Sidemeny+

Villrein på Utvikfjellet

Posted on 19. sep 2008 by in Dyreliv, Landskap

Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved

Denne storbukken lever utrygt i vekene som kjem. I dag startar nemleg villreinjakta, og om denne går som jegerane håpar, må 17 av dyra i villreinstammen i Svartebotnen bøte med livet.

I dag 20. august 2008 startar jakta for dei heldige storviltjegerane som har fått tildelt løyve på villrein. Reinsdyrstammen i Svartebotnen i Breim tel kring 85 dyr, og i år er det delt ut totalt 17 fellingsløyve.

Plassering i kart

Jakt
Mange har sett kryss i kalenderen ved datoen 20. august. Då startar nemleg det som for enkelte er mellom årets store høgdepunkt: Villreinjakta. Etter to år utan jakt, er det no bestemt at villreinstammen i Svartebotnen har blitt så stor at det er forsvarleg å ta ut nokre av dyra.

Kalvar
Vi ønskjer at flokken skal ligge stabilt på kring 50-60 vinterdyr. Dei siste to åra har vi ikkje opna for jakt, då kalvetalet har vore lågt. I år er det kring 20 kalvar, og med ein flokk på totalt om lag 85 dyr, har vi bestemt at vi skal dele ut 17 fellingsløyve, fortel Reidar Sandal.

Litt historikk
Sandal er mellom dei som føl godt med på reinflokken som vart etablert i Svartebotnen i 1975. Den gongen vart det kjøpt inn og sett ut 25 dyr. Av avlsmessige årsaker har flokken ved nokre høve blitt supplert med nokre få bukkar sidan. Det er ein liten, sårbar flokk, og det er viktig ikkje å ta ut for mange dyr om kalvetalet ikkje er for stort, seier Sandal.

Jerveplage
I motsetnad til villreinen i Førdefjella, der grunneigarane er sikre på at jerven herjar, trur ikkje Sandal det er rovdyr som er grunnen til dei låge kalvetala i Svartebotnen i 2006 og 2007.
Kalvetalet kan variere av naturlege årsaker, og vi har ikkje registrert noko som indikerer at rovdyr har vore på ferde, seier Reidar Sandal.

Vandrar
Sjølv om reinen har kjerneområdet sitt i Svartebotnen og dei nærliggjande områda, vandrar dyra ein heil del. Ikkje sjeldan kjem delar av flokken heilt vest til Haugsvarden på Nordstranda. Av dei 17 løyva som vert delte ut, disponerer Gloppen nordside grunneigarlag tre løyve.

Reinsløyve
Vi hadde 35 søkjarar til dei tre løyva, fortel leiaren i grunneigarlaget, Jon Slagstad.
Olav Hjelmeset, simle, Oddvar Vereide, fjorbukk og Kåre Hauge, kalv, var dei tre heldige nordstrendingane som vart trekte ut, og får høve til anten å gå på jakt sjølve eller få nokon til å jakte for seg.
Dei andre 14 løyva vert fordelte mellom grunneigarar i Olden, Innvik, Utvik, Tistam, Frøyset/Djuv og i Breim. Om alt går etter planen, smell dei første skota i fjellet i dag.

CC BY-NC 4.0 Villrein på Utvikfjellet av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Aadne Gloppestad 2008
Kjelder: FirdaTidend
Kommune: Utvikfjellet