjørn Lindland, Egil Jørgen Lund og Johnny Asperheim. Johnny samla oss fyrst i eit lite auditorium, og med videokanon og utruleg lokalkunnskap tok han oss med på ei biletreise gjennom Årdal si historie på 1900-talet. Etter denne fellesgjennomgangen, var det så tid for å sjå på resten av samlinga i museet. Med så mykje ekspertise tilgjengeleg, gjekk det fint å få svar på spørsmål for kvar einskild. Etter nokre timar drog me så attende på skulen for å skrive logg og ta oss ein matbit, før me igjen skulle møta sogelaget ute i Saltviki.

Brakka i Saltviki
Saltviki er det området på Årdalstangen som ligg lengst ute mot fjorden på nordsida av elva. Området har ein sentral plass i bygda si industrihistorie m.a. fordi det var her A/S Tyinfaldene i 1910 starta aktiviteten i Årdal med å byggje kai og veg vidare fram mot Storevatnet mellom Tangen og Øvre. Dette vart då mottaksstaden for utstyr som skulle vidare opp i fjella og brukast i kraftutbygginga. Under krigen vart dette området så lokalitet for brakkeleiren der dei russiske tvangsarbeidarane blei plassert, og på det meste var det 1200 av dei i bygda. Etter krigen blei brakkeleiren igjen teken i bruk, og no som bustader for arbeidarar som kom flyttande til bygda for å ta seg arbeid i industrien som etter kvart fekk eit stort behov for arbeidskraft. I dag står det ei brakke igjen i den opprinnelege leiren, og sogelaget har restaurert ho, og etter kvart fått innreidd ho slik familiar budde på 50-talet. I denne brakka samla Egil Jørgen og Bjørn halve klassen og gjekk gjennom korleis tilhøva var for russarane under krigen. Sogelaget har i tida etter oppløysinga av Sovjetunionen spora opp fleire av dei som var i leiren under krigen og besøkt dei m.a. i Ukraina. Nokre av dei har og vorte inviterte tilbake til Årdal på besøk. Då Egil Jørgen i tillegg voks opp i brakkeleiren på 50-talet og stilte kledd som russar (!), så vart det ei levande framstilling av historia.

Pionertida
I nabobrakka, som vart sett opp etter krigen, hadde Johnny teke med videokanona og den imponerande biletsamlinga si. Her fekk den andre halvdelen avklassen ei innføring i utviklinga av industrien og dagleglivet i bygda utover på 50- og 60-talet.

Etter å ha vore innom begge brakkene, var me ferdige med feltarbeidet vårt, og me har no valt oss individuelle fordjupingsemne som me skal gjere oss ferdige med i løpet av veke 44. Me skal då ha klar ei skriftleg framstilling av emnet vårt, og i tillegg ha funne bilete som passar til stoffet. Etter det vil me prøva å få lagt det ut på området vårt.

< ?xml:namespace prefix = o ns = "urn:schemas-microsoft-com:office:office" /> 

CC BY-NC 4.0 Då industrien kom til Årdal av Bjarnhild Samland er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Jan Grønsberg, 2009
Klassetrinn: Lærar