Vilje til visdom og vennskap
I læreverket for Kunnskapsløftet er det utarbeidd føremål og retningsliner for utdanningsval som gjeld frå og med skuleåret 2008/2009. Med dette som utgangspunkt har Hyllestad skule utarbeidd ein førebels plan for faget der eit av tiltaka/deltema er 4 dagars hospitering ved vidaregåande skule. Dette tiltaket er eit samarbeidsprosjekt mellom Dale vidaregåande skule og grunnskulane i HAFS-regionen, og med utgangspunkt i positive tilbakemeldingar frå liknande opplegg i dei to siste skuleåra, har dei same skulane satsa på liknande opplegg for inneverande skuleår, men med dei endringar at vi prioriterer to utdanningsområde. 3 dagar på første valet og ein dag på andre valet.
Plassering i kart
Kva utdanningsprogram kan ein velje i Dale?
Ved Dale vidaregåande skule har dei fem utdanningsprogram: Helse og sosialfag, studiespesialisering, service og samferdsel, teknikk og industriell produksjon og bygg- og anleggsteknikk.
Kva er hospitering?
Hospitering er at ein testar ut to utdanningsprogram i fire dagar. Ein set opp dei tre vala som ein ynskjer og teste ut, etter rekkefølje. Om ein får dei to første vala sine, er det dei vala ein testar ut. Tre dagar på første valet, og ein dag på andre valet.
Kva er bra med hospitering?
Det som er bra med hospitering, er at ein får innblikk i kvardagen til ungdommane som går på dei forskjellige linjene.
Ein får mykje informasjon om linjene, om kva ein kan bli, kva retningar du kan velje etter åra på vidaregåande, kor mange år ein må gå, osv.
Ein kan spørje om ting ein lurer på hos rådgivaren om vidaregåande skule. Han kan også gje deg råd.
Om du er usikker om kva ein vil gå på, kan ein teste det ut den veka.
Du an også prøve ein dag på andre linjer, om dei ikkje har det i Dale, om du vil satse på. Men dette må du snakke med rådgjevaren på skulen om, og det er ikkje sikkert at alle skulane er like på dette området.
Mine val
Eg valde helse- og sosialfag og studieførebuande. Eg valde dei fordi eg ikkje var heilt sikker på kva linje eg ville gå på. Eg fekk eit innblikk i kvart av dei to utdanningsprograma.
Helse- og sosialfag
Helse- og sosialfag kan ein gå i Dale.
Ein kan bli:
Barne -og ungdoms arbeidar ( 4 år )
Tannlegesekretær (3 år)
Helsesøstersekretær ( 3 år )
Helsearbeidar ( 4 år )
Ambulansearbeidar ( 4 år )
Fotterapeut ( 3 år )
Apotekteknikar ( 3 år )
Ortopediteknikar ( 4 år )
Hudpleiar ( 3 år )
Tilboda som er på Dale vidaregåande er;
Helse -og sosialfag -> Helsearbeidar -> Helsearbeidarfaget
Eg valte helse -og sosialfag fordi eg kanskje har ei framtid som barne- og ungdoms arbeidar. Det var i alle fall mine planar før. Eg var på linja i tre dagar, og eg fekk eit veldig godt inntrykk av lærarane og elevane som var på Dale vgs. Dei var veldig hyggelege, og tok imot oss med eit smil.
Eg vurderar å kanskje gå på helse -og sosialfag til neste år.
Studieførebuande
Studieførebuande er det som før vart kalla allmennfag, men no har dei skifta namn.
Kva ein kan gå på når ein tek studieførebuande:
Studiespesialisering -> Formgjevingsfag -> Formgjevingsfag ( 3 år )
Studiespesialisering -> Realfag -> Realfag ( 3 år )
Studiespesialisering -> Språk, samfunnsfag og økonomi ->S, s og ø (3år)
Studiespesialisering -> IKT- og servicefag ( 2 år )
Studiespesialisering -> Laboratoriefag ( 2 år )
Ein kan gå på studieførebuande om ein ikkje veit heilt kva ein vil bli. Det er det same som ungdomskulen, berre vanskelegare.
Valte å ha studieførebuande i ein dag, for å sjå korleis det var. Dette er ei linje eg helst ikkje vil gå på, fordi eg har hatt nesten same i 10 år no. Men eigentelg ei grei linje.
Dale vidaregåande skule
Dale vidaregåande skule ligg i Dale i Fjaler kommune. Det er den einaste vidaregåande skulen, som ligg i HAFS-regionen. All undervisning er samla på skulesenteret, der også idrettsanlegget ligg. I dag er det om lag 220 elevar ved skulen.
Mitt inntrykk var at dei hadde eit godt skulemiljø, og det er fleire som seier det.
Vilje til visdom og vennskap av Caroline Wolff er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.