Sidemeny+

Brukelia – eit framifrå uteklasserom

Posted on 10. nov 2008 by in Pedagogikk

Foto: Håkon Haukøycbn

I vest ligg Åfjorden og Lifjellet

Ein trend i tida og i tråd med Kunnskapsløftet er det å leggje undervisninga til uteområde. Dette må vere midt i blinken for naturfagundervisninga. På Hyllestad skule har vi no eit slikt uteklasserom, og der er det også reist eit stort telt slik at området kan brukast både i sol og regn, og både sommar og vinter.

Plassering i kart

Litt om Brukelia
Skal vi i Brukelia, legg vi turen frå skulen, over Hyllestad idrettsplass og gjennom bustadfeltet Myklebust. Vi fylgjer vegen like til endes før turen går ut i terrenget. Her er det merka sti vidare, og dei fleste når då Brukelia på kring 15 minuttar – ein høveleg lang tur frå skulen.
Heile vegen har du fin utsikt vest- og nordover mot Åfjorden, og i vest og sør ligg Lifjellet.
Under oss ligg snart Hyllestad skule med fotballbana. Karl Myklebust som voks opp på eit småbruk under Prestegarden, fortalde ein gong at bøen der fotballbana no ligg, vart kalla Solskiva. Det var fordi at der skein sola året rundt.

Observasjonar
Torsdag 6. november 2008 hadde 9. klasse naturfagtimane i Brukelia. Ei av oppgåvene var verobservasjonar. Denne dagen var det skyfri himmel og sol. Det var nesten stille, berre flau vind frå nordaust i byrjinga. Vinden auka på til lett bris medan vi var der.
Lufttemperaturen var 7 plussgrader, og temperaturen i bekken målte vi til 3 plussgrader.

Dyra fortel
I tidene før versatelittar og ballongar med instrument, verradarar og kva det måtte vere, lærde forfedrane våre seg å observere ymse verteikn som ytra seg mellom himmel og hav. Her kjem nokre reaksjonsmåtar dyr hadde på fint eller stygt ver.

Ser du mange flaggermus om kvelden, vert det fint ver.
Når frosken krabbar på land, vert det regn.
Når svalene flyg høgt, vert det godver.
Viss meitemarken kryp opp av jorda, vert det regn.
Når edderkoppen spinn nettet sitt nær bakken, vert det fint ver.
Dersom biene søkjer til kuba, vert det regn.
Viss grashoppene spelar ivrig, vert det ein fin dag.

Rett framferd i naturen

I timane i Brukelia fekk vi denne dagen også ein leksjon i rett framferd i naturen.
Vi merka oss mellom anna at det er forbode
* å liggje i telt meir enn to dagar utan løyve
* å lage bål i tida 15. april til 15. september eller når det er fare for brann
* å ta reir og fugleegg

Og at det er tillate
* å bade overalt i utmark
* å ha med seg hund i band
* å ferdast fritt med båt på elvar, innsjøar og tjern der naturen gjer slikt mogleg
* å ferdast fritt på sjøen

CC BY-NC 4.0 Brukelia – eit framifrå uteklasserom av Håkon Magnus Haukøy er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Kent Rune Hatlem og Roy Kristoffer Bårøy, 2008
Kommune: Brukelia, Hyllestad