Sidemeny+

Mat og helse i barnehagen

Posted on 30. mar 2009 by in Immateriell kulturarv

Garnsetjing

Barnehagane i Leikanger har hatt fokus på mat og helse dei siste åra. Dette året er satsinga fisk og opplegget har vore felles for alle kommunale barnehagar. Det er dei eldste borna (femåringane) som har delteke i arbeidet. Den viktigaste samarbeidspartnaren har vore Jakt og Fiskelaget og fylkessatsinga Fiskesprell.

Plassering i kart

Jakt og fiskelaget
Hausten 2008 hadde barnehagane ei temaveke om fisk. Dei tre første dagane var det temaførebuing i eigen barnehage, medan dei to siste dagane var det samling på Nybøstrondi. Desse to dagane var eit samarbeid mellom barnehagane og jakt og fiskelaget. Borna fekk vera med på garnsetjing, garntrekkjing, greia garn, sløying, studie av fangst i storbasseng. I storbassenget vart borna kjend med blekksprut, hummar, krabbe, makrell, torsk, raudspette, flyndre, lange.

Fiskesprell
Fiskesprell er eit samarbeid mellom Helse og omsorgsdepartementet, fiskeri- og kystdepartementet og eksportutvalget for fisk. Dei tre kommunale barnehagane i Leikanger er med i prosjektet og fekk her grundig opplæring i matstell/ernæring. Kurshaldar var Gry Tokvam  i regi av fylkesmannen. Kurset vart ein god inspirasjon i det vidare arbeidet.

Digital kompetanse
Det er teke mange bilete frå arbeidet med satsingsområdet. Bileta kan brukast som eit verktøy i samtalen kring emnet. Fiskeveka vart oppsummert i ein PhotoStory som er brukt i tekstskaping og det var eiga framsyning for foreldra. Det har vore teke og redigert små filmsnuttar, og desse har vore vist som integrert del av ein presentasjon. Slik har me auka bruk av digitale verktøy i det pedagogiske arbeidet i barnehagen. Borna og dei vaksne har hatt ei felles oppleving som gir eit pedagogisk avtrykk.

CC BY-NC 4.0 Mat og helse i barnehagen av Jon Henjum er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Jon Henjum, Ingebjørg Breisnes, Nina Flatebø, Siv Anette Slinde, Aud Torunn Strømseng, Mona Himle, 2009