Sidemeny+

Kvernhus

Posted on 29. apr 2009 by in Bygning, anlegg og arkitektur

Oppbygging og bruk

Gjennom tidene har vatn og vasskraft vorte nytta til energi. Mykje av arbeidet på gardane vart lettare då dei kunne nytta seg av vatn som til dømes til kverning av korn.

«Ved kvernbekken» av Jakob Sande
Å hei, kor det durar i kallen,
han vaskar i vatnet og sviv!
Surr-burr- går den knurrande trallen
so vassføyka sprutar og driv!
Stri gjennom sleipe sloket
stryk fossen i heksedans,
og høgt over skovleroket
ligg skummet i kvervelglans.
                             

Plassering i kart

Litt historie
Landbrukshistorikarar har hedva at vasskvernene kom til Noreg på 1200 talet. Det var vanleg at kvart bruk eller kvar gard hadde si eiga kvern. Fleire gardar kunne ha kvernhus i same elv eller gro. Det var mest flaumkverner. Det vil sei kverner som berre kunne vera i bruk då det var mykje vassføring. Somme stader var det oppdemt ei demma lenger opp i elva for at ein kunne nytta kverna fleire gonger i året. Dersom det var uvisst med kvernavatnet, mol dei dag og natt til alt kornet var male. Dei mol korn både haust og vår for å ha nok til brød, graut og malt. Kornmalinga var mannsarbeid, men så lenge handkvernene var i bruk var det kvinnearbeid.

Oppbygging og bruk 
Kvernhusa vart bygd godt opp frå bakken. Grunnen til dette, funksjonen av dei ulike delane, patentar og metodar som vart nytta, kan du lesa meir om her.

Kvernsteinsbrot
Steintypen dei nytta til kvernsteinane måtte vera harde slik at dei ikkje fekk steinstøv i mjølet. Ofte var dei laga av granatglimmerskifer. I Hyllestad i Ytre Sogn og på Røros var det kvernsteinbrot.

Vasskraft og kunnskapsløftet
Etter sjuande trinn skal elevane i Natur og miljøfag gjera greie for korleis me gjennom tidene har brukt overføring i rørsle for å utnytta energi i vind og vatn. Det å bruka kvernhus for å mala korn er ein slik overførbar energi. I tillegg kan dette emnet vendast inn på maling av korn og mattradisjonar innanfor faget Mat og helse.
Elevane i sjuande trinn ved Flåm skule har jobba med vasskraft. I samband med dette har dei vore og sett på eit kvernhus.

Kvernhuset på Opheim
Kvernhuset, som står på garden Opheim på Voss, var ei flaumkvern i 1723, 1776 og 1791. Ein veit ikkje kva tid huset er bygd. Huset står ved ein høl attmed elva som renn frå Skutlestjørnet. I mellom huset og gamlebrua var det ei demme der sloket gjekk frå. Demma og sloket er borte, men ein ser jarnstenger og steinar etter kvar sloket har vore. Du kan lesa meir om kva dei nytta vatn og vasskraft til på garden Opheim.

CC BY-NC 4.0 Kvernhus av Solbjørg Opheim er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Solbjørg Opheim, 2009
Kjelder: Synneva Opheim Lars N. Opheim Arbeidet i bygdene-Johannes Gjerdåker Levande landskap- Johannes Gjerdaker Vossaboki www.vossnow.net www.kvernstein.no Aschehoug og Gyldendals store norske leksikon