Florø – fylket sin første by
Florø sett frå Nordvest i 1860. C. Diriks teikning.
Florø by vart oppretta ved kongeleg resolusjon 16. mai 1860. Det rike sildefisket var den viktigaste grunnen til byetableringa og Florø vart vald på grunn av at staden låg nær hovudleia, at her var god tilgong på tomteland og tilgong på drikkevatn.
Plassering i kart
Korleis fekk Florø bystatus?
I Sunnfjord har det i mange hundre år vore busetnad langs kysten, grunna det gode fisket, og særs på grunn av silda. På 1800-tallet var det fleire saltbuer på dei største øyane i nærleiken av det som i dag er Florø by. Den nærmaste kjøpstaden var Bergen. Om vinteren kunne den 20 mil lange seglturen til Hansastaden vere svært strabasiøst og problematisk. Folk hadde difor eit ynskje om ein nærare kjøpstad, fordi dei hadde behov for ein stad der dei kunne få levere silda si og få kjøpt dei mest nødvendige varene. 8 desember 1858 var det sett ein kongeleg resolusjon som førte til at det vart nedsett ein kommisjon «til at avgi betenking om hensigtsmessigheden av at anlegge en kjøbstad eller et ladested i Sønd- og Nordfjord- Fogderi, Nordre Bergenhus Amt.» Kommisjonen beslutta at kjøpstaden skulle liggje i Sunnfjord. Det var tre reelle alternativ, Floknes i Vevring, Florø i Kinn og Sauesund i Askvoll. Fleirtalet kom fram til at ein skulle legge den nye kjøpstaden i Florø. Florø låg veldig bra til ved leia og hadde rike fiskefelt, i tillegg til at staden hadde rikeleg med tomteland og god vassforsyning. Byen vart grunnlagt allereie 16. mai 1860. Det blei gjort framlegg om å kalle staden for å Florøhamn, men det blei nedstemt. Namnet vart Florø.
Byen sine første år
Ein kunne knapt nok kalle Florø for ein by på denne tida, då den besto av 720 dekar med ei strand som strakk seg < ?xml:namespace prefix = st1 ns = "urn:schemas-microsoft-com:office:smarttags" />
< ?xml:namespace prefix = o ns = "urn:schemas-microsoft-com:office:office" />
Florø – fylket sin første by av Hilde Kvamsås Aa er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.