Sidemeny+

Tertiærnæringsutvikling i Førde og Florø

Posted on 19. sep 2008 by in Arbeidsliv, Pedagogikk

Dei siste 25 åra har folketalet auka i Florø og Førde. I Førde er det først og fremst tertiærnæringane som har vakse. I Florø har det vore mindre vekst i dei tenesteytande næringane, men byen har fått ein del industriarbeidsplassar i samband med oljeverksemde i Nordsjøen.

Plassering i kart

Førde

 

I 1965 vart Førde peika ut som vekstsenter i Sogn og Fjordane av staten. Etter at Førde vart utnemnd fekk vi  auke i tertiærnæringane. Det at Førde no var eit knutepunkt, gjorde at grunnlaget for å opprette ei bedrift var best tilrettelagt i Førde. Dette gjorde at folk reiste til dette knutepunktet for varer og servicetenester.

 

Mentor, eit firma som er lokalisert i Førde, gjorde ei undersøking i 1998 som omhandla ti tettstadar i fylket, deriblant Førde og Florø. Undersøkinga gjekk ut på å finne ut kor stor del av detaljhandelen (servicehandelen) som var i kvar av tettstadane, og korleis utviklinga kom til å gå. I 1998 hadde Førde kun 9,4% av folketalet i Sogn og Fjordane, men likevel over 25% av detaljhandelen om ein reknar med bilbransjen. Dette vil seie at kvar fjerde krone som blir brukt på servicevarer, blir brukt i Førde. Denne undersøkinga viser berre at Førde har den sterkaste stillinga som handels- og servicesenter i Sogn og Fjordane, og fungerer utmerka godt som knutepunkt mellom dei andre tettstadane. 45 000 personar når Førde med bil på ein time, og dette viser at Førde ligg veldig sentralt og godt plassert for å vere nettopp eit knutepunkt.

 

75% av handelen i Førde er dominert av service og handelsnæringar. Sentralsjukehuset, som er den største, og Sparebanken Sogn og Fjordane er eksempel på to store arbeidsplassar. Førde vert omtalt som noregsmeister i handel, og ikkje utan grunn. Byen dekkjer eit handelsområde som er heile fem gongar større enn sjølve kommunen og har i dag størst omsetning per innbyggjar i heile landet.

 

Bedrifter oppretta i Førde frå 1985 til i dag:
Forretningsfamilien Berqvam
Gjensidige Sogn og Fjordane
Vest Vision
Sogn og Fjordane Bustadbyggelag
Førde Næringsutvikling AS
Handelshuset AS
Vest Inkasso
Førde Bokhandel AS
Førde Næringsutvikling AS – FNU
Økland Libris
Artic Shipping & Finans ANS
Kompetansesenteret Concord
Rema 1000 i Førde
Firda Trykk AS
Vinmonopolet AS
Sunnfjord Næringsutvikling AS – SNU
Førde Torg
Bohus Møbelhuset
Sunnfjord Energi
Selja Forlag
Reisemål Sunnfjord AS
Norsk Havfisk AS
Fjordane IT Service AS
Norsk Motor Import AS
Entreprenørservice AS
Travelnet Fjordane Reisebyrå
Coop Sogn og Fjordane
Enivest AS
Nortronik AS
Apotek 1
Gas Tech AS
Vitusapotek
Bokland AS
Langebruvegen 19 AS
Ankerløkken Eigedom AS
CrediCare
Førde Storsenter
Plantasjen
Biltema

 

Det er eit klart overtal av serviceorienterte bedrifter i Førde. Dette underbyggjer påstanden om at Førde er den leiande kommunen innan service i Sogn og Fjordane.

 
Florø

 

Florø er den byen som ligg lengst vest i Noreg, og var fram til 2006 den største kommunen i Sogn og Fjordane. Florø har i korte trekk tre vekstperiodar innan ulike næringar: Skipsverft i 50 år, oljeby frå 1980-talet og dei siste åra har Florø forsterka sin posisjon innan oppdrettsnæring.

 

Florø var i 1998 med i same undersøkinga som Førde. I 1998 hadde Florø 10,3% av innbyggjarane i fylket, men berre 10,7% av detaljomsetnaden. Dette viser at sjølv om Florø hadde ein større del av innbyggjarane i fylket enn Førde, så var detaljomsetnaden betrakteleg lågare enn i Førde. Sjølv om Florø «taper» mot Førde når det gjeld detaljomsetnad, så hadde dei likevel den største veksten i fylket (33,2% frå 1994 til 1998). Den store utfordringa til Florø er å demme opp mot Førde, så dei kan fokusere på sitt slagkraftige næringsliv og gode miljø.

 

I dag er næringsstrukturen i Florø prega av eksport, og hovudnæringane er fiskeindustri, skipsbygging og service. Medan Førde nesten berre fokuserer på service, så har Florø betre forhold for å drive med industri og fiske.

 

Bedrifter oppretta i Florø frå 1985 til i dag:
Haukå Settefisk
Firda Settefisk
Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane
Handelshuset Snorre Senter
Batalden Havbu
Økland Libris
Øytex
Vestkysten Reiseliv
HAVdyrkerne
Quality Maritime Hotel
Kreditkassen
Vinmonopol-utsal
Batalden Skjel
Osen Gard
Havlandet Havbruk AS
Kleven Design
Mercatus AS
Florø Invest
Havlandet Marin Yngel AS
Nordvestlandske AS Fjord 1
Havlandet Marinfisk AS
OverFlate Service AS
HFL Havlandet Forskingslaboratorium
Bokland AS
Florøen Eiendom AS
Florø Hotell
FjordKysten
Elkjøp Fjordane

 

Ein kan klart sjå av lista over at det er flest fiskeriorienterte bedrifter i Florø. Dette underbyggjer vår påstand om at Florø har ein mindre del av servicemarknaden i Sogn og Fjordane enn Førde.

 

I løpet av dei siste 25-30 åra har Førde befesta si stilling som serviceorientert by i Sogn og Fjordane, mykje ved hjelp statlege midlar og gode forhold for bedriftsetablering. Florø har også hatt ei fin utvikling innan servicenæringane, men veksten har vore størst innan industri. Florø ligg veldig godt til for utvikling av industri og fiske, og dette har ført til at Florø har fokusert mykje på akkurat desse typane næringar.

CC BY-NC 4.0 Tertiærnæringsutvikling i Førde og Florø av Vegard Nesbø Skreien er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Vegard Nesbø Skreien, Reidar Mowatt, Nataniel Ljostveit, Jim Fossen og Daniel Hjelmeland, 2008
Klassetrinn: vg3, Hafstad vgs
Kjelder: http://www.nrk.no/sfj/leksikon/1140959.html http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_sogn_og_fjordane/fylkesleksikon/1606720.html http://www.forde.kommune.no http://no.wikipedia.org/wiki/Flor%C3%B8 http://www.flora.kommune.no/ Undersøking gjort av firmaet Mentor A/S
Kommune: Førde/Florø