Sidemeny+

Krigshistorie frå Rutledal

Posted on 2. apr 2009 by in Krigsminne, Ymse

Foto: Silje Breidvikcbn

Ei av kanonstillingane

Har du køyrt forbi Rutledal i Gulen og fått auge på nokre bunkersar ved vegen? Kanskje har du undra deg over kor gamle dei kan vere og kva dei blei brukt til. Her får du svar på akkurat dette.

Plassering i kart

Kommandotårnet

Kommandotårnet blei bygd under 2. verdskrig i 1941. Dette tårnet brukte tyskarane til å halde utkikk over sjøen, i tilfelle båtar kom for å angripe. Tårnet ligg øvst av alle anlegga og hadde telefon-kontakt med alle dei fire kanonstillingane. Kanonsjefen som var oppe på kommandotårnet, gav beskjed til dei andre som var nede på kanon-stillingane når dei skulle fyre av kanonen. Han formidla denne informasjonen over telefon. Då gav dei òg posisjonane til kanonstillingane slik at dei visste nøyaktig kvar kanonkulene skulle lande.

Torpedobatteriet

I mai 1940 blei det første store forsvarsannlegget, torpedobatteriet, bygd. Torpedoane blei skotne ut frå ein svingbar torpedokanon med trykkluft. Torpedobatteriet blei ikkje brukt i kamp, berre til øvelse.

Bunkersane

I 1941 laga tyskarane ei rekkje militære anlegg, som til dømes bunkersar. Mange av bunkersane blei brukt til å lagre både mat og ammunisjon. Viss tyskarane plutseleg måtte trekkje seg tilbake, blei nokre av bunkersane brukt til gøymeplassar.

Kanonane

Det var fire forskjellege kanonstillingar. På alle kanonstillingane var det ein ring av jern, og i midten stod det ein bolt. På denne bolten blei kanonen festa og kunne dermed svingast rundt etter dei forskjellege posisjonane.

Mannskapet

Det var over 100 tyske soldatar ved anlegget i Rutledal. Dei budde i trehus som hadde tynne treveggar, fordi det skulle vere enklare å flytte dei rundt. Desse husa blei kalla barakker. Det var her dei åt og sov. Dei hadde ikkje straum, så dei brukte enten kòl eller ved til å koke på og halde varmen. Som lyskjelder brukte dei karbidlamper.
Dei tyske soldatane hadde også hestar og desse dyra hadde eigne stallar.

CC BY-NC 4.0 Krigshistorie frå Rutledal av Laila Røkenes er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Ingrid Krakhella og Silje Breidvik, 2009
Klassetrinn: 8. og 9. klasse
Kjelder: Asbjørn Rutledal