Ringsel Phoca hispida
Det er i dei siste vekene blitt observert en liten sel rundt om i Gloppefjorden. Eg kom over han då han låg i snøen på elvebredden i Storelva innerst i Gloppefjorden. Selen var såleis innom Bukta fuglefredingsområde.
Plassering i kart
Ringsel i Gloppefjorden
Selen såg for meg veldig liten ut, så eg vart ekstra nysgjerrig på denne vesle krabaten. Eg fekk nokre bilde av han. Beste bilda fekk eg ved og krype inn på han i snøen. Eg sende bilda til Norsk polarinstitutt. Etter kvart fekk eg ein mail frå Cristian Lydersen ved Polarinstitutet i Tromsø. Han er forskar og ekspert på ringsel, så eg set min lit til han. Den selarten som er mest vanlig her i fjorden er steinkobbe og desse to artane kan lett forvekslast. Men det er ikkje usannsynlig at ein ung ringsel kan ha tatt turen frå Svalbard, der han til vanleg held seg heile året. Det er observert individ heilt sør til Frankrike og Spania. Det finst og ein bestand av ringsel i Austersjøen, men det er lite trulig denne kjem der i frå. Det er nok ein selunge som er snart 1 år og kanskje født i ei snøhole på Svalbard. Det er vanlig at ungdyr streifar rundt utover sitt vanlige leveområde.
Utbreiing
Ringselen er ein arktisk art som lever i heile det arktiske område, og er den einaste so klarer og holde ope puste holet i fast is, og kommer dermed til områder som andre selarter ikkje kan. Ringselen er ein ekte selart som har ein brunlig rygg og sølvgrå buk. Den har noken lysare ringar på ryggen som namnet kommer av. Ungane blir oftast kasta(fødde) i ei hole i snøen på isen i april. Die-perioden varer i ca 6 veker, men allereie etter eit par veker kan han dykke ned til 90 m og holde seg under i 12 minutt, medan han søkjer etter krepsdyr som han finn under isen. Ungane er rundt 60 cm og 4 kg ved fødselen. Dette er den viktigaste matresursen for isbjørnen. Ein vaksen ringsel er mellom 110-160 cm lang, veg 50-100 kg og kan bli heile 45 år gamal.
Berre eit streifdyr?
Det blir spennande og sjå ut over vinteren og våren om den blir her, eller om den forsette si vandring. Eg er ein ivrig naturfotograf og synst det er spennande med sånne observasjoner. Vist nokon vil sjå fleire bilder av denne søtingen, so er det berre og klikke seg inn på www.ronnysolheim.com
Ringsel Phoca hispida av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.