Byrknes Krabbefabrikk
Etter å ha returnert frå Amerika i 1915 starta Martin E. Birknes ein krabbefabrikk på Byrknes . Fabrikken gjekk godt og vaks. På det meste kunne det vere 60 arbeidarar der. Dette var folk frå Byrknes og øyene rundt. Produkta vart send til fleire utanlandske land. Bedrifta var på randen av konkurs i 2-3 år, men tok seg opp att og gjorde det veldig bra vidare.
Plassering i kart
I 1903 reiste Martin E. Birknes til Amerika for å skaffe pengar. Han arbeidde der i 10 år. Då meinte han at han hadde nok pengar til å starte ein hermetikkfabrikk. Han kalkulerte litt feil og måtte låne litt pengar frå Vestbanken. Han byrja å arbeide på Henkakaia, men nokre år seinare, i 1925, bygde Martin fabrikken på ei kai ved sidan av Henkabua. Det var 2 bygg, eit for rensking av krabberensking, eit for pakking og lager. Dei heldt berre på med krabbar i krabbesesongen. Krabben vart fiska av småbåtar i nærleiken, dei henta òg ifrå Solund. Det meste dei renska og pakka på ein dag var 9000 krabbar. I byrjinga kunne dei berre koke 100 krabbar om gongen, men dei utvida produksjonen og utstyret og kunne til slutt koke 800 om gongen. Dei hermetiserte også sild, brisling, fiskepudding, hummar og laks. Det kunne vere opptil 60 arbeidarar på ein gong. Det var for det meste kvinner som jobba der. Arbeidsdagane var forskjellige etter kva du jobba med, men dei fleste byrja 08:00 og jobba til 19:00. Arbeidet bestod av kontrollering av krabben, koking, rensking, falsing, steaming for til slutt å lime på etikett på kvar boks. Martin E. Birknes sjølv tok seg av kontorarbeid og salg. Produkta deira vart ikkje berre selt i Noreg. Dei var også send til England og Frankrike. Hermetiserte produkt kunne halde seg i fleire år og vere like gode. Eingong var Martin E. Birknes på messe i Frankrike der han fekk gullmedalje for god kvalitet og etikett. Bedrifta heldt på å gå konkurs og gjorde det ikkje så bra i 2-3 år, men det tok seg opp att og dei gjorde det veldig bra vidare. Sønene til Martin, Olav, Einar og Trygve Birknes tok over fabrikken i 1969 og dreiv den som hermetikkfabrikk til 1975. Fram til slutten av 1980-åra vart lokala nytta som fiskemottak. Men firmanamnet Martin E. Birknes lever vidare. Sonen til Einar, Gjert Birknes, kjøpte produksjonslokala til «Sognefisk» på andre sida av Nesevågen. Der starta dei laksepakkeri. Laksepakkeriet er framleis i full drift.. Men dei gamle fabrikklokala til Martin E. Birknes er ikkje lenger i bruk.
- Hermetikkfabrikken på Byrknesøy
- Hermetikketikettar
Byrknes Krabbefabrikk av Kornelius Teigen Moan er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.