Merkeleg reirplass 3.

Linerlereir under panseret på ein traktor.
Ikkje berre grå flugesnappar og raudvingetrast er kjende for å velge rare plassar å legge reiret sitt på. Linerla kan konkurrere med dei; også i Gloppen. Ein dyktig fuglekjennar tipsa meg om denne linerla.
Plassering i kart
Linerle
Sjølv om dei fem egga aldri vart klekte i år, gjorde linerleparet eit iherdig forsøk på å føre slekta vidare. Traktoren dei la egga i, mellom batteri og slangar under panseret, sto vel parkert i byggeperioden. Kanskje vart han flittig brukt i slåtten? Utan å ha sjekka egga, har dei nok blitt ruga på. Kanskje vart traktoren til Reidulf parkert under tak etter at slåtten var over. Om dørene vart stengde, vart linerleparet hindra i å varme egga.. Om linerlene ikkje vart mat for katt eller andre dyr, er sjansane store for at dei bygde nytt reir og fekk ungar på vingane.
-
Linerlereir under panseret på ein traktor. Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved
-
Linerlereir med 5 egg i Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved
Merkeleg reirplass 3. av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.