Sidemeny+

Planar for vekst

Posted on 30. okt 2008 by in Ymse

Oversiktsbilete Eid sentrum

Eid vart utpeika som vekstsenter i 1965. Folketalet i kommunen har auka frå vel 4.500 innbyggarar i 1970 til ca. 5.500 i 1990; i gjennomsnitt ca. 1 % per år. Eid og Hornindal er i dag dei einaste kommunane i regionen som har hatt folketalsvekst.

Plassering i kart

Eid kommune ligg lengst nord i Sogn og Fjordane langs Nordfjorden/Eidsfjorden og Hornindalsvatnet. Samla areal er 347 km2. Hovudtrekk i landskapet er den u-forma hovuddalen med Hornindalsvatnet og Eidsfjorden, nokre mindre sidedalar og store høgfjellsområde. Busettinga er for det meste i hovuddalføret. Mogrenda i aust mot Hornindalsvatnet, Nordfjordeid inst i Eidsfjorden og Haugen, Naustdal, Stårheim og Kjølsdal i lia langs nordsida av fjorden. Tradisjonelt jordbruk og fiske var rundt 1970 i tilbakegang og industri og service i vekst. Det var produktive areal i hovuddalføret og sidedalar. Busetting i tettstader og grender, men også ein del spreidd i landbruksområda. Tettstaden Nordfjordeid ligg om lag 1.time køyring frå alle bygdene i Nordfjord, tilsvarande gjeld bygdene på Sørsida av Voldsfjorden og fleire av bygdene i Vanylven kommune. Også tettstadane Volda og Ørsta med sine vel 18 000 innbyggjarar kan nåast innan 1.time køyring (inkl. ferje). Vi kan derfor seie at vi har eit nedslagsfelt på minimum 50 000 innbyggjarar innan akseptabel pendlingsavstand. Kartet viser Eid si plassering i regionen og fylket. Vi ser kommunen si plassering mellom dei to store byane Ålesund og Bergen. Eid kommune ligg såleis godt plassert mellom Ålesund i nord og Bergen i sør, og har pendlingsavstand til Volda og høgskulemiljøet der. Eid kommune har god kommunikasjon med omverda gjennom flyplass på Anda (Gloppen kommune) ca. 30 min. frå Eid (inkl. ferje), hurtigbåt sørover kysten og eit godt vegnett som fører oss til Ålesund i løpet av 2,5 time, til Bergen på 4,5 time og Oslo på 7 timar.

 

Planinnhaldet for Eid som vekstsenter

 

Målet for Eid kommune var blant anna å stoppe fråflytting ved hjelp av næringsutvikling og gode offentlege tenester.  Planen omhandla heile kommunen i analysar og planforslag om offentlege tilbod, bustadbygging osv for alle. Det var også viktig å stabilisere landbruket og styre bygging bort frå verdifull dyrka jord. Det var betre jordvern å omdisponere nokre areal inntil tettstadene enn å tillate spreidd bygging i landbruksområda. Vern var viktig og galdt òg landskap, kulturminne og bygningar. Også karakteristiske bygningsmiljø blei sett på som verneverdige Ein hadde ingen innvendingar til auka biltrafikk, men har likevel nokså nøkterne vegplanar. Ein rekna med litt auke i kollektivtransporten. Korte avstandar kombinerte omsyn til trafikk, kostnader og ønske om «tette» tettstader.  Lovpålegget om generalplanarbeid var utløysande for planarbeidet, men kommunens behov for å legge til rette for vekst låg bak. Det fanst i alt seks reguleringsplanar for Nordfjordeid frå før 1953. Arbeidet starta i 1967 og tok seks år.

 

Folketal

 

Eid kommune har vokse frå vel 4.500 innbyggarar i 1970 til ca. 5.500 i 1990; i gjennomsnitt ca. 1 % per år. Tal arbeidsplassar er auka med 340, halvparten i eksportverksemd. I 2006 var folketalet 5804. Dei to siste åra har folketalet i Nordfjord gått ned med heile 156 personar. Der av er det berre Hornindal og Eid kommune som har hatt auke. Den viktigaste årsaka til at befolkningsutviklinga voks er det varierte næringslivet som har vist seg å vere mindre sårbart enn der ein er avhengig av nokre store verksemder. I tillegg ligg kommunen slik til at det er lite aktuelt med inn- eller utpendling.

 

Sysselsetting

 

Eid hadde variert næringsliv med mange mindre bedrifter, særleg innanfor matvare- og møbelsektoren. I 1970 var sysselsettinga i primærnæringa 27%, sekundærnæringa 33 % og tertiærnæringa 39% i Eid kommune. Landbruk Eid kommune ønskte å bremse nedgangen i jordbruket, samtidig som dei rekna med vekst i sekundær- og tertiærnæringar.

 

Industri

 

Møbelindustrien i Eid er eksempel på lokal kompetanse utvikla over lang tid, gjev solide bedrifter. Dette har òg samanheng med bruk av lokale råstoff, for eksempel frå landbruket, og ikkje minst med lokalt eigarskap. I Eid og var det uvisse med bedrifter blei styrte utanfrå, og ein veit ikkje om meieriet og slakteriet er trygge.

 

Offentleg verksemd

 

Det har vore generell vekst i offentleg sektor i tråd med krav til betre velferd, særleg innan helse og omsorg og i oppvekst/undervisning. Den sterke veksten omfattar ikkje generell kommunal administrasjon. Av offentlege institusjonar har Eid Nordfjord psykiatrisenter og Nordfjord BUP. Eida har også eige sjukehus, Nordfjord Sjukehus. Kampen for dette pågår endå. Dei har og eigen Vidaregåande skule på Eid.

 

Privat service

 

Generelt har det vore stor vekst utan at særlege verksemder peiker seg ut. Det har gått føre seg ei viss sentralisering i varehandelen til dei største tettstadene. Nokre lokale daglegvareforretningar er nedlagde. Nedlagde foretningar tyder på at det i dag er betre transporttilbod og at ein gjerne reiser dit der er betre og billigare tilbod.

 

Byggeoppgåvene

 

Det har vore eit byggebehov på 320 bustadar i perioden, 30 per år. Ein la til rette for utvikling i skolen med ungdoms- og vidaregåande skule. Det var også behov for barnehagar, aldersheim, trygdebustadar og sjukeheim. I tillegg hadde dei plan om idretts- og symjehall på Nordfjordeid.

 

 

CC BY-NC 4.0 Planar for vekst av Hilde Kvamsås Aa er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Thomas Sæterdal , Katrin Bøyum , Jonas Sandbakk og Britt Olin Kvamen, 2008
Klassetrinn: vg3, Hafstad vidaregåande skule
Kjelder: http://eid.kommune.no/artikkel.aspx?AId=1&MId1=1
Kommune: Eid