Sidemeny+

Vårflorane på Byrknesøy

Posted on 29. apr 2009 by in Jordbruk

Foto: Mariell Larsen Sætrecbn

Vårflor på Byrknesøy

I utmarka på Byrknes står det no fleire, gamle småbygg av stein. Desse blir lokalt kalla vårflorar. Ein vårflor er ein slags seter som vart brukt for mange år tilbake. Vårflorane vart brukt som sommarfjøs for å mjølke og ta vare på kyr i sommarhalvåret, då dyra var på beitet i utmarka.

Vårflorane vart nytta tidleg på våren før sommarvarmen kom. I byrjing av mai førde alle bøndene dyra sine ut på beite. Nokre av dyra vart sleppt ut litt tidlegare på grunn av lite fôr. Vårknipa var eit vanleg fenomen i gamle dagar. På somme gardar var 3. mai siste frist til å sleppe ut dyra. Når kyrne på nordegarden på Byrknes skulle ut på beite, vart dei førd gjennom ein sti som var kalla «Besterousa». Søregarden hadde og sin eigen stig som dei førde dyra i. I sekstida på morgonen gjekk bøndene ut for å mjølke kyrne i vårflorane, for så å sleppe dei ut på beitet. Då klokka nærma seg fem på kvelden, gjekk dei ut igjen for å finne kyrne, ta dei inn i vårfloren og mjølke dei på nytt. Dyra fekk kanskje også litt tørka høy. Då det lei litt lengre ut på sommaren, låg kyrne ute om natta. Då været blei finare, førde dei kyrne lenger inn i marka, mot fjellet. Dei vart då mjølka der dei var å finne. Då hausten kom ut i september og ruskeværet kom sigande tilbake, tok dei kyrne inn igjen i vårflorane. Det var ikkje alle gardane på Byrknes som hadde vårflor, men dei som ikkje hadde fekk plass hjå nokon andre. Då september nærma seg slutten, tok dei dyra heim for å beite på innmarka, heime på garden. Johannes Byrknes er no ein gammal mann. Då Johannes var ung og rask, var han ofte med si kjære mor i markja for mjølke kyrne. Han fortel; Vårfloren vår var på Stølen. "Om sommaren førte vi kyrne lenger inn mot Sletthella. Vi rodde inn. Då trong vi ikkje bere tulene, og det tok kortare tid. (Tulene var spanna dei mjølka i.) Tidleg på morgonen reiste vi ut i utmarka for å finne kyrne, som vi skulle mjølke. Vi hadde med kokte krabbeklør som var salta. Dette likte kyrne veldig godt. På ein holme som vart kalla Hestholmen stod det ein stor stein. Den steinen vart kalla «Hunden». Då vi kom til steinen ropte ho som sat bak med åra og styrde : «Hunden gøyr !». Det betydde at vi skulle bytte plass i båten. Ho som styrde åra, gjekk då fram og rodde. På Sletthella stod det ei lita hytte. Der kunne vi vente på dei andre, visst ikkje alle var ferdige med å mjølke. Grunnen til at vi tok kyr og sauer ut i marka, var at graset på heimbøen skulle gro, sånn at dyra hadde mat til vinteren.»

CC BY-NC 4.0 Vårflorane på Byrknesøy av Mariell Sætre er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Mariell Larsen Sætre, Ida Synnøve Wergeland, Synnøve B. Johansen, 2009
Klassetrinn: 8. og 9. klasse
Kjelder: Johannes Byrknes, Ingrid Wergeland, Olav Klungrehaug, Wenche B. B. Johansen
Kommune: Byrknesøy