Sidemeny+

Bie

Posted on 29. mai 2009 by in Dyreliv

Foto: Irene SLagstadall-rights-reserved

Biene svermar

Svært mange stader i landet kan ein finne bikuber, og sjølvsagt, ein heil masse med bier i og rundt dei. Biene er ikkje berre attraktive for at vi skal kunne skaffe honning, men også for bivoks og pollinering av dyrka plantar.

Plassering i kart

Birøkt
Det å drive med bier, kallar ein birøkt på fint. Birøkt har eksistert heilt sidan oldtida, og finst enda. Då hadde dei sjølvsagt ikkje bikuber og den slags utstyr, men samla honning frå ville bier. Enda finst det personar som samlar honning frå ville bier. Dei ville biene bur i trestammar og den slags, medan birøktarane held biene sine i bikubar.

-Tamde og ville bier
Dei som ikkje samlar honning frå dei «ville biene» samlar frå dei «tamde». Bier kan ikkje bli tamde i den forstand. Altså, dei kjenner ikkje birøktarane sine i det heile tatt. Vi veit at dei blir rolege av kvitt og lyse nyansar, og hissige av svart og ukjende lukter. Så om ein kler seg i lyst, så er biene på ein måte «tamde».

-Birøktar
For å vere ein birøktar, treng ein ikkje noko slags utdanning eller kurs. Ein treng heller ikkje søkje om å drive birøkt. Men om ein skal flytte bier meir ein 5 km, må ein søkje Mattilsynet. Grunnen er å unngå spreiing av sjukdomar og for å halde på rasane.

-Bikuber
I kvar bikube finst der ei dronning. Det er ho som er øvstkommanderande, kan ein vel sei. Sjølv om der berre er ei dronning i bikubene, finst der ein del droner, og opptil mellom 10.000 og 20.000 arbeidarbier til vanleg, men om sommaren, aukar dette talet til over 60.000. Arbeidarbiene har fleire oppgåver, men den dei praktiserer i kuba, er å skaffe pollen, og produsere honning.

-Rasar
Den vanlegaste bia ein finn i kubane er Krainer, ei Austerriksk bie, som har blitt importert til Noreg. Ho er svært hissig av seg, og stikk svært ofte. Andre bier ein kan finne er Nordisk Brun og Italienerbie. Bia som blir kalla Nordisk Brun har lågare produksjon av honning, men det finst så få bier av denne rasen på verdsbasis, difor er det så viktig at ein tek vare på denne bia.

-Dronning
Dronninga er den einaste fullt utvikla hoa i bikuba. Ho byrjar å legge egg i perioden rundt februar-mars. Egga blir lagt i vanlege celler, men om det er trongt om plassen, legg ho dei i celler som er forma som eikenøtter. Om dronninga legg denne typen egg, utviklar den første seg til ei ny dronning, som para seg med ein drone. Då forlet den gamle dronninga kuba, med om lag halvparten av arbeidarane. Denne typen sverming går svært sterkt utover honningproduksjonen, og birøktarane prøvar å hindre dette med ulike midlar.
 

CC BY-NC 4.0 Bie av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Irene Slagstad 9a 2010
Klassetrinn: 9.kl