Sidemeny+

Kortnebbgås (Anser brachyrhynchus)

Posted on 12. okt 2008 by in Dyreliv

Foto: Svein Hjelmesetcbn

Kortnebbgås i Bukta

I desse dagar (12.10.08) har Gloppen vitjing av fem kortnebbgås som beitar både på Mardal og i Bukta Fuglefredingsområde. Fuglane er sikkert observert andre stader og, men på avstand kan dei likne på grågås.

Plassering i kart

Feltkjenneteikn
Denne fuglen er noko mindre enn sædgås som han er i nær slekt med. Dei kan lett forvekslast med kvarandre. Beina er rosa, men dette er vanskeleg å sjå på avstand. Fuglen er ganske sky, så det er ikkje så lett å kome inn på han. Som namnet seier, er nebbet ganske kort og trekanta. Det er for det meste svart med eit rosa band over ytterdelen av nebbet. Hovudet og øverste delen av halsen er mørk brun. I flukt vil ein sjå at vingane er tydeleg lysare enn hos sædgås og tundragås.

Hekkeområde
Hekkar på arktisk tundra og i fjellskrentar på Grønland, Island og Svalbard. Overvintrar i Nord – Vest – Europa. Heile svalbard – bestanden passerer fastlands – Norge under trekket (stort sett over Austlandet). Reknar med at bestanden av kortnebbgås på Svalbard har auka frå 43000 i 2004 til 60000 i 2008.
Reir på bakken og av og til i berghamrar. Dei 4 egga blir lagde fyrst i juni og ruga på av hofuglen i 26 – 27 døgn. Ungane forlet reiret rett etter klekking, og dei kan flyge etter 8 veker.
I fleire veker etter hekkinga kan ikkje dei vaksne fuglane fly fordi dei har mista vingefjørene.
Kortnebbgåsa kan bli minst 22 år.

CC BY-NC 4.0 Kortnebbgås (Anser brachyrhynchus) av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Svein Hjelmeset 2008
Kjelder: Gyldendals store fugleguide Wikipedia Norsk polarinstitutt