Sidemeny+

Førde: Tettstaden i utvikling 1860- 1900

Posted on 17. sep 2008 by in Arbeidsliv

Noreg var i den siste halvdelen av det 19. hundreåret prega av ei veksande industriverksemd, samstundes som utbygginga av kommunikasjonane knytte folk og landsdelar tettare saman. Dette var med å påverke utviklinga av dei ulike næringane, særskilt det tradisjonelle jordbruket. Vegar, dampskipstrafikk og turisme kom til å prege Førde mellom 1860 og 1900.

Plassering i kart

Mykje hadde skjedd i Førde, då bygda stod overfor moderniseringa i siste halvdel av 1800-talet. Handels- og kommunikasjonsmessig sentrum, som før var Sjøahola, var no lagt til Hafstad – det vi i dag kallar sentrum sør. Dette skjedde etter at Jølstra endra løp og den Trondheimske Postveg kom i 1785. På Hafstad kom det etter kvart gjestgiveri, landhandel, post og skysstasjon. Då Langebrua vart bygd i 1936, vart også Skorpa på nordsida av Jølstra trekt inn i sentrumsutviklinga med landhandel der også. Førde utvikla seg i åra fram mot 1900 til å bli ein tettstad der rike sportsfiskarar frå innland og utland kom for å fiske i lakseelva Jølstra.

 

Dampskipstrafikk

 

Ei stor hending for fjord- og kystbygdene i Sogn og Fjordane på midten av 1800- talet, var skipinga av Fylkesbaatane 27. november 1858, som den gong hadde namnet Nordre Bergenhus Amtbaater. Dette er framleis sett på som det viktigaste vedtaket som er gjort av fylkestinget i Sogn og Fjordane i eit historisk perspektiv, fordi skipinga opna for nye moglegheiter for dei som budde langs fjordane og ved kysten. Ein kunne no selje ferske jordbruksvarer i Bergen, grunna kortare reisetid. Bøndene dreiv ikkje lenger med sjølvberging i samband med jordbruket, men derimot med marknadsretta salsjordbruk. For bøndene og folket i Førde gjorde denne samferdslerevolusjonen til at dei fekk fleire bein å stå på økonomisk, og ein fekk opna for ei ny og lønsam næring, nemlig turismen. Etter at Fylkesbaatane vart skipa i 1858, var det mykje som skjedde med bygdesentrum i Førde. I 1870 vart Dampskipskaia bygd på Steinen sør for elveosen, og i åra etter vaks det fram mange småbedrifter og forretningar langs vegen frå Hafstad til Dampskipskaia. Endelig hadde Førde vendt andletet mot fjorden. På Steinen vart det òg i 1878 etablert trelasthandel, og ein veit også at det rundt om i Førde på slutten av 1800- talet vart etablert fleire fabrikkar og forretningar: Bruland Skreddarforretning (etb. 1890), sagbruk og høvleri i Ervik ved Førdefjorden og meieri i Angedalen. Moderniseringa av landet og det store hamskiftet hadde også nådd ut til distrikta og tettstaden Førde.

 

Turisme og laksefiske

 

I 1860 bygde skysskaffar Gunnar Hafstad Hafstad Hotell, som no i dag er Førde Hotell. Hotellet dreiv han til 1892, då sonen Harald tok over. To år seinare måtte systera til Harald ta over drifta, då Harald drukna, og ho skulle stå for drifta av hotellet i over førti år. Hafstad Hotell var ein særskild populær tilhaldstad for dei utanlandske laksefiskarane som kom til Førde for å fiske i Jølstra. Berre 6 år etter at Gunnar Hafstad bygde Hotell på sørsida av elva, kom det opp eit hotell på Skorpa. Reinhard Steen Sivertsen kjøpte eigedomen som G.Schults hadde på Skorpa, og bygde vidare ut både landhandel, bakeri og hotell. Når det nærma seg hundreårsskifte, hadde Hotell Sivertsen vorte bygd mykje ut, og her var mellom anna telegrafstasjonen plassert. Laksefisket i Jølstra Ein av årsakene til at det kom ein del turistar til Førde, var grunna elva Jølstra, som var lakseførande opp til Brulandsfossen. Bebuarane kunne både hente mat og pengar ut av elva, og bøndene som elveeigarar kunne tene mykje pengar på å vere klepparar og roarar for velståande folk frå både Noreg og utlandet. lakseførande opp til Brulandsfossen. Førde elveeigarlag blei skipa på 1870-tallet for å kunne organisere fisket og forvaltningstiltak. Nokon av desse tiltaka var å frede ei sone frå fisking og å starte eit statsstøtta klekkeri i 1879. Fleire velståande personar leigde elva, mellom anna den engelske hertugen John Winston-Churchill, engelskmannen J. W. Knight Bruce og bergensaren Thorvald Beyer. Thorvald Beyer eigde mange klekkeri rundt i Noreg, og han bygde eit klekkeri ved Jølstra i 1890. Ved klekkeriet la han inn m.a. rogn frå den storvakse laksen frå Årøyelva ved Sogndal. Han selde også laksesmolten til andre elvar i distriktet. I tillegg til klekkeria, dreiv han eit turistbyrå og marknadsførte laksefisket gjennom sitt eige blad, Beyer`s Weekly News. Det førte ein del engelske turistar til Førde, og hotella i Førde tente godt på desse velståande laksefiskarane.

 

 

 

 

CC BY-NC 4.0 Førde: Tettstaden i utvikling 1860- 1900 av Elise Frøyen er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Elise Frøyen, Karoline Høyvik, Stian Skålsvik og Daniel Shanks, 2008
Klassetrinn: Vg3 Hafstad vidaregåande skule
Kjelder: http://www.nrk.no/sfj/leksikon/1121203.html http://fylkesarkiv.no/
Kommune: Førde