Sidemeny+

Industrivekst kring Dalsfjorden

Posted on 30. okt 2008 by in Arbeidsliv

Medan mange lokalsamfunn opplevde stillstand og økonomiske krisetider i åra 1920 til 1940 er bygdene kring Dalsfjorden tvert om prega av industrivekst. Gamle småbedrifter vaks og nye kom til.

Plassering i kart

Dalsfjordområdet hadde tidligare hadde vore dominert av mange små bedrifter, men utvikla seg i mellomkrigstida til å bli eit område med større fabrikker og veksande produksjon.

 

 

Industristaden Dale

 

Dale er kommunesenter i Fjaler kommune i Sunnfjord og ligg ved Dalsfjorden. Saman med Holmedal på nordsida av Dalsfjorden, var Dale ei viktig industribygd i fylket kring 1900. Mykje skjedde i Dale i perioden 1920 til og folketalet i tettstaden Dale vart langt over dobla på ti år: I 1920 budde det 206 personar i Dale – i 1930 var folketalet kome opp i 463. I 1950 hadde folketalet auka til 700 i den vesle «industribyen» ved Dalsfjorden.

 

 

A/S Jarl Skofabrikk

 

Mykje av aktiviteten kring Dalsfjorden kring 1900 stod bergensaren Johan Jenssen for. I tillegg til å starte teglverk, smørfabrikk, brusfabrikk og ullvarefabrikk i Holmedal, fekk han også i gang Dale Kloggfabrik i 1899. I 1911 tok Bergens-firmaet G.C. Rieber over som eigara, og fabrikken fekk navnet A/S Jarl Skofabrikk. Fabrikken utvikla seg til å bli den største arbeidsplassen ved Dalsfjorden. Samtidig med eigarskiftet gjekk fabrikasjon av sko over frå kloggar til sko med lærsåle. I 1923 var talet på tilsette oppe i kring 50. I 1936 hadde skofabrikken 80 tilsette, og produserte 5000 par sko i året. A/S Jarl Skofabrikk var den første fabrikken i Sogn og Fjordane med ein kvinnelig industrileiar, navnet hennar var Thora Wettergren og ho leia fabrikken fram til 1918.

 

 

Tønneproduksjon

 

Langs Dalsfjorden var tønneproduksjon ei svært viktig næring, og på 1920-talet og utover vaks mange små tønnefabrikkar til større fabrikker med ein meir omfattande tønneproduksjon. I 1953 var det heile 21 tønnefabrikkar i Sogn og Fjordane. Ni av desse fabrikkane låg i Gaular, med 27 arbeidarar, og to i Fjaler, med 40 arbeidarar. Begge tønnefabrikkane i Fjaler låg i Dale, som på 30- talet var ei av bygdene i fylket med mest industriarbeidsplassar i tønne- og sko produksjon. Dale Tønnefabrikk A/S var stor på både fylkes og landsbasis. I dei beste sesongane hadde dei opptil 100 personar i arbeid. Tønnefabrikken vart starta av Ola Hovland i 1915 og heldt produksjonen i gang i over 70 år. Tønnefabrikken Hovland og Rakneberg starta med tønneproduksjon og sildesalting i 1921. Aksel Hovland, bror til Ola Hovland, var grunnleggjar. I 1927 gjekk han saman med Magnus Rakneberg. Tønnefabrikken fekk mykje å seie for distriktet. Både skogeigarane, som fekk omsett tømmeret sitt,og lastebileigarane som i ein periode frakta tømmer frå Austlandet, fekk auka inntekter. Firmaet sysselsette kring 20 faste arbeidarar, men auka sterkt i sesongen. Tønneproduksjonen gjekk tilbake på slutten av 1950 talet, då sildefisket hadde ein nedgangsperiode. Fabrikken heldt seg likevel gåande ved blant anna å produsere industritønner til Bremanger Smelteverk i Svelgen.

 

 

Åsnes skifabrikk

 

I 1922 starta fire brør opp med skiproduksjon på Straumsnes i Fjaler. Alle hadde erfaring etter å ha jobba på Hagens skifabrikk i Oslo. For å få tak i materiale, som asketre, rodde dei over fjorden til Holmedal. Dei brukte småsei som dei hadde fiska på vegen som betalingsmiddel. Deretter rodde dei til sagbruket i Flekke. Den første fabrikkbygningen reiste dei i 1933, og dei dreiv fabrikken som rein familiebedrift fram til 1938. Då fekk Åsnes-brørne ein ordre på 1800 par ski til Forsvaret, og kunne tilsetje meir folk. I 1948 vart fabrikken totalskadd av brann, men i 1950 stod ny fabrikk med 465 kvadratmeter i tre høgder ferdig.

 

 

Teglverka i Vårdal og Helle

 

Teglverka i Dalsfjordområda vart ein viktig arbeidsplass frå 1920 til 1940. I perioden var teglverka i Vårdal og Helle dei viktigaste arbeidsplassane i Holmedal. Helle Teglverk vart etablert i 1895 og Vårdal teglverk i 1897. Teglverka vart etablert i Dalsfjorområda på grunn av at både Vårdal og Helle hadde store reservoar av leire, som er råstoffet som murstein er laga av.

 

 

Arbeidet ved teglverka i denne perioden var lite automatisert og var fysisk hardt. Leira var utvunnen i reservoara, lokalt kalla leirhole, av store gravemaskiner. Den vart frakta til teglverket ved hjelp av vagger. Ei vagge er som ei open jernbanevogn som gjekk på skinner frå leirhola og inn til fabrikken. I perioden 1920 til 1940 vart vognene skubba av arbeiderane, noko som var eit svært tungt arbeid. Når leira kom inn på fabrikken vart den tømt i ei svær elte, og blanda ut med vatn og litt andre kjemikaler. Deretter vart leirdeiga pressa ut gjennom ei form og kutta opp i mursteinstorleik. Vidare vart den oppkutta leira frakta til store tørkeovnar, førdei tørre leirsteinane vart stua inni brenneriet. I brenneriet vart steinen stabla i spesielle formasjonar for å bli brendt til rett hardhet. Jobben i brenneriet var også veldig fysisk hard og temperaturen som arbeiderane jobba under kunne komme oppi 50 grader.

 

 

Teglverka ved Dalsfjorden gav tiltrengte arbeidsplassar i dei små bygdene. Det jobba om lag 35-40 mann ved kvart verk. I 30 åra organiserte arbeiderane seg både på Vårdal og Helle, utan at leiarane var særleg begeistra for det. Det var helst i gode periodar med god avsetning det kunne drivast telgverk heile året. I vintersesongem var offtast byggaktivitetenlågare og arbeidsplassane ved telgverka såleis ustabile.

 

 

Helle Knivfabrikk

 

Helle Knivfabrikk, som ligg heilt ute i havgapet i den vesle bygda Holmedal, vart starta opp som ei typisk «kjellarbedrift» i 1932. Dei unge brørne Steinar Helle og Sigmund Helle gjekk arbeidslause, og for å livnære seg med noko, starta dei å produsere gardsreiskapar i den gamle smia på farsgarden på Kleppeneset. Først og fremst produserte dei knivar for bønder og fiskar i området, men etterkvart som etterspørselen vart større auka produksjonen og dei byrja å selje knivane sine andre stadar. Til dømes midt på 30-tallet vart dei kjendt i Oslo og dette endte med ei bestilling på over 200 knivar. På grunn av dårleg pakking og mangel på rustfritt stål, vart knivane øydelagde og sendt i retur. Slike problem skapte vansklegheitar for verksemda. Slutten av 30 tallet var ei mørk tid og det var umogeleg å få banklån. Redninga vart den lokale kjøpmannen frå Holmedal, Lorntz Stenseth, som kanskje gjorde til at Hellefabrikken står i dag. Per i dag har S & S Helle 35 tilsette og jobbar hovudsakeleg med produksjonen av sportsknivar, sportskniviklinger, noko bestikk og klinger til bestikk.

 

 

Klausens Mekaniske Verkstad AS

 

Klausen Mekaniske Verksted AS vart starta opp på andre halvdel av 1940. Det var brødrene Jørgen og Olav som var mennene bak denne bedrifta og på denne tida hadde dei navnet Brødrene Klausen. Noko levebrød vart det ikkje for dei to grunderane første tida, men dei reparerte og produserte mykje i den vesle mursteinsbyggningen på Helle. Snart vart sparkstøttingar og rattkjelkar viktige produkt. Dei sette også i gang produksjon av traktorar. Traktorane var av typen Vestland og vart produsert utifrå eigne teikningar. Den største etterspørselen etter traktorane var frå 1953 og utover 1950-talet. Fjaler Kommune, som Holmedal tidlegare var ein del av, var ein viktig medspelar ved Klausen sine utvidingar i 1972 og seinare i 1996. Klausen Mekaniske Verksted produserer no utstyr til prosessindustri, skip og oppdrettsnæringa. I 2003 hadde dei 51 tilsette.

CC BY-NC 4.0 Industrivekst kring Dalsfjorden av Hilde Kvamsås Aa er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Trude Aase, Malin Mydland, Øyvind Moldestad og Nina Iren Vonen, 2008
Klassetrinn: vg3, Hafstad vidaregåande skule
Kjelder: Dalsfjorden - frå Gaularfjellet til Bulandet http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_sogn_og_fjordane /fylkesleksikon/2144147.html http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_sogn_og_fjordane /fylkesleksikon/2129758.html http://fylkesarkiv.no/ http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_sogn_og_fjordane /fylkesleksikon/831113.html
Kommune: Dale, Vårdal, Helle, Holmedal