Sidemeny+

På attgrodd stig til Vaulehornet

Posted on 30. apr 2009 by in Ferdsle, veg og sti, Pedagogikk

Foto: Bjørn Holvikall-rights-reserved

Varden på Vaulehornet

Mange av dei gamle stigane og råsene i skog, fjell og mark er i ferd med å bli viska ut. Med dette forsvinn noko av den lokale kulturhistoria vår. Ved hjelp av moderne teknologi er det likevel råd å ta vare på desse minnesmerka før dei blir borte for godt. GPS og sporlogg er veleigna reiskapar til eit slikt føremål.

Plassering i kart

Utmarksstigane forsvinn
I våre dagar brukar folk utmarka på ein annan måte enn tidlegare. Utover på 1960-talet vart til dømes seterdrifta lagt ned i mange bygder. Det moderne jordbruket som vaks fram, er i lita grad prega av naturalhushald slik tilfellet var før. Ressursar i form av fjellbeite og fisk i vatn og innsjøar blei utnytta, ved og tømmer teke av skogen. Går vi endå lenger tilbake i tida, var det ikkje uvanleg med torvskjæring og tjærebrenning. All denne aktiviteten sette tydelege spor av ferdsel etter seg. Fjellvandring i dag skjer ofte langs oppmerka løyper og stigar. På denne måten blir dei meir lokale råsene attgrodde og utydelege. Lyng, mose, einer og tre dekkjer spora effektivt.

Ein av dess «gløymde» stigane går mellom Rimstaddalen og fjelltoppen Vaulehornet i Vågsøy kommune. Den har ingen plass i bøker som beskriv turvegar eller «oppturar», og er ikkje innteikna på kart.  For å dokumentere eller sikre denne råsa for ettertida, har eg brukt sporlogg-funkjsonen i GPS-en og lagra ruta på kartet.

Stigen mot Vaulehornet
Vegen startar ved garden til Ragnar Endestad, øvst i Rimstaddalen (ca. 100 m.o.h.).  Turen mot Vaulehornet (566 m.o.h.) er ikkje spektakulær, men den gjev høve til god utsikt og fine naturopplevingar. Den har eit par bratte parti, men er på ingen måte farleg. Store delar av stigen går over ein åsrygg, og utsynet er aldri stengt av skog eller annan høg vegetasjon. Tidsbruken kan vere ca. 1,5-2 timar opp, litt mindre attende. Avstanden mellom start og endepunkt (ein veg) er om lag 4,5 km. Profilkurva (sjå bilete nr. 3) viser korleis stigen varierer i høgdeplanet. Kartskissa med GPS-sporet syner stigen i horisontalplanet.

Historie
Langs ruta har vi utsikt til fleire gamle støylar: Rundshaugsetra, Bjønnahola og Rimstadsetra. Vi passerer også murane på setra Rognehola, men desse ligg slik til i terrenget at vi ikkje ser dei frå stigen. Dei som ønskjer å vite litt meir om Rundshaugsetra, kan sjå på dette panoramabiletet og lese pdf-dokumentet. Turen går tidvis parallelt (-men i anna høgdeplan) med den gamle postvegen mellom Rimstad og Selje.

Eit myrområde omlag midtveges på postruta blir kalla Futemyra. Historia vil ha det til at ein fut blei myrda og nedgraven der. (Kjelde: Lars Rimstad, Bryggja)

Råsa mot Vaulehornet går rett forbi ein skrent som heiter Ørnereiret.  Også i «gamal» tid var ørna ein reell trussel for småfeet, og bøndene ønskte å halde ørnebestanden nede. Ein av dei lokale bøndene skal ein gong ha fira seg ned i Ørnereiret, og drepe kyllingane. Dette var tidleg på 1900-talet.

Rundt 1905 skal også den siste bjørnen i området blitt skoten, ikkje langt frå Berstadvatnet under Kvamfjellet. I følgje tradisjonen skal jegeren ha skadeskote bjørnen, som forsvann. Den blei fleire månader seinare attfunnen død eit godt stykke unna. Den uheldige jegeren blei «sverta» med ei nidvise for denne hendinga, avdi han ikkje kunne vente til han kom på skothald. (Kjelde: Lars Rimstad)

Vaulehornet har ein varde på toppen. Om denne er av relativt ny eller av gammal dato, er uvisst. Den har ikkje storleik og utforming som tilsvarar vardane på nabofjella St. Synnevahornet, Kvamfjellet og Flistrahornet. Varden er mindre enn desse, og enklare oppbygd.

Planteliv
Terrenget opp mot Vaulehornet har ikkje eit spesielt rikt planteliv, jordsmonnet er nok for magert til det.  Vi finn ulike lyngartar ( t.d. røsslyng, kvitlyng, poselyng), og ein del einer. Denne vegetasjonen gjer det tidvis vanskeleg å følgje råsa nøyaktig. Utanom stigen finst nokre myrlendte områder med mose, torv og siv. Romeplanten veks det ein god del av. Forsking viser at denne planten er årsak til sjukdomen alveld hos lam. Rett før årtusenskiftet (mot 2000) var det ein periode med til dels store lammetap her. Det var ikkje uvanleg å gå på døde dyr, og årsaka var truleg utbreiinga av rome. Av «nytteplantar» kan nemnast molte, tyttebær og blåbær.

Fuglar og dyr
Det finst ein del rype  i terrenget. Ved eit par høve har eg nærast gått på rypereir som låg tett ved stigen. Ved det eine tilfellet var det levande kyllingar i reiret, og desse spreidde seg i vifteform og forsvann i lyngen straks mora forlet reiret. Den andre gongen låg rypa på egg. Sjå videoen!

Heiloen kan ein høyre eller sjå på nesten kvar tur til Vaulehornet på vår- og sommarstid. Det førekjem også raudstilk. For ei tid sidan observerte eg den ved ei tjønn (Kupevatnet) som ligg eit stykke ved sida av stigen.Trostefuglar er vanlege.

Av større dyr er nok hjorten den vanlegaste her. På sjølve åsryggen der stigen går er han nok sjeldan å sjå, men det er skogsområde på begge sider. Rikelege førekomstar med lort vitnar om at hjorten beitar i terrenget, men han trekkjer nok mot skogen når folk er i kjømda. Ved foten av Vaulehornet er det ei tydeleg hjortegrop.

Geografi
Etterkvart som stigen nærmar seg 500 høgdemeter, får vi et vidt utsyn mot fleire kjende fjelltoppar. Mot sørvest kan vi sjå St. Synnevahornet (689 m.o.h.), høgaste punktet i Vågsøy kommune. Rett mot nord frå Vaulehornet ligg Kvamfjellet med 774 m.o.h. (også kalla Saltahornet), som er høgst i Selje kommune. Flistrahornet på 570 m.o.h ligg omlag 2000 meter i luftlinje mot nordvest. Hornelen (860 m.o.h.), som er høgaste sjøklippa i Nord- Europa, er tydeleg i sørvest. Fjellrekkja i Bremanger kommune på andre sida av Nordfjorden dannar horisonten i sør. Desse fjella er til dels snøkledde heile året. 

Stigen passerer enden av Tverrfossevatnet med ein avstand på rundt 100 meter. Her er det aure. Fisken er ikkje spesielt pen, (litt mørk og mager) men grei nok til steiking. Langedalsvatnet ligg også innanfor rekkjevidde, ca. 15 min. unna. På toppen av Raudaurebakken (- som har namnet sitt etter fargen på «grusen» i terrenget) ser vi vindmøllene på Mehuken (Kråkenesfjellet).  

Turen til Vaulehornet kan trygt tilrådast, både for barn og vaksne. Nokre av bakkane kan vere litt krevjande, men der er mange stekningar med enkelt terreng. Ruta er best tilgjengeleg i sommarhalvåret.

CC BY-NC 4.0 På attgrodd stig til Vaulehornet av Bjørn Holvik er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Bjørn Holvik, 2009
Kjelder: Lars Rimstad, Bryggja Kjellfrid Rundshaug, Bryggja Lokale grunneigarar Internettressursar Statens Kartverk, topografistk hovudkartserie Garmin GPS-kartverk