Sidemeny+

Stryn Turn og Idrettslag

Posted on 30. apr 2009 by in Friluftsliv og idrett

LOGO

Stryn Turn & Idrettslag er det største idrettslaget i Stryn kommune. Laget hadde i 2008 registrert 970 medlemar. Stryn T&IL er eit fleiridrettslag der fotball og handball representerer dei største gruppene.

Plassering i kart

Idrett og samfunn
Bakgrunnen for artikkelen er kompetansemåla i faget idrett og samfunn i den vidaregåande skulen, idrettslinja. Kompetansemål 1 i læreplanen omhandlar organisering av norsk idrett, korleis norsk idrett er organisert og leia på ulike nivå, og korleis idrettslag er bygd opp. Stryn Turn & Idrettslag er eit fleiridrettslag der dugnad, medlemskontingentar, arrangement og sponsorar er viktige inntektskjelder for at drifta skal gå rundt.

Hovudlaget
Hovudlaget er leia av Jonn Beinnes. Siste året var ST&IL registrert med ca 970 medlemar. Medlemsbladet «Stryningen» kjem ut fire gonger i året, og er ein viktig del av kommunikasjonen ut mot medlemane. Under hovudlaget kjem dei forskjellige gruppene, i tillegg til anleggsutvalet. Etter at automatmidlane forsvann i 2008 er grasrotandelen viktig for økonomien i idrettslaget.

Anleggsutvalet
Anleggsutvalet har hovudfokus på vedlikehald og utvikling av Stryn Stadion og framtidig utbygging av Strynehallen. Jarle Lien er leiar i utvalet.

Fotballgruppa
Styret i fotballgruppa er leia av formann Nils Petter Hauge og Inge Mathias Tvinnereim er dagleg leiar. Gruppa har stor aktivitet, med ca 30 lag påmeldt i serie og turneringar. Generalsponsorane er Nordfjord Kjøtt og Sparebanken Vest. Intervju med trenarane for A-laget kan du sjå her.

Handballgruppa 
Styreleiar Frode Molnes og dagleg leiar Eli Kroken er sentrale i handballgruppa . Gruppa hadde i 2008 totalt 246 aktive i alderen 6 år og oppover. Handballgruppa arrangerar NK-cup kvart år.

Skigruppa (alpint) 
Skigruppa var i fjor leia av Kåre Tonning. Gruppa hadde i 2008 omlag 20 aktive utøvarar i alderen 5-15 år.

Trimgruppa
Trimgruppa har herretrim, volleyball for damer , idrettsmerketaking, squash og fjelltrim. I tillegg arrangerar dei Strynemila i samarbeid med Nordea og Fagre Stryn Aktivitetsselskap. Trimgruppa har òg ansvar for lysløypa, turkart/løypenett og smørjeboda på skisenteret. Fjelltrimmen hadde i 2008 over tusen besøkjande. Squashgruppa hadde 32 medlemar, og 34 personar klarte kravet til idrettsmerke.

Turngruppa
Turngruppa tilbyr også aktivitetar som dans og dametrim. Leiar i gruppa er Arve Aaning.

Sykkelgruppa
Sykkelgruppa hadde i utgangen av 2008 nærmare femti aktive medlemar. Gruppa har arrangert 2 sykkeldagar i året: «Familiens sykkeldag» og «Terreng sykkeldag». Magne Riise er leiar av gruppa.

Markane og Stryn Barneidrettsskule
Barneidrettsskulen er eit samarbeid mellom Markane Idrettslag og Stryn Turn & Idrettslag. Barneidrettsskulen er for born frå 1. til 7. klasse. Det vert lagt vekt på eit allsidig tilbod, der ein skal vere innom dei tradisjonelle idrettane. Barneidrettsreglane er sentrale for all aktivitet. I 2008 var det 73 born påmeldt. 

CC BY-NC 4.0 Stryn Turn og Idrettslag av Johann Sigurdsson er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Johann Sigurdsson, 2009