Sidemeny+

Fuglar i nærmiljøet

Posted on 30. apr 2009 by in Pedagogikk

Kattugla passar godt på dei tre ungane sine

5 klasse ved Sande skule har dei siste åra hatt prosjekt om fuglar i nærmiljøet. Dei har bygd fuglekassar, hatt vedlikehald av eldre fuglekassar og utover våren hatt jamleg observasjonar i kassane.

Plassering i kart

Gjere klar til ny fuglesesong
Tidleg i vår var klassen ute på leiting etter gamle fuglekassar. Ein måtte sjekke om nokon var øydelagde, om festa var gode og ein måtte rydde og gjere kassane klare til dette årets fuglar. Elevane måtte passe på at det ikkje allereie var fuglar i nokre av kassane før dei gjorde vårreingjeringa, men heldigvis var dei såpass tidleg ute at alle kassane var tomme. Nokre kassar var skada, så klassen ville gjerne erstatte desse, i tillegg til å lage fleire fuglekassar som dei kunne setje opp til nye fuglar.

Fuglekassar
Elevane syntest det var kjekt å lage fuglekassar, og mange sette sitt personlege preg på kassane. Sitat som  «Home, Sweet Home» og «Velkommen» skulle lokke til seg fuglane og få dei til å føle seg heime. Fuglekassane blei hengt opp i nærmiljøet rundt skulen. Nokre utanfor klassevindauge, nokre ved skuleplassen, men dei fleste i ein skog bak skulen.  Sidan fuglekassane er hengt opp i nærmiljøet kan elevane på nært hald følgje med på aktiviteten rundt og i fuglekassane, og ein kan ta runden til alle fuglekassar i løpet av to skuletimar. 

Observasjonar
Klassen har i vår gått jamlege turar for å observere kva for artar som har «flytta inn» i fuglekassane. Dei registrerer antal egg og seinare antal fugleungar i kassane. Ein har til no observert  7 ulike fugleartar: Kjøtmeis, Blåmeis, Svartkvit Flugesnappar, Gråtrost, Svarttrost , Løvmeis  og Kattugle. Gleda var ekstra stor når ein såg at Kattugla hadde komme tilbake for andre år på rad.

Fugleungar
Mai var ei spennande tid for elevane og dei venta spent på at egga skulle bli klekte. Og gleda var stor når dei såg at Kattugla hadde fått tre ungar og Svarttrosten fire ungar. Klassen syntest spesielt kattugleungane var fine, sidan dei var så kvite og dekt av mjuk dun. Framover no vil fleire og fleire egg bli klekte og fugleungane vil bli nøye følgt med utover sommaren. Og når dei til slutt forlet fuglekassane for godt dette året, vil dei ha elevane sine mange lykkeønskingar med på ferda og håp om å sjåast igjen til neste år.

CC BY-NC 4.0 Fuglar i nærmiljøet av Dina Follevåg er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Dina Follevåg,2009