Matematikk i kyrkja

Leikanger kyrkje
Leikanger kyrkje er frå kring 1250 og er ei av dei eldre steinkyrkjene i landet. Kyrkja inneheld altertavle, døypefont og preikestol som kan brukast som læremiddel i matematikk. I denne artikkelen skal me sjå nærare på preikestolen i kyrkja og korleis den kan koplast til undervisninga. Du kan lesa meir om preikestolen. Eg lagar denne artikkelen som eit tips om bruk av nærmiljøet i undervisninga.
Plassering i kart
PREIKESTOLEN
Preikestolen viser dei fire evangelistane rekna frå midtgangen mot sørsidea: Matteus og engelen, Markus og løva, Lukas og oksen, Johannes og ørna. Den siste er tapt og inneheld berre omrisset. Evangelistane er innramma med bruk av kjende geometriske figurar. Biletet Bruk av matematikk viser to konsentriske halvsirklar med ein innskriven seksdelt sirkel. Biletet Konstruksjon viser seksdelinga av sirkelen.
MUNNLEG KOMPETANSE
Å kunne uttrykkje seg munnleg i matematikk inneber å gjere seg opp ei meining, stille spørsmål, argumentere og forklare ein tankegang ved hjelp av matematikk. Det inneber òg å vere med i samtalar, kommunisere idear og drøfte problem og løysingsstrategiar med andre. I eit kyrkjebesøk vil det vera naturleg å uttrykkja seg munnleg og studieobjekta til høgre er høvelege for samtale elev-elev og elev-lærar.
DIDAKTISK KOMPETANSE
Kompetansemåla i matematikk er sterkt prega av didaktikaren Mogens Niss frå Dannmark. Han presenterer matematisk kompetanse som 8 delkompetansar som du kan lesa om på http://pub.uvm.dk/2002/kom. Tradisjonelt har læreboka vore styrande for undervisninga i matematikk. For lærarar som vil bruka nærmiljøet i undervisninga, vil ein delvis fjerna seg frå læreboka og dermed kjenna seg usikker i høve måla for undervisninga. Då kan det vera ei god støtte å bruka Niss si inndeling i lærarkompetanse (dansk tekst): læseplanskompetence, undervisningskompetence, læringsafdækningskompetence, evalueringskompetence, samarbejdskompetence, professionel udviklingskompetence. Du kan lesa meir om undervisningskompetanse
-
Leikanger kyrkje Foto: Jon Henjumall-rights-reserved
-
Leikanger kyrkje Foto: Jon Henjumcbn
-
Preikestolen Foto: Jon Henjumall-rights-reserved
- Frå preikestolen – Lukas
- Bruk av matematikk
-
Konstruksjon Foto: Jon Henjumall-rights-reserved
-
Trekantar, trapes og rektangel Foto: Jon Henjumcbn
Matematikk i kyrkja av Jon Henjum er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.