Sjøahola

Sjøahola og endene
Barnehagen på tur til Sjøahola
Plassering i kart
SJØAHOLA
Barnehagen sitt næraste turområde er på Kletten, i byggefelta eller til Sjøahola. Når vi skal på tur om sommaren og hausten, er det lett å gå nedover bakkane til Sjøahola. Sjøahola har vorte mindre dei siste åra, men er framleis eit våtmarksområde i Førde. Her er særleg ender og måsar. Av og til kan ein også sjå svaner og tjeldar. Det er mange som brukar området som turområde. Elles brukast vegen til skuleveg, eller for å gå ned til Førde sentrum i ærend.
BARNA
Barna likar godt å gå tur til Sjøahola, sjølv om det er litt tungt å gå opp att til barnehagen. Vi ser på endene, tel kor mange dei er, kor mange som kjem svømmande, kor mange som flyg vekk. Så gir vi dei ofte brødskiver. Av og til har vi med oss niste eller griller pølser ved kanten av sjøen. Barna leikar med pinnar eller klatrar i tre før vi går til barnehagen igjen.
- Sjøahola og endene
- Barna er spente på kor mange ender som kjem
- Barna leikar med pinnar
- Ei and vart igjen
Sjøahola av Laila Bruland er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.