Sidemeny+

Segling i Sognefjorden

Posted on 29. apr 2009 by in Ferdsle, veg og sti

Sognefjorden skjer seg som eit glinsande band inn gjennom landet. Oftast er fjorden mild og roleg, og ein fryd å ferdast på. Men nokre gonger bles det friskt, og til tider, friskare enn det ein kunne tru var mogleg mellom dei høge fjella.

Plassering i kart

Sognefjorden er vakker. Å ferdast på fjorden i ein seglbåt er ein naturoppleving. Ein kan få auge på ørna som svever roleg i sirklar og speidar etter bytte. Ein kan både høyre og sjå hjorten som brøler, eller beiter roleg på trea. Stundom dukkar det opp sel eller oter. Ofte ser ein nise som pustar og bles. Ein seglbåt fær stilt fram, og ein kjem tett innpå dyra og fuglane.

Store delar av året er det mykje trafikk på fjorden. Svære turistskip, lastebåtar og hurtigbåtar er stadig på veg ut eller inn. Ferjer og små passasjerbåtar fær på kryss og tvers. For nokre år sidan var det jamvel nokon som hadde sett ein russisk ubåt i denne vakre fjorden. Tenk å kunne stikka opp periskopet og sjå dei majestetiske fjella strekkje dei snødekte toppane meir enn 1500 meter opp mellom skyene. Tenk så fint det måtte vera å sjå epletrea bløme i mai. Tenk så godt å ha 1000 meter djupt vatn å gøyme seg i om det skulle komme eit norsk marinefarty. Fjorden yrer av liv.

Seglbåten nyttar vinden som framdrift. Ein kan tenkja seg seglet som ein flyvengje som står på høgkant. Eit fly må nytta motor for å få nok vindfart til å gje vengen løft. Dette løftet kjem av di vengen er forma slik at lufta over vengen har lenger veg å gå enn lufta under vengen. Lufta får då større fart på oversida enn på undersida, og dette skapar eit undertrykk, slik at vengen vert «suga» opp. På same måten lagar vinden som bles forbi seglet eit «sug», som trekkjer båten framover. Ein seglbåt kan faktisk segle mot vinden, ikkje rett imot, men nesten. Segling er Fysikk i praksis.(Les meir om dette under ekstra omtale)

Om det er mykje fart i skyene, må ein vera varsam med kor mykje segl ein har oppe. Høge fjell og tronge dalar kan gje vinden uana fart og retning. Ein kan oppleva å segla på fjorden i fin bris frå aust. Når ein kjem nær ein plass fjorden deler seg, eller om ein segler forbi ein dal eller ein høg topp, kan vinden brått komme som eit stormkast frå nord, eller ein kraftig fallvind frå sør. At vinden endrar kraft og retning brått og brutalt, kan rive sund segla eller gje båten ekstrem krenging. Det er difor viktig å bruka redningsvest, ikkje ha for mykje segl oppe, og å halde skarp utkik med tanke på endringar i vinden.

Ein kjem lett i kontakt med folk, om ein legg til ved brygger, gjestehamner eller småbåthamner langs fjorden. Omtrent alle ein treffer på er vennlige, hjelpsame og interesserte i å slå av ein prat. Dette set prikken over i’en, på ein elles fantastisk oppleving.

Segling og fysikk
Segling er i røynda fysikk. Ein kan sjå på seglbåten som ei vektstang. Vektstanga står rett opp og ned, flyt i vatnet, og har eit balansepunkt under vatnlina. Framdrifta vert til i eit spel mellom aerodynamiske og hydrodynamiske kreftar.

Dei hydrodynamiske kreftane vil, saman med tyngdekrafta, halda masta rett opp slik at vektstanga er i balanse. Dei aerodynamiske kreftane bringer vekktstanga ut av balanse. Båten krenger. dei hydrodynamiske kreftane vil då prøve å bringe vektstanga tilbake i balanse.

Til saman fører desse kraftkomponentane til ei resultaantkraft som driv båten framover. Båtenvil no aksellerere, heilt til friksjon og luftmotstand oppnår ein kraft, lik resultantkrafta som driv båten fram. No har båten jamn hastighet.

CC BY-NC 4.0 Segling i Sognefjorden av Terje Dammerud er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Terje Dammerud,2009
Kommune: hamna