Sidemeny+

Strandstaden Sunde

Posted on 7. des 2008 by in Pedagogikk

I samband med prosjektet Vestladets historie ut i skulen har 7. klasse arbeida med tema som er knytt til bygda si lokalhistorie. Vi har forsøkt å finne viktige særtrekk i dei lokale endringane frå 1800 til 1900 talet. I tillegg har vi arbeida med temaet fiskarbonden, der båtbyggjing står sentralt. Vi har vore heldige og fått bruke boka til Jostein Røstbø, Industristad bygd på skip og sardiner, som vart gitt ut av Sunde Grendalag i 1999. Jostein voks opp på Sunde og har sine djupaste røter her. I forordet skriv han at boka er skriven av ein sundebu med stor entusiasme for emnet.

Plassering i kart

Sunde og sundebuar
Kva er Sunde? Det er ein gard med fleire gardsbruk. Det er ein skulekrins som omfattar gardane Grønstøl, Røyrvik, Våge, Bjelland, Sunde og Opsanger. Det er ein poststad, ein tettstad, ein industristad og det var eit foretnings og samferdselsenter for store deler av Kvinnherad i Sunnhordland. Det er helst dei som høyrer til skulekrinsen som reknar seg som sundebuar. Skulen har i alle år knytt folk i hop og skapt identitet.

 

Sunde tidleg på 1800-talet
Garden Sunde strekte seg frå Nesjaneset og nordover mot Kaldestadåsen, med naturleg grense mot Kaldestadåsen i sør og Sundsvågen i vest. Det var nok ikkje spesielt lett å driva jordbruk på garden, her var både bakkete og mykje bergnabbar. Men i utmarka var det, som på nabogardane, mykje god fureskog, særleg med tanke på skipsbygging.

 

I tidlegare tider hadde mangt eit skotteskip kome og henta seg trelast på Sunde. Nedanfor skulen vår skal det før i tida ha vore ei bryggje som vart kalla Skottabryggjo. Der skal og ha vore mykje eikeskog på garden og i Saghaug-bekkjen har det vore sag.

 

Gardbrukarane på Sunde hadde husa sine i eit klyngjetun oppe på flata om lag der skulen vår ligg, og jorda låg i teigblanding. I tunet var stover, fjøs, løer, stabbur, eldhus og smie. Der skuleplassen vår er no, var det ein liten haug som vart kalla Smedhaugen.

 

I 1831 vart dei mange jordlappane på innmarka samla i fire bruk og etterkvart vart gardshusa flytta ut frå det gamle tunet. Husmannsplassane grodde fram i eller ut mot utmarka, eller ned mot stranda.

 

Folkeauke
Tidleg på 1800-talet skilde ikkje Sunde seg ut frå andre gardar i folketal. Det var ingenting som tydde på at det skulle koma ein tettstad her. Folketalet var heller lite, 30 personar i følgje folketeljinga i 1801. Det var meir folksamt på mange av nabogardane. På Opsanger budde det til dømes 33 personar, på Kaldestad 36 og på Bjelland 40 personar. Folketalet på Våge var 18, i Røyrvikjo 25 og på Grønstøl 8.

 

Folketeljinga i 1865 viser at mykje hadde endra seg på Sunde. Garden hadde blitt den mest folkerike i Kvinnherad. Også på dei andre gardane i Sunde-området hadde folketalet auka uvanleg mykje. I Sundebygda, Røyrvikjo, Grønstøl, Våge, Bjelland, Sunde og Opsanger vart folketalet i same tidsrommet godt over dobla. Og på sjølve garden Sunde er det nærpå snakk om ei firedobling av folketalet.

 

Det var ikkje berre Sunde som hadde sterk folkeauke i første halvdel av 1800-talet, men heile landet. Eit rikare og meir variert kosthald var ein viktig grunn, i tillegg til at helsestellet gjorde framsteg. Sild og potet var to hovudfaktorar bak eit betre kosthald. Resultatet var at fleire barn voks opp, og folk levde lenger. Store barneflokkar på 10-12 barn var ikkje uvanleg. Men på Sunde auka folketalet meir enn gjennomsnittet.

 

Vårsildfisket
I 1808 kom vårsilda attende etter å ha vore borte i 24 år. Ho heldt fram med å koma inn til Vestandskysten i eventyrlege mangder fram til rundt 1870, då vart ho borte att. Sildefisket skapte ei oppbrotsstemning og ein feber som spreidde seg innover til den inste fjordarm. I tillegg til sjølve fisket, blomstra mange andre næringar opp.

 

Det trongst garn, nøter og båtar. Ganejentene og sildesaltarar fekk arbeid med å sløya silda og salta ho i tønner. Jaktefarten fekk ein kraftig puff. Nothus, saltebuer, bøkkerverkstader og vervaplassar grodde fram langs strendene. Etterspurnaden etter tømmer og material steig, og det var behov for tjøre, tau, seglduk, klede og mykje meir.

 

Sunde låg på mange måtar lagleg til for å satsa på slik verksemd. Garden var saman med nabogardane det gamle Kvinnherad sin ytterste utpost mot Sunnhordland. Her var det lange strandlinjer og lune vikar og vågar.

 

Tjørebrenning
Presten P.H. Herzberg skreiv i 1820 at især drives Tjærberndingen i Husnes. Det kom folk frå Nordfjord for å brenna tjøre. Dei nytta gamle, feite furerøtter, såkalla tjørve, til dette. Ein del av tjøra vart ført til havkanten og seld der. Tjørbrenning var nok ei vanleg attåtnæring på 1800- talet.

 

Ein mann frå Sunde sende i 1855 eit brev til lensmann Markus Gerhard Hatteberg. Han bad om utsetjing på skatten til jeg har faat brænde min Tjæreved, som nu staar i La, da skal De være vis paa at jeg skal komme ind og betale min Gjeld, hvilket naar denne Uge er ude vil blive Tilfældet. For at blive af med Tjærin er ikke Vanskellighed for.

 

Tilflyttarar
Frå 1840-talet og frametter tok det til å koma mange tilflyttarar til Sunde. Det var på denne tida vårsildfisket var på det høgste. Tilflyttarane kom for det meste frå nabobygder og nabokommunar. Nokre av dei overtok gardsbruk og vart sjølveigarar. Men ikkje minst auka det på med husmenn. Særleg Sunde, Bjellands og Opsanger-bøndene bygsla bort mange husmannsplassar. Kanskje såg dei mon i husmennene, både som billeg arbeidskraft på garden og som othundar i sildefisket.

 

Noteigarar og fiskarar
Skiftedokument tyder på at folk på Sunde og nabogardane kom tidleg med i vårsildfisket. Dei dreiv også med brislingfiske, makrellfiske og anna fiske, men vårsildfisket var nok viktigast. Mange bønder hadde part i notbruk. Sunde-bonden Erik Pålsson Kjerland eigde til dømes fjerdeparten i båt, not og naust då han døydde i 1813.

 

Jaktebygging og jaktefart
Rundt 1850 auka det på jaktebygginga. Det var vervaplassar på Opsanger, Sunde, Våge, i Røyrvikjo, på Røsslande og Undarheimsvågen. Verveplassane vart i den tida ofte lagde der han som hadde tinga i båten budde, og der det var lagleg strand til å strekkja kjøl. Skipsbyggjarane reiste rundt frå stad til stad.

 

Jakta var alltid rigga med ei mast, tre eller fire forsegl, eit eller to råsegl, bomsegl og toppsegl. Jakta kunne vere frå 40-50 fot til 80 fot.

 

Skipsbyggjing på Sunde Johannes J. Eikeland (f. 1876) byrja på Opsangerverven då han var svært ung. Han fortel om 1905, då det stod heile 10 kutterar oppspanta etter kvarandre. Heile spanteplassen var oppteken. Før dei nymotens hjelperåder, var det mykje slit med hogging, høvling og skjering. For å ikkje snakka om det tungvinte apparatet med opptil 3-4 gongspel når dei skulle landsetja eller kjølhala svære skuter. No er det vinsj og slipp. Den gong var det stort oppstyr med oppsongar og hal i og dra. Han som hadde røyst til det var forsongar og stemde i shantiane, og så song dei andre med full hals.

 

Peder Sundsteigen (f 1870) var med på saga frå første dagen. Han tok til i 1890. På Opsanger var det berre saga som gjekk då. Vervaverksemda var på Gravdal. Dit måtte han reisa med svære plankestablar og store flåtar skudlast. Ofte var han med Gamle-Gunnar´n på Sluppen.

 

Nordlands og Østersjøfart
Frå 1850- talet var det mange som satsa på sildespekulasjon. Dei reiste til Trøndelag, Nordland, og Tromsø og kjøpte opp sild og fisk, salta og førde lasta sørover der dei selde ho til kjøpemenn i byane. Nordlandsskipper vart eit omgrep på denne tida. Nokre tok også til å eksportera sild frå eiga rekning. Dei for til Sverige og Østersjø-land med last og hadde med seg korn attende. Bygdefloka overtok mykje av den utførsla som byfolka hadde hatt hand om. Dei lange ferdene medførte at det trongs større båtar. Østersjøfarten hadde sin glansperiode fram til vårsildfiske svikta utpå 1870 talet.

 

Sunde, embetsmennene og vegane
Sunde låg heilt sør i det gamle Kvinnherad. Her var fritt for styresmakter og embetsmenn, men sundebuen hadde nok likevel kontakt med embetsmenn, både helg og kvardag. Eit fast samlingspunkt var den gamle, torvtekte kyrkja på Kaldestad. Det var ikkje bygd veg frå Sunde til Kaldestad, og kyrkjeferda gjekk vel ofte med båt rundt Bjellandsneset.

 

I 1806 hadde Torkel Sunde ein båt som vart nytta til kyrkje. Den tok åtte personar. Presten budde på Malmanger, og bøndene på garden derikring hadde plikt til å skyssa presten når han skulle til anneks-kyrkjene, t.d. den på Kaldestad. Prestebåten la til i Prestnes, og derfrå gjekk det ein gammal veg opp til kyrkja. Storparten av vegen er der enno. Frå kyrkja gjekk det ein gammal, dårleg veg til Husnes. Den vart truleg bygd for offiserane på Undarheim, der det var militærgard og eksersisplass.

 

Næraste vegen var elles postvegen mellom Bergen og Stavanger, som gjekk gjennom Ølve til Roaldstveit og vidare frå bryggja på Helvik til Ølfarnes. Her hadde bøndene i distriktet ansvar for vedlikehaldet på kvar sitt vegstykke.

 

Den viktigaste vegen både for folk flest og embetsmennene var nok sjøvegen, enten dei skulle til andre bygder, eller til byen. Skilnaden var at embetsmennene slapp å ro eller sigla sjølve, men kunne nyta utsikten.

 

Nær halvparten husmenn
Folkeauken førte alt på 1700-talet til at gardane vart delt på fleire brukarar. På 1800-talet held denne oppdelinga fram. Vårsildfisket og andre attåtnæringar medverka til at bøndene kunne klara seg med mindre bruk. Talet på husmannsplassar voks kraftig utover på 1800-talet.

 

Folkeauken dreiv fram denne utviklinga. Men det var også andre ting som spela inn. I kystbygdene fekk dei færre husmenn enn i fjordbygdene. Dei hadde ein tradisjon å dela opp gardane meir, slik at bruka vart mindre.

 

Stor skilnad på bønder og husmenn
Husmennene bygde og eigde til vanleg husa sjølve, men dei måtte forplikta seg å arbeida på garden. Arbeidskrafta var billig og viktig for bonden. Husmennene sat ikkje trygt på plassen. Verst var det for dei gamle som fekk problem med å greia å betala den årlege leiga og å gjere pliktarbeid for bonden. Nokre husmenn bygsla ikkje jorda utanom den vesle flekken huset stod på. Dei vart kalla strandsitjarar, og skulle vere det heile si levetid.

 

Næringsgrunnlaget var lenge jordbruk, skogbruk og fiske. Det gav helst mager levemåte. Fattigdom og naud var den harde realiteten for mange husmannsfamiliar. Særleg vart mange råka når vårsildfisket slo feil, slik det til dømes gjorde i 1840- åra. I dagjournalen for omgansskulen skriv lærar Lars Olsen Rørvik rett som det var at barn måtte vera heime frå skulen af mangel på mad.

 

Lauslynde og tankalaøysa
Det var nok ein god del standshaldingar ute og gjekk då formannskapet i 1850 skulle seia si meining om eit framlegg til endring av husmennslova. Axel Lea refererer med eigne ord følgjande frå møteboka: At dei meste husmenn er fattige og ikkje kan greida seg utan studnad kjem av at dei i lauslyde og tankaløysa gifter seg i ung alder og busett seg på den fyrste og den beste ledige plass, utan aa ha nokon medel korkje til bygsel elder kva annat som trengs. Naar so dertil kjem latskap og dugløysa i arbeid og hushald, må det gå gale. Aa hjelpa husmennene med aa letta på skattar og avgifter kan formannskapet ikkje tilraa. Det vil vera betre aa fastsetja minstemålet for husmannsplass og bygsl og avgift og arbeidsdagar for jorddrotten. Alt dette vil korso lite hjelpa. Der må upplysning, upplæring og uppseding til samt godvilje og rettvisa fraa dei andre samfundsklassar.

 

Stor tilflytting – få til Amerika
Folketalet på Sunde steig framleis sterkt frå 1866 til 1900. Utviklinga skil seg ut frå resten av Kvinnherad. Her ser vi at folketalet aukar mykje meir i bygda Sunde, enn på garden Sunde. Vi ser av tabellen at på garden Sunde steig folketalet frå 111 til 321 fram til 1900. Det er meir enn ei dobling på 35 år og langt raskare vekst enn i Noreg som heilskap. På dei gardane som høyrer til skulekrinsen, steig folketal med nesten ein halvpart, også godt over gjennomsnittet for landet. I Kvinnherad som heilskap var folketalsauken derimot veldig låg. Den hang nok saman med den store straumen av folk som reiste til Amerika. Utvandringa var stor i dei indre bygdene i Kvinnherad, men på Sunde var det færre som drog. Det kom mange nye folk til Sunde, ja til og med frå Sverige. Sunde var det første, og lenge også det største, industrisenteret i Sunnhordland.

 

Haktor Thorsen, sardinpioneren
Haktor Thorsen tok til med å lage ansjos i 1918. Først vart ansjosen lagt ned i små tønner, og omsetjinga gjekk strykande. Etter ei stund gjekk han over til blekkdunkar. For å skaffa desse dunkane måtte han leige ein mann som kunne lage dunkane for hand. Blekkdunkane kjøpte han og av vaktmeisteren ved Stord lærarskule.

 

Det var mykje arbeid å laga boksane som vart lodda att for hand. I 1886 reiste Thorsen til Sverige og kom heim igjen med ein falsemaskin. Falsemaskina var truleg den første i landet. Thorsen starta dermed nedlegginga på falsa blekkboksar. Ansjoskrydringa vart ein viktig forløpar for sardinindustrien. Ved midten av 1860 talet byrja ein del personar å eksperimentera med å leggja ned brisling hermetisk på blekkboksar. Det var det avgjerande tigerspranget mot storindustri. Sunnhordlands-brislingen vart etter kvart eit verdsprodukt.

 

I sardinindustrien var Haktor Thorsen ein av dei fremste pionerane. Allereie i 1866 begynte han og leggja ned røykt brisling i blekkøskjer ved namnet Røget Brisling i Kraft. Dette var 13 år før dei byrja med sardinindustrien i Stavanger. Men det vart det ikkje noko fart i omsetnaden. Så fekk han tak i olivenolje og vara blei døypt Røget Brisling i Olje. Men framleis gjekk det trått med salet.

 

Rundt 1870 reiste Thorsen til Frankrike for å læra seg den franske måten å laga sardiner på. Det han kom heim med var ein firkanta koparkjele og nokre korger av nett som var avpassa etter kjelen. No tok han til å leggja brisling på den franske måten, under namnet Norske Sardiner i Olje. No fekk han fast og god omsetnad. Han produserte og Røgde Norske Sardiner utan olje, og desse fall i smak i Amerika. 12. august 1939 skreiv Stavanger Aftenblad sin reisande medarbeidar om Sunde: Nedlegging av sardiner efter fransk metode blev forsøket her antagelig en god stund før nogen hermetikkfrabrikk var reist i Stavanger.

 

Thorsen gjorde også ein pionerinnsats når det gjeld kaviar. I 1875 byrja han å laga kaviar av torskerogn. Han krydra rogna og la den i tønner. Så tok han den opp att og la den i boksar. Halve ansjosboksar vart brukt i førstninga, men den emballasjen fall ikkje i smak. Så tok han til med nokon melkekvite glaskrukker. No skjemta svenskane med at det var Norsk Øgonsalva, for dei kjøpte det i slike krukker. Då skifta han farge på krukkene, og det gjekk betre. Til slutt gjekk han over til blekkboksar med namnet Norsk Torskekaviar. Då gjekk salet unna, særlig i Sverige.

 

Men då striden mellom Noreg og Sverige kvesste seg til, og svenskane i 1895 sa opp mellomrikslova, kom det toll på kaviaren. Det vart enden på den handelen for Thorsen. Under ei rettssak som følgde, kom det fram at Thorsen sin kaviar vart rekna som den beste på den svenske marknaden. I 1874 selde Haktor Thorsen eigedomane sine til Herman Valvatne frå Sagvåg. I kjøpekontrakten heiter det at Thoresen sel handelsstedet Sunde med dets medfølgende herligheter og huse for 2200 spd.

 

Herman Valvatne startar storindustri
Medan Haktor Thorsen gjorde det første, vanskelege pionerarbeidet, var det Herman Valvatne (1849-1910) som skulle utvikla hermetikkindustrien på Sunde til storindustri, etter den tids målestokk. Han bygde opp fabrikken samtidig som han dreiv landhandelen, begge gjekk under firmanamnet H. Valvatne. Haktor var svigerfar til Herman.

 

Valvatne opna den første fabrikken sin på Sagvåg. Etter det dreiv han berre fabrikk på Sunde. I 1902 gjorde Valvatne ein byteavtale med Thorsen. Rundt 1905 bygde Valvatne ein ruvande fabrikkbygning på nordsida av og vegg i vegg med den første.

 

Lenge var det slik at svigerfaren gjorde det best økonomisk. Til utstillinga i Trondheim i 1887 opplyste Valvatne at omsetningen var på ca. 16.000 kroner. Det var 2000 kroner mindre enn svigerfaren. Etterkvart gjekk det fort framover for Valvatne. Det er tydeleg at produksjonen i den nye fabrikken gjekk bra. I 1892 var omsetninga oppe i 60.-70.000 kroner, og i åra rundt 1900 kunne den koma opp i nær ½ million kroner på det beste.

 

Valvatne fekk seg eige notbruk for å skaffa råstoff til fabrikken, og han hadde dampbåtene Sigurd og Snapop som han nytta til råstofftransport og varetransport til byen. Knut Hauge var maskinist på Sigurd, i tilegg til at han var bakar hos Valvatne. Hos Gravdal fekk han bygd kutteren Herold, som skal ha vore ein av dei første i Sunnhordland med petroleumsmotor.

 

Herman Valvatne deltok til liks med svigerfaren på mange utstillingar rundt om i verda. Første gong var i Berlin i 1880, der han fekk bronsemedalje for ansjos. I London i 1883 fekk han diplom og i Trondheim 1887 bronsemedalje. Framleis var det berre ansjos og appetittsild han stilte ut. Først i 1889, i Bodø, hadde han og Røget Brisling i Olje. Høgdepunktet var då han i 1898 og -99 fekk æresdiplomar i Hamburg og Magdeburg.

 

På eit brevhovud frå 1908 vert det opplyst at han hadde delteke på 16 ulike utstillinger rundt om i verda og fått seks gullmedaljer og tre æresdiplomar. Han registrete i alt heile 24 varemerke. Dei hadde gjerne eit nasjonalt preg slik det går fram av namnet National Brand Sardines. Både firmaet og varene hadde godt ord på seg.

 

I 1907 bygde Valvatne eit elektrisk kraftverk ved Opsangerelva, same år som Hans Gravdal bygde sitt. Dette var truleg dei første elektriske kraftverka i Sunnhordland. Det vart lagt kraftline frå Opsanger til Sunde. Grunneigarane fekk godtgjersle for dette. Då Chr. Bjelland i 1914 gjorde avtale med grunneigarane, vart godtgjersla sett til 2 kroner pr. stolpehol.

 

Avslutning
Kva var det som gjorde at Sunde utvikla seg til den mest folkerike bygda i Kvinnherad på 1800-talet?

 

I 1808 kom vårsilda attende etter å ha vore borte i 24 år. Ho heldt fram med å koma inn til Vestandskysten i eventyrlege mengder fram til rundt 1870, då vart ho borte att. Ute ved kysten føregjekk på denne tida eit eventyrleg vårsildefiske. Fisket gjorde at ei rekkje næringar innetter fjordane vaks.

 

Det trongst garn, nøter og båtar. Ganejentene og sildesaltarar fekk arbeid med å sløya silda og salta ho i tønner. Jaktefarten fekk ein kraftig puff. Nothus, saltebuer, bøkkerverkstader og vervaplassar grodde fram langs strendene. Etterspurnaden etter tømmer og material steig, og det var behov for tjøre, tau, seglduk, klede og mykje meir.

 

Sunde låg på mange måtar lagleg til for å satsa på slik verksemd. Garden var saman med nabogardane det gamle Kvinnherad sin yttarste utpost mot Sunnhordland. Her var det lange strandlinjer og lune vikar og vågar.

 

Truleg er dette hovudgrunnen til at vi ser ei byrjande tettstadutvikling på Sunde. Folkeauken i landet gjorde at folk var på leiting etter nye heimstadar og nye levevegar. Mange driftige folk slo seg ned på Sunde, bygda med dei gode hamnene midt i Sunnhordland. Sildefisket og all aktiviteten rundt det, med sildeslakting og jaktefart, skapte auka kontakt mellom lokalsamfunnet og omverda, og utlandet. Ny kunnskap og nye tankar fekk lettare innpass enn før. Sunde blei i denne perioden ei særs folkerik, men framleis fattig, fiskeribygd.

Mediesenteret gjorde filmopptak frå båtbyggjardagen som vi arrangerte i samarbeid med Sunnhordland museum tidlegare i haust. Her kan de sjå litt av opptaka.

CC BY-NC 4.0 Strandstaden Sunde av Rina Aspmo er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Sunde skule 2008
Klassetrinn: 7. klasse
Kjelder: Røstbø, Jostein (1999) Industirstad bygd på skip og sardiner, Sunde grendalag
Kommune: Sunde