Sidemeny+

Svartand (Melanitta nigra)

Posted on 25. okt 2008 by in Dyreliv

Det er ikkje ofte ein ser svartand i Nordfjord. I desse dagar har eg observert ein flokk på 12 slike fuglar på Eidsfjorden. Dei er nok på trekk sørover. Kanskje tek dei seg ein tur innom Gloppen og?

Plassering i kart

Feltkjenneteikn
Mellomstor 44-54 cm lang and. Fuglen er kompakt bygd. Nebbet er ganske lite og fuglen har heller lang stjert. Flokkar som rastar, held tett saman. Den vaksne hannfuglen er heilt svart. Hofuglen er gråbrun med lysare hals og kinn, men med mørkebrun hovud og isse.

Hekking og trekk
Svartanda hekkar i Norge for det meste i bjørkebeltet frå Ryfylket til Finnmark. Hekkar sjeldan ut mot kysten. Reknar med at 1000-5000 par hekkar i Norge. Svartanda trekker i store flokkar over Østfoldkysten under hausttrekket, utan at ein heilt veit kvar desse fuglane kjem frå. Heile vinterbestanden i NV-Europa trur ein kan vere heilt opp i 800000 individ, eller kanskje det doble. Berre i danske farvatn meiner ein det er registrert opp mot 800000 svartand.
I Norge er vinterbestanden liten, berre vel 5000 individ. Vårtrekket går over land om natta og hausttrekket om dagen langs kysten og over hav.

CC BY-NC 4.0 Svartand (Melanitta nigra) av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Svein Hjelmeset 2008
Kjelder: Gyldendals store fugleguide