Sidemeny+

Vekstsenteret Førde

Posted on 17. sep 2008 by in Arbeidsliv, Pedagogikk

I 1965 vart Eid, Sogndal og Førde utpeika som vekstsenter. For Førde sin del gav vekstsentervedtaket ei rekke etableringar av både industri og offentlege arbeidsplassar. I starten var veksten i Førde langt på veg ein politisk styrt vekst, men den leia fram til at Førde vart eit naturleg sentrum i fylket og ein tettstad som vaks av eiga tyngde.

Plassering i kart

Vekstsenteret Førde

 

Allereie før 1960 var Førde eit viktig senter for mange av dei som budde i nærleiken. Det var der senteret i kommunen låg og alt av butikkar og bedrifter var å finne i Førde. I 1965 vart Førde utpeika til vekstsenter og grunnen til det var at det låg godt geografisk plassert i forhold til resten av fylket . Det var lett å komme seg til Førde også på den tida og Førde som vekstsenter skulle vere ein motor som skulle hindre fråflytting og snu flyttestraumen.  Andre grunnar til at Førde var utpeika til vekstsenter, var fordi det var god plass til utbygging Å gjere Førde til eit tilflyttingsstad viste seg å bli ein stor suksess og folketalet auka frå 2000 til 11000 på 40 år.

 

Bygg som vart bygde i 1960-1985

 

Mange av bygga som vart bygd på denne tida står den dag i dag og er også i bruk per dags dato. – Førde Ungdomsskule, 1971 – Halbrend skule, 1974 – Førdehuset, 1976 – Vie senter, 1978 – Førde Sentralsjukehus 1979.

 

Førde Sentralsjukehus og Vieåsen

 

Allereie i 1971 vedtok Stortinget at Førde sentralsjukehus skulle bli bygd, i staden for og byggje ut dei fire andre sjukehusa i Sogn og Fjordane. Dette vart sterkt kritisert og kring om i fylket deltok mange i fakkeltog i protest. Men det vart vedtatt og dei begynte å byggje Sentralsjukehuset i 1976. I 1979 stod Førde sentralsjukehus ferdig, og samtidig med det vart bustadområdet i Vieåsen planlagt. Sjukehuset hadde skaffa 1000 nye arbeidsplassar og trengte fleire bustader. Derfor lagde dei ein planen ved å fjerne all skog oppe i Vieåsen og byggje tre store blokker, men Otto Wiger hadde ein betre ide. Det han gjorde var å byggje tun i staden for sementblokker og fikk like mange buplassar og likevel ta vare på naturen. Han markerte alle dei trea som skulle fellast og gav store bøter på, mange tusen kroner, dersom ein felte eit tre som ikkje skulle fellast. I 1979, samtidig med sjukehuset, var bustadfelta i Vieåsen ferdigbygd, og klart for innflytting. 10 år seinare vant Vieåsen ein pris for fylkets beste nærmiljø.

 

Firda Billag

 

Firda Billag var eit ruteselskap som hadde ein stor vekst og hadde over 100 kjøretøy på byrjinga av 1960-talet og var blant dei største transport selskapa i sin tid. Firda Billag hadde hovudkontor sitt i Førde og det hadde ein del og seie for Førde som vekstsenter. Det gjorde det lettare og reise til Førde og i 1973 fekk Firda Billag sin første flyttebuss eller kombobuss som gjorde det enda lettare å reise til Førde med mykje bagasje. I 1979 hadde billaget kombobussar nok til 4630 passasjerar og 603 tonn med gods. Billaget voks ellers også veldig mykje fram til 1980.

 

Ankerløkken Førde

 

På eit 86 dekar stort industriområde på Øyrane vart Ankerløkken Verft bygd i 1971. Det var eigaren og grunnleggjaren av Ankerløkken, Hamarmannen Ole E. Aaserud, som sjølv tok initiativet til bygging av Førde-verftet. Verftet i Førde bygde både heile skip og forskip, som etter sjøsetting vart sveisa saman med akterskipet, bygd ved avdelinga i Florø. På det meste hadde Førdeverftet i denne tida 400 tilsette. Men i 1985 vart verftet slått konkurs. Førde-verftet stod på det næraste folketomt i lang tid. Nokre få tilsette, med Kjell Foss som dagleg leiar, skipa Førde Maritime Industri, som dreiv delproduksjon i mindre målestokk i verkstadhallane. Den mest suksessrike avleggjaren av Ankerløkken Førde i denne tida var designselskapet Multi Maritime AS. Det var ikkje før i 1989 at verftet starta opp drifta igjen, då vertseigar John Kleven frå Ullsteinvik kjøpte opp dei to verfta i Førde og Florø. I 1991 vart dei to verfta kjøpt opp av Kværner, frå og med dette stadiet vart dei to samanslutta og verftet på Ankerløkken gjekk no under namnet Kværner Florø, avdeling Førde. Etter dette følgde ein oppgangsperiode for skipsbyggarane i Førde og Florø, etterfulgt av ein sterk økonomisk nedgang i Kværnergruppa, dette førte til at dei to verfta vart solgt tilbake til Kleven-gruppa i Ulsteinvik. Dette førte blant anna til endå eit namneskifte, denne gongen til Kleven Florø AS, avdeling Førde. I 2001 var det 170 arbeidarar på avdeling Førde. Men i 2003 vart heile aktiviteten i Førde lagt ned og dei tilsette vart permitterte eller vart flytta til avdeling Florø. Det var ikkje før i 2005 det skulle bli aktivitet på Ankerløkken igjen. Då kjøpte Ankerløkken Eigedom AS tomt med byggningar for 21 millionar kroner. Etter oppkjøpet gjorde selskapet ei avtale om å leige ut området for skipsbygging i 2 nye år etter å ha sikra seg ei kontrakt på nærmare 1,7 milliardar kroner for bygging av fleire kjemikalietankarar. Men det skulle ikkje går meir en ca eit år før endå eit eigarskifte råka verfta i Førde og Florø. I 2006 kjøpte Aker Yards dei to selskapar Kleven Florø og Kleven Design for 60 millionar kroner.

 

Flyplass på Øyrane 1971-1986

 

Førde kommune starta planlegging av ny flyplass då kommunen vart utpeika som vekstsenter i 1965. I samband med utbygging av kai til industriområdet på Øyrane brukte dei den oppmudra massen til å bygge ei flystripe i den nordlege delen av industriområdet. Dei hadde ikkje gjort formelt vedtak om at det skulle byggast ein kommunal flyplass, før etter grovfyllinga av flystripa var ferdig. I 1971, same året som Ankerløkken opna sitt nye skipsverft, vart flyplassen på Øyrane opna for trafikk. Når småflyplassen på Øyrane vart nytta, måtte dei store verftskranane køyrast til side for å kome ut av den påbodne sikringssona når flya skulle lande og lette. Flyplassen på Øyrane fekk på grunn av plasseringa berre mellombels driftsløyve, og i 1986 var den avløyst av ny Førde Lufthamn, bygd på Bringeland i Gaular.

 

Førde sementvare på Bruland

 

Utover 1960-åra vart fabrikkanlegget på Steinen for lite. Karl Opseth hadde allereie då gått med tankar om vidare oppbygging av nye sandsiloar med oppvarming. På Bruland var det store sandressursar, og i 1951 vart det gjort avtale om å kjøpe sand til betongvareproduksjonen.

 

 

CC BY-NC 4.0 Vekstsenteret Førde av Britt Olin Kvamen er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Thomas Sæterdal , Katrin Bøyum , Jonas Sandbakk og Britt Olin Kvamen, 2008
Klassetrinn: vg3, Hafstad vgs
Kjelder: http://www.nrk.no/sfj/leksikon/ http://www.forde.kommune.no/
Kommune: Førde