Sidemeny+

Atløy skule til Den Norske Opera og Ballett

Posted on 30. apr 2009 by in Skular og barnehagar

Foto: Målfrid Følling Meiercbn

Alle elevane i 5.-7. trinn utanfor Operaen

Gleda var ubeskriveleg stor då Atløy skule, som einaste skule i Sogn og Fjordane, vart valt ut til å reise til Operaen. For mange elevar var det første gongen å reise med fly og oppleve hovudstaden. Det var nesten som å vinne prinsessa og halve kongeriket.

Plassering i kart

Bakgrunnen for turen  
Her kan du lese meir om bakgrunnen for turen

Reisa
Måndag 26. januar 2009 reiste vi med buss til flyplassen på Bringeland. Spenninga var stor då flyet tok av. Flyveret var fint, og vi kom oss til Oslo på 50 minuttar. Det var likevel godt å kjenne landjorda under føtene igjen. Vi kom oss på flytoget, og derifrå gjekk turen rett til Operaen i Bjørvika.

Operaen
På Operahuset venta dei oss med lunch. Vi fekk så omvisning både i publikumsområdet og bak scena. Dette var spennande, for då fekk vi innblikk i korleis livet i Operahuset artar seg.

Så fekk vi ballettundervisning. Her fekk vi prøve nokre av «stega» til kveldens framsyning: «4 x Lightfoot and Leon». Før vi gjekk til hotellet «Clarion Hotell Royal Christiania», fekk vi middag på Operakantina.

Vi rakk så vidt å pynte oss til førestillinga. Vi var møtt med ein nesten fullsett sal, og for oss vaksne var det ei stor oppleving å ha med 20 elevar, som såg ut til å nyte ballettførestillinga. Dette var ei fantastisk oppleving for oss alle.

Andre dag ved Operaen
Tysdag 27. januar møtte vi i Operaen kl. 10.00. Då fekk vi omvisning i salen med hovudscena. Vi fekk fortalt kor viktig akustikken var for korleis salen vart utforma – heilt ned til den minste detalj, som til dømes stoltrekka.

Deretter såg vi kostymelageret, rekvisittlageret og kulisseverkstaden og mykje meir. Så fekk vi undervisning i operasong. Vi fekk også lunch før vi drog igjen.

Her kan du lese om kva vi gjorde i Oslo etter vi hadde takka for oss på Operaen

Glede og takksemd – eit minne for livet
Vi føler oss sikre på at vi har fått vore med på noko som få andre vil få høve til. Det er trass alt ikkje alle som vil få oppleve eit operabesøk – i alle høve ikkje med innlagt undervisning og full omvisning. Vi vil få takke dei som gjorde turen mogeleg, og dei tilsette ved Operahuset som laga opplegget for oss.

 

 

 

 

CC BY-NC 4.0 Atløy skule til Den Norske Opera og Ballett av Målfrid Følling Meier er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Målfrid Følling Meier, 2009