Aa-støylen – ein av få støylar som framleis er i drift
Aa-støylen er ein sommarstøl i Hyen som framleis er i drift. Kvar sommar har ein buskap «sommarferien» sin her, og ei budeie har travle dagar med melking, separering, kinning og ysting.
Plassering i kart
Historie
Stølen ligg i Mjellemsmarka ved Aa-støylselva. Det har den gjort minst sidan 1683. Alle gardbrukarar frå Aa har tidlegare hatt sommarbeite her. Namnet Aa kjem av gamalnorsk Å, elv. Det er fem brukarar på støylen som alle har sel og fjøs. Fleire sel er i to etasjar, og dei fleste har innsel og utsel. Bygningane står på rekkje på ein støylsvoll. I området rundt er det godt beite, og tidlegare var det både geiter og kyr som beita her.
Drifta i dag
Judit Aa frå Eljasbruket er budeie på Aa-støylen kvar sommar. Ho mjløkar kyrne kvar morgon før ho slepp dei ut på beite. Så siler ho mjølka, og separerer den for å skilje skummamjølk og fløyte. Fløyta tek ho vare på og kinnar til smør ein gong i veka. Skummamjølka kan drikkast, eller syrnast og lagrast så det blir rømaske eller sjør. Den kan og lagast ost av. På dagtid reiser ho ned til bygda for å jobbe på garden. Så kjem ho tilbake om kvelden for å ta dyra inn i fjøset. Av og til må ho leite etter dyra, særleg på seinsommaren når det beste beitet er lenger borte frå støylsvollen. Så får dei litt mjøl, og vert melka igjen. Dei søv i fjøsen, og ho i selet om natta. Dette er det einaste bruket som framleis har dyr på Aa-støylen.
Verning
Støylen ligg i eit naturområde, Naustdal/Gjengedal, som akkurat har blitt verna. Verneplanen gjev konsekvensar for korleis grunneigarane kan forvalte området.
- Aastøylen
- Støylsvollen ligg idyllisk til
-
Judit Aa Foto: Kristine Askvik/NRKcbn
-
Budeia Judit Aa er klar for kveldens melkeøkt Foto: Kristine Askvik/NRKcbn
-
Støylsvollen med utsikt mot vest Foto: Kristine Askvik/NRKcbn
-
Støylsvollen Foto: Kristine Askvik/NRKcbn
- Når dyra kjem inn for kvelden, er det spennande for store og små.
Aa-støylen – ein av få støylar som framleis er i drift av Magni Aa Berge er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.