Sidemeny+

Tettstadsutvikling i Førde i mellomkrigstida

Posted on 17. sep 2008 by in Arbeidsliv, Historie, Pedagogikk

Tida står stille i Førde i mellomkrigsåra. Firda Billag etablerer seg med nytt bygg, men elles er Førde som mange andre stader i Sogn og Fjordane prega av økonomiske krisetider.

Plassering i kart

I tida 1920 til 1940 står utvijklinga i Førde relativt stille. Det kjem nokre få bygg, blant anna Firda Billag. Økonomien i mellomkrigstida gir ein nedgang i utviklinga og Sogn og Fjordane velg vekk Førde som fylkessenter. Førde vert nemnd i tettstad-stadestikken for første gong i 1930.

 

Firda Billag

 

Firda Billag, Sogn og Fjordanes største rutebilselskap vart skipa i 1920 av kommunane Breim, Førde, Jølster og Gaular.  Dei etablerte seg i eit bygg på sørsida av Jølstra, i eit område der det òg kom nokre få andre nybygg samstundes. Firda Billag sitt hus var det første med flatt tak i Førde. I dag er Firda Billag eigd av 13 kommunar og har hovudkontor i Førde. I 2001 frakta Firda Billag meir enn 6100 personer dagleg. Dette både innanfor og utanfor fylkesgrensane. Ruteselskapet står og for ein stor og variert transport av varer.

 

Fylkessenter?

 

1924 kom spørsmålet om Førde som fylkessenter opp. Under krigen gjorde tyskarane Førde til hovudkvarteret sitt i fylket. I 1947 tapte Førde fleirtalet om å flytte fylkessentret til Førde og Førde vart ståande stille. Seinare, når biltrafikken vart viktigare, vann Førde rett og slett på grunn av sin sentrale plassering i fylket. I Førde møttest vegane, både frå nord og sør, aust og vest. Det var ein viktig utvikling for Førde, staden som i 1957 berre hadde rundt 200 innbyggjarar skulle no ta til å vakse. Sjølv om den virkelege utviklinga ikkje kom før Sentralsjukehuset kom og staten valde Førde som ein vekststad.

 

Steinen

 

Steinen, båtstoppestaden i Førde, stod ferdig i 1868 og var ein sentral stoppestad i fylkesbåtane sine ruter. På grunn av den aukande trafikken kom det i perioden 1917-1923 ny kai og ekspedisjonsbygg. Trafikken på 1920-talet var høgdepunktet i aktiviteten på Steinen. Seinare kom det òg ein fisketønnefabrikk der. I 1915 tok Emil Steen over tønnefabrikken, som var den første industriverksemda i Førde. Ut på 1920-talet, etter 1. verdskrig, sleit tønnefabrikken i Førde, slik som mange andre tønnefabrikkar rundt om i Noreg. Tønnefabrikken i Dale var eit unntak, dei hadde ei oppgangstid på grunn av mykje sildefiske.

 

Kvifor stillstand i Førde medan Dalsfjordområdet opplevde vekst?

 

I tida mellom 1920 og 1940 står det eigentlig veldig stille i Førde, det kjem nokre få bygg, men grunna plasseringa til Førde ligg det dårleg til for utvikling. Førde ligg plassert inst i Førdefjorden, og er nabokommune med; Naustdal, Jølster, Gaular og Askvoll. For å komme seg til Førde var det nødvendig med gode transportmiddel på grunn av dei lange avstandane og dei dårlige utbygde vegane, og sidan få folk hadde dette, var det sjeldan folk tok den lange vegen frå f.eks. Jølster eller Gaular, til Førde. Frå Naustdal var det mogleg å ta seg til Førde inn fjorden, men sidan mykje av innbyggjarane budde langt oppe i dalen, vart òg då turen til Førde lang og vanskeleg.

 

Som om ikkje det var nok var økonomien i mellomkrigstida dårleg. I 1921 begynte alt å gå den gale vegen i Noreg, fabrikker produserte meir enn folk kjøpte. Mange måtte gi opp gardar og grunn fordi dei ikkje hadde råd til å betale nytt og moderne reiskap og låna deira. Ettersom Førde har Sogn og Fjordanes beste jord for dyrke, spelte dette ein rolle for Førde. Førde på den tida bar meir preg av å vere ei bygd enn ein bygdeby. Det kan vere vanskeleg å førestille seg kvifor så få mennesker tok turen til Førde, men i denne perioden var det lite som gjorde Førde meir attraktivt å reise til enn andre kommunar. Det var lite i Førde som tiltrakk seg folk.

 

I Dalsfjordområdet ligg både Askvoll, Gaular og Fjaler sentralt til i forhold til kvarandre og det var lett å ta sjøvegen mellom kommunane. Dermed kunne folk enkelt drive handel over fjorden, og utveksle arbeidskraft. Det var enkelt å skaffe seg råvarer på andre sida av fjorden og ta det med seg heim, dermed kunne ein starte større produksjonar. Utvikling av fabrikkar gjorde at ein fekk fleire arbeidsplassar, noko som gjorde til at fleire folk flytta dit. Eit resultat av dette vart at befolkninga blei større.

 

Dalsfjordområdet og Førde som tidlegare på 1900-talet var ganske like, med mange små bedrifter og lita befolkning, utvikla seg til å bli to ganske ulike områder. Dalsfjordområdet utvikla seg til å bli ein kjerne for stor produksjon og storleiken og tal fabrikkar voks. Som eit resultat av dette vart befolkninga større. Førde utvikla seg lite i denne perioden. Bedriftene var framleis små, og få folk kom til Førde.

CC BY-NC 4.0 Tettstadsutvikling i Førde i mellomkrigstida av Malin Systaddal Mydland er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Trude Aase, Malin Mydland, Øyvind Moldestad og Nina Iren Vonen, 2008
Klassetrinn: vg3, Hafstad vgs
Kjelder: Dalsfjorden - frå Gaularfjellet til Bulandet http://fylkesarkiv.no/ http://www.transportarbeider.no/
Kommune: Førde og Dalsfjorden