Sidemeny+

Høyanger vert industristad

Posted on 17. sep 2008 by in Arbeidsliv

Høyanger i 1908

I tida mellom 1910 og 1920 vaks Høyanger frå eit lite bygdesamfunn med nokre få gardar til eit stort industrisamfunn. Kvifor var det nettopp i Høyanger ein etablerte kraftkrevande industri? 

Plassering i kart

Folketalsutvikling

I Høyanger i året 1900 var det tretten gardsbruk og tre husmannsplassar med 120 innbyggjarar til saman. Dei aller fleste av dei 120 innbyggjarane hadde jordbruk som den einaste inntektskjelda, men det var nokre få som hadde andre måtar å livnære seg på, til dømes smed, skomakar og handarbeidar var yrker som var viktige for bygda. I 1910 hadde ikkje folketalet auka til meir enn 124 menneske i bygda innerst inne i Høyangerfjorden. Høyanger var delt mellom gardane Sæbø, Øyra, Hjetland, Håland og Dale. Kyrkjebø var kommunesenteret med kyrkje, handelsmenn, postsenter og dampskipekspedisjon. Fylkesbåtane gjorde tilfeldige turar inn til fjorden før dampskipekspedisjonen og brevhuset vart opna i 1913. Frå ei fjordbygd med 124 innbyggjarar vaks industristadet Høyanger fram. I 1920, eitt år etter at produksjonen av aluminium kom i gang, var folketalet auka til nærmast 1000 innbyggjarar. Ti år etter, i 1930, låg folketalet på over 2200 innbyggjarar. Høyanger var herved blitt eit av dei største tettstadene i Sogn og Fjordane.

Ein planlagd by

Ei stund var det industrieigarane som fekk ansvaret for å byggje bustadar, vegar og skaffe servicetilbod til industriarbeidarane. I følgje reguleringsplanen frå 1917 skulle Høyanger bli ein «ei mønsterbygd» med opne og trivlege bylokale i motsetning til dei grå og kjedelige europeiske industribyane på 1800-talet. Høyanger skulle ha ein fin innfallsport ved kaia med ei hovudgate som skulle føre opp til kyrkja i byen, men sidan Høyanger kyrkje ikkje stod ferdig før i 1960 enda den i ei av dei andre hovudgatene. Sentrumsområda med handel og service vart lagt bak industrianlegga nede ved fjorden. I byplanlegginga på denne tida var det vanleg å skilje arbeidsbustadane frå bustadane til bedriftsledarane og funksjonærar. Ikkje berre med omsyn til bustad men også sosialt var Høyanger som andre industristader, eit klassedelt samfunn.

Oppstarten og utviklinga av industrien

I Høyanger fjorden var det rikelig med vatn, mange forskjellige elver rann ut i Daleelva, ei elv som hadde teke opp i seg to vassdrag, Gautesdalsvassdraget og Eriksdalsvassdraget. Det vil seie at fjella rundt Høyanger var rike på vatn. Folk i Høyanger var nok ikkje berre glade i elvane sine. Men det var fjellvatna og elvane som skulle komme til å verte framtida for denne grenda. På slutten av 1800- talet var tanken å få i stand ein aluminiumsindustri i Høyanger, som var på norske hender, og i første omgang lukkast dette. Høyang faldene Norsk Aluminium og Co vart eit heilt ut norsk selskap. Det nye selskapet fekk konsesjon på å byggje ut produksjon, og no varde det ikkje lenge før arbeidet i Høyangsfjorden kom i gang for alvor. Konsul Larsen, kan seiast å ha vore far til dette selskapet, han vart ikkje sjølv med i Høyangfaldene. Han drog seg ut og heldt i staden fram med å prøve å gjere verkelegheit av stålverksplanane sine andre stader. Sigurd Kloumann blei leiaren av den drivande krafta i det nye selskapet, og mange vil kalle han grunnleggjaren av det moderne Høyanger. I 1916 kom den nye tida til Høyangsfjorden for alvor. Det seiast at eventyret kom den 28. februar med 8 mann, 6 svenskar og 2 nordmenn, i ein robåt frå Nordeide. Eventyret byrja med kaos. Det var eit storstila arbeid som no stod for døra i Høyangsfjorden, og for bygdefolket verka nok det heile planlaust og kaotisk, men det vart eit utal av oppgåver som skulle løysast, og bak dette låg grundige planar. Anlegget var delt i 4 greiner, forutan arbeidet med sjølve kraftanlegget og kraftstasjonen, sette ein i gang å byggje ein hall for aluminiumproduksjon, og ein tok til å byggje ein elektrodefabrikk der ein skulle produsere elektrodekol til aluminiumsframstillinga. I tillegg til dette reiste ein bustader, og alt det andre ein trong på ein anleggs- og industristad. I Høyangsfjorden laut alt byggjast opp frå grunnen, det vart no lagt grundige planar for det nye by samfunnet. Nokre seier at det var på eit møte som vart halde i Høyanger 16. mars 1916 at grunnlaget for det nye by samfunnet vart lagt. Det viktigaste på møtet var at dei her drøfta kva område som skulle leggjast under bygningslova, og kvar dei ulike offentlege institusjonane, slik som post, telegraf, offentleg kai osb, skulle plasserast.

Aluminiumsverket i Høyanger

I 1905 kjøpte konsul Harald Larsen fallrettane til 2 fossefall i Høyanger. Grunnen til det var at han og hadde kjøpt patent på ei svensk oppfinning for framvinning av stål. Han trengte krafta frå fossefalla til å drive det påtenkte stålverket. Men det var først i 1914 at han fekk konsesjon til å bygge ut fossane og lage ein elektrostål-fabrikk. Grunnen til at det tok så lang tid å få denne konsesjonen var at bøndene var redde for at drengane og gardsfolket skulle slutte på gardane og begynne i industrien. Lønna i industrien var svært mykje betre enn den i jordbruket, då ei daglønn i industrien tilsvarte ei vekelønn i jordbruket. Maten dei fekk på slike verk var og mykje betre enn gardsmaten og bestod av mykje kjøttmat, i motsetning til graut og anna simplare mat på gardane. Men grunneigarane var få og investorane pengesterke, so gardane der fabrikken var planlagt å skulle ligge vart kjøpte og alt låg klart til å begynne å byggje. Men 1. verdskrig satt ein stoppar for Larsens planar, i 1915, då investorane frå Austlandet trakk seg. Og det enda med at han sal alt til NACO, Noregs Aluminiums Company. I 1916 starta NACO ei stor utbygging av kraftverk i fossane og fabrikkar. Dei satsa på å lage ein aluminiums fabrikk, då dette var det nye og lovande metallet som lovde god forteneste. Ein av Noregs fremste ingeniørar på den tida, Sigurd Kloumann, vart ansatt som administrerande direktør og organisator. Kraftverka starta i 1917, men det gjekk lang tid før ein kunne støype dei første barrane. Grunnen til det var at dei mangla råstoffet oksid som dei skulle få skipa inn frå Frankrike. Men dei franske aluminiums-produsentane stakk kjeppar i hjula, då dei ville ha oksidet sjølve. I 1918 vart det laga eit lite prøveparti med aluminiumsbarrer, då dei hadde fått tak i eit parti med oksid. Det var først i 1919 at den vanlege produksjonen kunne starte, men prisane fall og NACO var nær konkurs. Dei måtte selje verket til det amerikanske ALCOA som forsatte drifta.

CC BY-NC 4.0 Høyanger vert industristad av Trude Osland Myren er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Stein Vidar Bjordal, Maria Marlen Farsund, Alexandra Svetlana Kalland, Trude Osland Myren og Anne Line Opseth, 2008
Klassetrinn: Vg3 Hafstad vidaregåande skule
Kjelder: FØRDE kulturhistorisk vegvisar, Wikipedia om Førde, NRK Sogn og Fjordane sitt fylkesleksikon, Hefte om Høyanger, Smeltedigelen Høyanger av Einar Førde
Kommune: Høyanger