«Henkabua» på Byrknes
Henkabua er ein institusjon på Byrknes, eit bygg som har gått inn i historia. Her har det vore sildesalting, størjemottak, oljesal og ikkje minst ein sosial samlingsplass for byrknesingane. Til å begynne med blei kaia og bua kalla for »Larskaia» og »Larsbua» etter han som bygde ho, Lars. Etter kvart overtok sonen Henrik Larsen drifta, og etter at Lars døydde begynte bygdefolket å kalle det for »Henkakaia» og »Henkabua». Henrik dreiv bygget fram til han døydde i 2003.
Henkabua vart bygd i 1918. Det var Daniel på »Ørneshåja» og Lars H. Birknes som fekk bua bygd. Daniel var svogeren til Lars. Bua blei bygd fordi dei tenkte nytt, og var på ein måte gründarar på si tid. Mange byrknesingar har hatt arbeid der opp igjennom åra. Aktivitet: Det begynte med salting av sild. Det var travelt i høgsesongane og mange fekk jobb her. Mest kvinner. Der tjente dei gode penger i ei elles vanskeleg tid. Silda vart ført frå dei ytre øyane utanfor Byrknes og inn i Nesevågen til Henkabua. Her blei ho teken imot, og salta ned i tønner. Tønnene vart så ført til Bergen med båt. Lars hadde bygd ei kai i samband med bua. Denne blei bygd i 1930-åra. Desse to »forretnings-mennene» kjøpte òg skråme. Denne brende dei om til kol på rister, og sende den vidare til Bergen med båt. Den brende skråma laga dei jod av. Størjemottak: Størja var ein stor fisk på fleire hundre kilo. Fiskebåtane vest for Byrknesøy kom inn i Nesevågen med fansgten til Henkabua. Der sløya dei størja og vegde ho og so kom de føringsbåtar og henta ho. I bua tok dei og imot hummar og ål. Det var kun Kalle, broren til Henrik og Anton, onkelen deira, og bror til Lars, som dreiv med dette. Seinare tok dei til med sildesalting igjen. Dette gjorde dei til silda forsvann ein gong i 1960-åra. Lars døydde i 1949, men Henrik og Kalle prøvde så godt dei kunne å drive verket hans vidare. Ei stund før Lars døydde, hadde han og begynt å selje olje frå kaia. Dette gjorde at båtar kunne komme inn til kaia for å bunkre. Det var Henrik som vart olje-selgaren, mens Kalle var mest på fiske, så han var vekke i lange periodar. I 1969 vart bua skøytt over på Henrik, og sonen til Alfred, Lars Martin etter at Kalle døydde i ei ulykke på ein fiskebåt. Han fekk eit tau som slitna i bakhovudet, og døydde ombord i båten I 1987 vart delen til Henrik skøytt over på Hilmar. Henrik hadde tenkt til å slutte med oljen, men bygdefolket protesterte mot dette, og det gjorde at han fheldt fram med det lenge etter at han vart pensjonist. Sosialt samvær: Mange byrknesingar har tatt sine første dansetrinn i Henkabua. Før ungdomshuset vart bygd var det i Henkabua ungdomen frå Byrknes samla seg til dans om laurdagskveldane Visst dei ikkje kunne skaffe spelemann måtte Mary og Hilmar, borna til "Henkaen", sørge for musikk frå platespelar. Dei hadde ein slags høgtalar som gjekk ifra huset og ned til bua, og det gav god lyd. Men bua var også ein samlingsplass fror pensjonistane i den tida Henrik dreiv oljesal. Kvar dag samla dei seg i bua til Henrik for å frette nytt og for å diskutere både lokale og internasjonale spørsmål som måtte komme opp. Bua er og blitt brukt til lagrinsplass for fiskefor/kontor då sonen til Henrik , Hilmar dreiv med oppdrett frå byrjinga av 90-talet. Idag er bua riven, og sonesonen til Henrik er i gang med å bygge et nytt bygg på tomta. Bygningen blir hovudkontoret til Byrknes Auto A/S, og det er Hilmar og sonen Stein Inge som står bak det. Her vert det kontor, fiksemottak, verkstad, oljesal og ein marine. Igjen vil »Henkabua» bli ein viktig plass på Byrknes.
«Henkabua» på Byrknes av Joakim Nymark er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.