Sidemeny+

Allè Allè

Posted on 11. mai 2009 by in Bygning, anlegg og arkitektur

Allè av gran og alm (mot tunet)

For å koma inn til ein av dei flottaste gardstuna i Sogn må ein passera gjennom ein mektig allè som er godt over 100 år gamal. Det er ei heilt eiga stemning når ein går i ein slik passasje.

Plassering i kart

Denne alleen leiar inn til Vestreim Gard på Kaupanger og består hovudsakleg av gran. Etter å ha samtala med dei som bur på garden kjem det fram at granene er planta på slutten av 1800-talet. Noko meir sikkert kan det ikkje tidfestast.

På biletet som heiter «to sortar» kan ein sjå ein alm. Desse almane vart òg planta i lag med granene. Fleire av almane har måtta bøta med livet, då dei har vakse seg so store at dei har gitt etter i nokre av vindkasta som har kome dei seinare åra. Allear vert planta med mange ulike tresortar, alt etter korleis jordsmonnet er på staden og kva ein tykkjer er finast. Lind, alm, gran og kastanjetre er nokre av sortane som vert nytta. Du kan lesa meir om tre i denne lenkja.

Det er ikkje skrive ned noko serleg informasjon om denne alleen, men høgda vart målt på 1970-talet av dei som dreiv med skogsforvalting i Sogn. Då strekte granene seg 35 meter over bakken. Dei har gjerne strekt seg ein god meter etter det.

Vestreim Gard var stad for ein av dei fyrste jordbruksskulane i landet og den fyrste i fylket. Den var i drift frå 1846 til 1858. Det «nye» gardstunet vart teikna av arkitekt Linstow i samband med skulen og skulle gi eit heilskapleg inntrykk av garden. Alleen er med på å understreka eit samla, men ope, gardstun når du kjem ut i enden. Elles kan det nemnast at driftsbygningen er den fyrste i landet som bygd i sveitsarstil.

Som tidlegare nemnt har nokre av trea falle med vinden, og faren er overhengande for at fleire skal gi etter. Dei som bur på garden vurderer heile tida etter kvart om dei må gjera inngrep. For nokre år sidan la det seg eit tjukt lag med rim og is på trea og det var like for fleire av granene gjekk ned for teljing. Vinden har til tider herja med alleen, men den har kome sigrande ut av det, endå. I dette klyppet kan du sjå ein allè som ikkje kom i frå det like godt.

Det er ikkje so mange slike store allear her i Indre Sogn. Ofte er allear knytt opp til herregardar, prestegardar og gods. Dei meir profilerte gardane på Kaupanger, som Kaupanger Hovedgård og Amble Gård har ikkje allè som leier inn til tunet. Kva som gjer dette er uvisst. Det som er sikkert er at Vestreim Gard har ei vel so spanande historie som dei meir kjende gardane. Du kan lesa meir om Vestreim Gard og jordbruksskulen i boka til Hans H. Thyri, som er å få kjøpt her.

CC BY-NC 4.0 Allè Allè av Bjarte Breilid er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Bjarte Breilid, 2009
Kommune: Kaupanger