Sidemeny+

LAKSEHYTTENE I BYRKNESØYANE

Posted on 23. apr 2009 by in Arbeidsliv

Foto: Jostein Napsøycbn

Laksehytter

På slutten av 1800-talet var laksehyttene i skjergarden ein viktig ressurs for sjøfolk som dreiv med fiske utanfor øyane på Byrknes. Dei vart tekne i bruk som kvilepost når heimreisa vart for lang. Hyttene var små, og dei vart brukt mest om sommaren fordi dei var lite isolert. Etter 1940 vart dei ikkje brukte meir.

Plassering i kart

Hyttene var enkle og ikkje særleg store. Dei inneheldt ikkje meir enn nokre senger, eitt bord og ein omn. Dei blei brukt til overnatting, og som kvilepost spesielt om sommaren. Ved hjelp av desse hyttene, slapp dei å ro heilt heim. Dei som brukte hyttene fiska når det var lyst, og kvilte når det vart mørkt. Dei største hyttene var 5-7 m2. Dei var ikkje meir enn ca 2 meter høge. Livet til sjøs Når fiskarane var ute på sjøen, brukte dei robåtar. Nokre av reiskapane dei brukte var garn, line, krabbeteine, hummarteine, dorg og trove (gammaldags fiskestong). Det vart etter kvart lange dagar med hardt areid, derfor var lakse hyttene ein god ressurs. Etter dei hadde lagt ut til dømes garn, line eller krabbeteiner, kvilte dei i laksehyttene. Dagen etter rodde dei ut for å sjå om det vart fangst. Stadar der hyttene låg Mange av hyttene har rasa saman i løpet av alle åra som har gått. Men det er fortsatt nokre få som står igjen. Her er ei liste over øyane der hyttene stod: -Ytre Ingeberskjæret: 2 stk -Sandholmen: 1 stk -Storjohansøy: 3 stk -Ryvla: 1 stk -Kjellingøyna: 1 stk -Kastholmen: 1stk

CC BY-NC 4.0 LAKSEHYTTENE I BYRKNESØYANE av Joakim Nymark er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Joakim Byrknes Nymark, Elisabeth Napsøy og Amalie Kristine Stendal Byrknes, 2009
Klassetrinn: 8. og 9. klasse
Kjelder: Skriftlege kjelder: Forfattar: Ivar Kleiva «Gulen i gammal og ny tid, band 3»(Verbum grafiske AS Stavanger ? 1996). Munnlege kjelder: Asbjørn Torleif Napsøy, Judith Ragnhild Napsøy, Olav Solhaug, Haldis Solhaug, Johannes Byrknes og Ola Byrknes.
Kommune: Byrknes