Sidemeny+

Geoatlas-til mykje gagn og ekte glede

Posted on 15. apr 2009 by in Pedagogikk

Foto: Håkon Haukøycbn

Frå naturfagrapport: Vi lagar såpebobler

I kring seks år har arbeid med Geoatlas vore ein del av «livet» og skuledagen for mange klassar ved Hyllestad skule. Engasjementet og innsats har gått litt opp og ned; nokre grupper har vore heilt hekta på aktiviteten medan andre har vore meir nølande til aktuelle oppdrag. Likevel-det inntrykk som har festa seg, er alle dei positive tilbakemeldingar frå elevar og lokalsamfunnet på prosjekt vi har gjennomført, og utsegn om kor viktig og nyttig lærdom og informasjon vi har dokumentert gjennom skrift og bilete.

Plassering i kart

Hyllestad-fjorden, fjellet og folket
Skulen vår kom med i prosjektet i 2003. Etter besøk frå Fylkeskulturkontoret og litt informasjon og kursing, var vi klar for Fjellatlas som det då heitte. Etter læreplanverket som då vart nytta, NLS 1996, skulle elevane i 10. klasse gjennomføre ei avsluttande prosjektoppgåve, og her kopla vi denne opp mot Fjellatlas. Kring 40 artiklar vart skrivne der tema i hovudsak var soger knytte til spesielle stader, stiar, stølar, fjell eller personar. I tillegg fann nokre elevar i andre klassar stor glede i arbeidet med Fjellatlas og la inn artiklar med tradisjonelle tema.

På tide
Lærarane våre såg straks verdien av Geoatlas i høve til det å lære elevane grunnleggjande dugleikar i lesing, skriving og IT. Tilbakemeldingar frå elevane var gode og positive. Ei ekstra inspirasjonskjelde var det å oppdage at no var tida mogen for å skrive ned informasjon om eldre kulturminne, stadnamn og hendingar. Dei som visste noko om slikt, tok til å bli gamle eller var allereie gått bort.

Sakprega tekstar
Eksamensformene i norsk skriftleg har ikkje funne si endelege form; endringar skjer frå år til år, men krav til å skrive sakprega tekstar ligg der. Her kan Geoatlas vere til verkeleg nytte. Jamn jobbing som artikkelforfattar til Geoatlas vil gje eleven fordelar når eksamen i norsk skriftleg står for døra. Slik dugleik har også gjeve elevane våre fortrinn når dei har utmerka seg ved å skrive gode artiklar til lokalavisene.

Nydeleg, tydeleg og prydeleg
Malen som tekstane i Geoatlas vert forma etter, er tiltalande. Skrift og bilete legg seg ryddig til rette. Dette likar elevane. Derfor har vi også brukt Geoatlas til rapportskriving frå turar, ekskursjonar, hospiteringsveker og elevaktivitetar i til dømes naturfag. Spranget mellom sjangrane er ikkje så stort, og fleire døme på denne bruken har vi lagt ut på Geoatlas.

Bruk eller kast?
Gjennom åra samlar det seg mange skriftlege elevarbeid på skulen. Mange av desse ønskjer vi å ta vare på, og dei vert lagt ein eller annan stad-og gløymt ! Ei betre løysing er det å sortere litt i bunkane, og leggje ut på Geoatlas artikkelstoff vi trur kan vere nyttig, spennande og verd å verne om.

Gjer Geoatlas til ein levande reiskap
Viss alt går av seg sjølv, går det nedover; difor treng også Geoatlas visse rammevilkår for å vere ein sjølvsagt av «skulelivet». Nokre eldsjeler mellom dei tilsette kan ofte vere nok, og så ein som er villig til å vere «bas», helst med tidsressurs, til dømes 1-2 timar/veke. Ein kan ikkje venta at alle grupper ved skulen skal vere like ivrige Geoatlas-aktørar, men alt vert meir inspirerande om du i alle fall har ei gruppe som er ekte engasjert og opptrer som medarbeidarane dine.
Då går det ikkje lenge før andre i lokalmiljøet oppdagar kva viktig arbeid de gjer.
Og heilt til slutt: Gjennom arbeidet med Geoatlas får du medspelarar og inspiratorar på andre skular og frå ABM rådgjevar hjå Fylkeskommunen.

CC BY-NC 4.0 Geoatlas-til mykje gagn og ekte glede av Håkon Magnus Haukøy er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Håkon Haukøy, 2009
Kommune: Leirvik i Sogn