Sidemeny+

Bruer over Jølstra i Førde sentrum

Posted on 2. mai 2009 by in Pedagogikk

Storehagen bru i Førde sentrum

Bruene er ein sentral del av nærmiljøet til elevane i Førde by. Dei skaper viktige bindeledd over elva Jølstra, og mellom nord og sørsida av byen. Denne artikkelen vil kaste lys over bruene si historie i Førde sentrum, samt flette emnet inn i ein undervisningssamanheng.

Plassering i kart

Jølstra
Den vakre, vassrike elva Jølstra renn gjennom Jølster og Førde i Sogn og Fjordane. Historia har synt at Jølstra har vore sårbar i hardt ver, noko som har ført til at elva har brote nye far, som ved «Det store elvebrotet i 1780«. Flaumfaren i elva har hatt innverknad på bruplanlegginga gjennom tidene.

LANGEBRUA SI HISTORIE
Går vi attende til slutten av 1700 talet, hadde husmann Anders Olson Hafstad arbeid som fergemann over Jølstra mellom Hafstad (sørsida) og Skorpa (nordsida). På denne tida var det gjestgiveri (frå 1772) og skysstasjon (frå 1793) på Hafstad. Handelsmann Hans Christian Fredrik Lange hadde starta butikk på Skorpa på nordsida av Jølstra. Skorpa var området der Sparebanken ligg i dag. Saman med lensmann Johannes Falch på garden Falkenstein, tok han initiativet til at den første brua vart bygd i 1836. Brua vart kalla Langebrua etter namnet på handelsmannen. Den vart dessverre øydelagt av flaum i 1851. Det vart bygd ny bru i 1856, men den vart også teken av flaum i 1922. Det vart sett opp ny bru i stål i 1925, og den vart i 1963 avløyst av den brua vi har i dag. Den er laga av betong. Den gamle stålbrua vart flytta til Rørdalsfjorden i Solund og tatt i bruk der.

STOREHAGEN BRU
Denne betongbrua vart opna i 1986. Den er i likheit med Langebrua ei køyrebru med gangfelt. Slike bruer er med på å binde saman sentrumsfunksjonane i byen. Dei lettar tilkomsten både for gåande og køyrande mellom nordsida og sørsida. Etterkvart som t.d. handelsnæringa i Førde byrja å ekspandere (Handelshuset vart opna i 1987), folketal og trafikken auka, vart det også auka behov for å avlaste Langebrua som einaste køyrebru gjennom sentrum.

HAFSTADBRUA OG DEN NYE BRUA VED SPAREBANKEN
Hafstadbrua er ei gangbru mellom Festplassen og Hafstad vidaregåande skule. Denne vart opna i 1999, og er ei bru bygd i tre, betong og stål. Brua er estetisk fin å sjå på med typisk hengebrukonstruksjon. Hafstadbrua bind saman området Hafstad i sentrum sør med Fest/utstillingsplassen på nordsida. Brua opnar for betre gangsamband mellom sentrum sør og t.d. Førdehuset, idrettsanlegg og kyrkje på nordsida. Brua vert nytta mykje av turgåarar. I mai 2009 vart det opna ei ny gangbru i mur, stål og tre frå området nær Sparebanken til byparken. Denne går over ein del av Jølstra kalla «løken». Brua lettar tilkomsten til byparken og Festplassen.

VIABRUA
Viabrua vart opna i 2002. Den vart mellom anna bygd for å korte køyrestrekninga til Sentralsjukehuset for ambulerande køyretøy, samt avlaste den aukande trafikken gjennom sentrum og langs Angedalsvegen. Det har i tillegg vore stor bustadutbygging på Vie i Førde, samt handelsutvikling i området, noko som og gjer behovet for ei bru større. På grunn av flaumfaren i Jølstra, vart denne brua bygd på pelar langt inn over land slik at opninga under brukonstruksjonen er stor nok til å ta unna vatnet dersom det kjem storflaum i elva.

Didaktisk refleksjon
I Læreplan i Naturfag er eit av kompetansemåla etter 4.trinn (teknologi og design) at elevane skal «gjenkjenne og sammenligne bærende strukturer i ulike byggverk i nærmiljøet». Elevane kan takast med på ekskursjon til dei ulike bruene. I etterkant kan ein samtale om bilete, bruksmåtar og korleis bruene er bygd og konstruert. Vidare kan elevane få i oppgåve å t.d. teikne bruer, lage samansette tekster omkring emnet eller lage eigne brukonstruksjonar i materiale som t.d. papir, lego eller pinnar.

CC BY-NC 4.0 Bruer over Jølstra i Førde sentrum av Charlotte Eikefjord er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Charlotte Eikefjord, 2009
Kjelder: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Fylkesleksikon, Avisa Firda, Statens vegvesen